Karim ønsker seg ytringsfridom for tilsette i restaurant-gruppa Olivia.
Tormod Ytrehus
Streiker for tariffavtale
Pizzakokk slår alarm om Olivia-restaurantar: – Du blir straffa for å seie kva du meiner
Press, truslar og fryktkultur hindrar fagorganisering, hevdar tilsett på Olivia Tjuvholmen i Oslo.
tormod@lomedia.no
På Olivia i Hegdehaugsveien i Oslo er Fellesforbundet-medlemmar gjennom si andre veke i streik for tariffavtale.
Fleire Magasinet for fagorganiserte har snakka med, melder om press og truslar for å få tilsette til å melde seg ut av Fellesforbundet.
Pizzakokken Karim på Olivia Tjuvholmen seier no at dette ikkje berre gjeld i Hegdehaugsveien.
Han fortel om tilsette som blir pressa og trua til ikkje å fagorganisere seg, og er redde for å snakke med kvarandre om fagorganisering. Han seier tilsette som kritiserer leiinga blir straffa. Og han ønsker seg ytringsfridom for dei tilsette.
Karim vil ikkje stå fram med etternamn i frykt for å bli diskriminert dersom han må søke jobb i framtida.
Nå streiker ansatte hos populær Oslo-restaurant: – Vi har ikke en verdig lønn
Kasta ut frå tilsette-gruppe
Tunisiaren har jobba i Olivia i fem år, først i Østbanehallen og dei siste tre på Tjuvholmen.
Han er glad for å bu i eit land med demokrati, ytrings- og organisasjonsfridom – og ville engasjere seg for betre lønns- og arbeidsvilkår.
– Mange startar og sluttar fort, fordi lønns- og arbeidsvilkåra er for dårlege. Det er det Olivia baserer drifta si på, meiner han om det Olivia har kalla ein naturleg turnover.
I fjor starta Fellesforbundet-medlemmen ei gruppe på Olivia sin Workplace (plattforma til Facebook for kommunikasjon i bedrifter) der tilsette kunne diskutere fagorganisering. Rundt 200 tilsette i Norge, Sverige og Finland var medlemmar i gruppa «Stand up for your rights».
Same dag som tilsette på Oliva i Hegdehaugsveien gjekk ut i streik, forsvann både profilen og gruppa hans. Seinare fekk han profilen tilbake, men gruppa er framleis borte.
– Eg har ikkje fått svar på kvifor, fortel Karim.
Magasinet har også snakka med Fellesforbundet-medlem og tidlegare Olivia-tilsett Une Johnsen, som fortel at ho i 2020 vart fjerna frå Workplace etter at ho hadde fremma eit lønnskrav og sagt at ho var i kontakt med Fellesforbundet.
Sjå svaret frå Olivia-leiinga lengre ned i saka.
Da Olivia-streiken starta, vart Fellesforbundet-medlemmen kasta ut frå ei tilsettegruppe.
Tormod Ytrehus
Press, truslar og fryktkultur
Pizzakokken på Tjuvholmen har lenge prøvd å organisere kollegaane sine. Men i tillegg til at mange tilsette sluttar, seier han ei utfordring er at folk er redde for å snakke om fagorganisering.
Han skildrar ein fryktkultur i Olivia.
– Du blir straffa for å seie kva du meiner, hevdar Karim.
• Han seier han har opplevd at tilsette som har vore kritiske til leiinga ikkje får forfremming, uavhengig av kompetanse og ansiennitet.
• Han seier kollegaar har fått beskjed frå leiarar om at dei kjem til å miste timar dersom dei fagorganiserer seg.
• Og han seier kollegaar har fått beskjed om at dei kjem til å miste fleksibiliteten i arbeidstid som gjer at dei kan ha to jobbar for å betale rekningane, eller få fri på eksamen.
– Det er feigt av leiarane å presse uerfarne studentar og innvandrarar som ikkje kan norsk, til ikkje å fagorganisere seg.
Tidlegare Olivia-tilsett Johnsen som jobba på avdelinga i Østbanehallen, fortel også om telefon frå sjefen og beskjed om at ho og kollegaane ikkje fekk snakke om tariffavtale.
Støtte til streikende restaurantarbeidere: – Dere er arbeidslivets helter
Kalla inn på møte
Olivia-leiinga har på si side hevda at presset kjem frå Fellesforbundet og dei fagorganiserte.
Pizzakokken på Tjuvholmen fortel at han nyleg vart kalla inn på eit møte med leiinga og verneombodet, der han vart skulda for å presse ein kollega til å melde seg inn i Fellesforbundet. Han seier han har fått vite frå kollegaar at dei har vore i møte om ham.
– Olivia prøver å dempe meg på den måten. Det er ubehageleg for både meg og kollegaane mine.
Karim vil at han og kollegaane skal føle seg frie til å snakke saman på jobb.
HR-direktør Kristin Arnkværn svarer at påstandane om press og truslar rett og slett ikkje er sanne.
Håvard Sæbø
Olivia hevdar kollegaar har varsla mot kokken
HR-direktør Kristin Arnkværn svarer i ein epost at Olivia ikkje er negative til fagorganisering og er opptatt av å følge spelereglane i arbeidslivet.
Ho svarer at gruppa på Workplace vart fjerna fordi «vi fått flere rapporter om at innholdet undergraver Olivia som arbeidsgiver, og at den sprer frykt og usannheter som er ødeleggende for både kultur og arbeidsmiljøet».
Påstandane om press, truslar og ein fryktkultur i Olivia er ikkje sanne, hevdar Arnkværn. Ho viser til medarbeidarundersøkingar som i fleire år har skildra «en rettferdig kultur med familiefølelse».
HR-sjefen hevdar Olivia har fått ei rekke varslingar frå kollegaar om pizzakokken, om «utilbørlig oppførsel, press om å melde seg inn i Fellesforbundet og ryktespredning».
«Det handler ikke om å dempe medarbeidereren, men om at vi har en plikt til å ivareta alle», skriv ho.
Ho seier til Magasinet at ho ikkje kjenner til at Une Johnsen vart kasta ut av Workplace, men viser til at Olivia har hatt mykje problem med Workplace og derfor bytter plattform no.
– Det er fritt fram å fagorganisere seg, gjentar ho og meiner det er rart dersom Johnsen og kollegaane har fått beskjed om ikkje å snakke om tariffavtale.
Streikene fortsetter i Oslo: – Vi er forberedt på å stå her lenge
Fordelar med å vere fagorganisert
Karim påpeikar at Arnkværn ikkje har vore til stade i samtalene mellom tilsette og leiarar på avdelingane.
Han seier at han ikkje har pressa nokon til å melde seg inn i Fellesforbundet, men skrive og snakka om fordelane med å vere fagorganisert – og forskjellane mellom tariffavtale og husavtala dei Olivia-tilsette har i dag.
– Det viktigaste er ytringsfridom og at vi får vere med å bestemme, slår han fast.
Mest lest
Leder i Fellesforbundet, Jørn Eggum, har tidligere argumentert for at uføre skal ha rettigheter i en AFP-ordning. Det har vedtaket på Fellesforbundets landsmøte satt en stopper for.
Håvard Sæbø
Det blir ingen AFP-pensjon for uføre, slår Eggum fast
Tore Kristiansen / VG
Fersk måling: Nedtur for Høyre og Erna Solberg
Målet med møtet på Stortinget er å høre hva Teslas norske ledelse mener om et organisert arbeidsliv.
Nam Y. Huh / AP / NTB
Tesla Norge innkalles til hastemøte på Stortinget
Fra lønnsoppgjøret 2023. (Arkivbilde)
Tormod Ytrehus
De avgjorde din nye lønn. Se hva toppene i arbeidslivet tjener
På kaotiske dager med snø er det viktig å si ifra til arbeidsgiver hvis du ikke rekker fram i tide.
Ole Palmstrøm
Forsinka på jobb fordi det er snø? Dette er reglene
I august 2017 fjernet Forsvaret et tillegg som ansatte med undervisningsplikt hadde, kalt «skoletillegget». 10. mars 2023 vant offiserene over Forsvaret i lagmannsretten, noe som resulterte i utbetalinger på 100 millioner kroner.
Sebastian Christiansen / Forsvaret
Over 400 i Forsvaret får nå etterbetalt store summer
Nav skal fra 1. juli 2024 hjelpe mottakere av sosialhjelp med telefonregninga eller bussbillett hjem til familien.
Colourbox
Folk på sosialhjelp får mer. Se hva det betyr her
Jonas Gahr Støre og resten av Ap-ledelsen vil lytte til folket når de nå skal utvikle ny politikk.
Jan-Erik Østlie
Ap ber om hjelp. Nå kan du si din mening
Ole Palmstrøm
FHI-ansatte beholder jobben. – Nå kan jeg ta jul med senkede skuldre
Yara-direktør og president i NHO, Svein Tore Holsether, er suveren vinner på inntektstoppen blant arbeidsgivere og fagforeningsledere.
REUTERS/Victora Klesty
Sjekk inntekten til over 130 topper i arbeidslivet
Erlend Angelo
Catos epost diskutert i Høyesterett: – Helt uvirkelig at det havnet her
NY RAPPORT: Fagbladet har fått innsyn i en spørreundersøkelse som 221 av landets 260 Nav-kontorer har svart på.
Ørn E. Borgen / NTB
Regjeringen lovet et «rausere» Nav. Her er fasiten
Plutselig dukker ikke lønna opp som avtalt. Da er det greit å vite hvilke steg man må ta.
Colourbox
Seks råd til folk som ikke har fått lønna de har krav på
BESKYTTELSE: Ettersom Xofigo er en radioaktiv medisin, må den pakkes godt inn og fraktes trygt.
Espen Solli
Medisinen de lager her, skal redde pasienter over hele verden
FÅR DET VERRE: Arbeidsledige som blir sanksjonert får enda strammere økonomi, mener Nav-forskerne.
Illustrasjonsfoto: Colourbox
Strengere regler for arbeidsledige virket ikke etter hensikten
Brannpersonellet på Avinors flyplasser må vente på kommunalt brannvesen.
Anne Marthe Vestre Berge
Brannfolk får ikke redde passasjerer fra røykfylte fly: – Jeg frykter at liv skal gå tapt
– Dette med rus og alkohol er fortsatt tabulagt og oppleves av mange som noe privat, sier rådgiver i Akan kompetansesenter.
Sissel M. Rasmussen
Drikker du for mye med kollegaene dine?
Leder i Elektroarbeidernes fagforening i Trøndelag stoler mer på Fellesforbundet enn på LO.
Torgny Hasås
Uføre må være med i ny AFP, mener fagforeningsleder
Etter to år venter sjøfolk fortsatt på reglene som skal gi norske lønns- og arbeidsvilkår i norske farvann.
Tri Nguyen Dinh
Intern strid i regjeringen kan hindre at sjøfolk får norsk lønn i norske farvann
FRYKTER REKRUTTERINGEN: Roy Omsland ved Skogmo VGS i Skien sier de kan gi all praktisk opplæring på skolen. Ulempen er at det blir vanskeligere for elevene å få læreplass etter skolen, siden elevene da ikke får vist hva de duger til mens de er utplassert i en bedrift.
Håvard Sæbø