JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Tariffavtale

Raudt vil undersøke arbeidsforholda i Olivia – truar med å ta frå restaurantane skjenkebevillinga

Etter avsløringane om lønnstjuveri og påstandar om press og truslar for å hindre fagorganisering på Olivia-restaurantar, krev Raudt at Oslo kommune tar grep.
Raudt-politikarane Mímir Kristjánsson på Stortinget og Siavash Mobasheri i bystyret i Oslo.

Raudt-politikarane Mímir Kristjánsson på Stortinget og Siavash Mobasheri i bystyret i Oslo.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

I over fem veker har 15 Fellesforbundet-medlemmar på Oliva Hegdehaugsveien i Oslo streika for tariffavtale og betre lønns- og arbeidsvilkår.

Gjennom streiken har både fagforeininga og ei rekke Fellesforbundet-medlemmar på ulike Olivia-restaurantar fortalt om press og truslar frå leiinga for å få tilsette til å melde seg ut av Fellesforbundet og ikkje snakke med kvarandre om fagorganisering eller tariffavtale.

Trakassering og diskriminering av fagorganiserte er ulovleg, slår arbeidsmiljølova fast.

Også ulovlege trekk frå lønna når kundar stikk av frå rekninga, har blitt avdekt av Nettavisen.

– Da bør det blinke ei varsellampe, meiner gruppeleiar for Raudt i bystyret i Oslo, Siavash Mobasheri.

Raudt-politikar Siavash Mobasheri i bystyret i Oslo.

Raudt-politikar Siavash Mobasheri i bystyret i Oslo.

Tormod Ytrehus

Krev undersøking av Olivia

Raudt krev no at byrådet går inn og undersøker arbeidsforholda på Olivia-restaurantane i Oslo.

– Vi forventar at byrådet og næringsetaten sjekkar alvorlege påstandar om brot på arbeidsmiljølova og andre arbeidslivsreglar, seier Mobasheri til Magasinet for fagorganiserte.

I yttarste konsekvens bør serveringsstadane miste skjenkebevillinga, meiner Raudt-politikaren.

– Byrådet må bruke den alkoholpolitiske planen der det står tydeleg og klart at vi skal ha seriøse næringsdrivande.

Mobasheri seier Raudt har stilt fleire skriftlege spørsmål til byrådet for å finne ut kva føringar den alkoholpolitiske planen som er vedtatt av bystyret, legg for det seriøse næringslivet i Oslo.

Siste om streikene i Oslo: Sympatistreik skal stanse varelevering til Olivia og 360 Logistics

Kan ta skjenkebevillinga

Også partikollega Mímir Kristjánsson, medlem i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, meiner Oslo kommune må komme seg ut og kontrollere arbeidsforholda i Olivia.

– Det er akkurat det same skjenkekontrollen gjer om dei veit at det er utestadar der det er fult kaos med bråk i køen eller folk er drita fulle eller folk får skjenking når dei er mindreårige. Da går ein og sjekkar om det er tilfellet. Og om det er det, så tar ein affære, seier han til Magasinet.

Kristjánsson viser til eit brev frå regjeringa til Stortinget i fjor haust. Det meiner han slår fast at kommunane kan stille krav til utestadar om arbeidsmiljø og reglar i arbeidslivet, kontrollere krava og eventuelt ta frå dei skjenkebevillinga.

– Det er hundrevis av stadar som vil ha skjenkebevilling i Oslo. Ein må prioritere dei som er seriøse, elles blir dei jo utkonkurrerte.

Raudt-politikar Mímir Kristjánsson på Stortinget.

Raudt-politikar Mímir Kristjánsson på Stortinget.

Tormod Ytrehus

Vil ikkje undersøke arbeidsforholda

Svaret frå byrådet er ikkje godt nytt for Raudt-politikarane.

«Jeg kjenner bare denne saken gjennom media og vi går naturlig nok ikke inn i enkelte arbeidskonflikter basert på dette», svarer byråd for næring og eigarskap, Rina Mariann Hansen frå Arbeidarpartiet, ein epost til Magasinet.

Ho legg til at det er jobben til Arbeidstilsynet å kontrollere arbeidsforholda, at tilsynet har riktig kompetanse og at Oslo kommune gjennomfører løpande vandelskontroll der skjenkestadane blir sendt på høyring til Arbeidstilsynet.

Olivia-leiinga svarte til Nettavisen at Olivia ikkje lenger praktiserer trekk frå lønna når kundar stikk av frå rekninga, og at dei var i ferd med å fjerne regelen frå personalhandboka da avisa tok kontakt.

Restaurant-gruppa har tidlegare sagt til Magasinet at dei ikkje kjenner seg igjen i påstandane om press og truslar for å hindre fagorganisering og tariffavtale. Dei meiner det er Fellesforbundet og fagorganiserte som driv med press og truslar mot uorganiserte tilsette.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse