Pizza- og pastarestauranten i Oslo nektar å inngå tariffavtale med Fellesforbundet. No er tilsette klare til å streike for betre lønns- og arbeidsvilkår.
Tormod Ytrehus
Tariffavtale
Streik kan stenge populær restaurant: – Forsøkte å presse tilsette ut av fagforeining
Olivia Hegdehaugsveien kan måtte stenge frå 15. februar. Da går tilsette ut i streik, dersom arbeidsgivaren ikkje inngår tariffavtale.
tormod@lomedia.no
– Vi har ikkje ei verdig lønn, seier tillitsvalt Kasim Shah som forklaring på kvifor Fellesforbundet-medlemmane vil ha tariffavtale.
Men restaurant-gruppa Olivia nekta å signere da Fellesforbundet sende tariffkrav i midten av september.
Heller ikkje hos Riksmeklaren førre veke vart partane einige om å inngå tariffavtale på avdelinga i Hegdehaugsveien.
Fellesforbundet har derfor varsla streik for 25 medlemmar frå og med 15. februar. Da må truleg kjøkkenet stenge, og folk må kjøpe seg pizza og pasta andre stadar.
– Fiendtleg leiing forhindrar avtale
– Leiinga hos Olivia har vore veldig fiendtlege mot Fellesforbundet. Dei har prøvd heile vegen å forhindre ei tariffavtale. Dei har heller ikkje anerkjent Fellesforbundet sin tillitsvalt, fortel Lillian Knutsen i Fellesforbundet avdeling 10 til Magasinet for fagorganiserte.
Arbeidsgivaren har trua med at ei anna bedrift som nyleg fekk tariffavtale, måtte legge ned avdelingar, noko som ikkje stemmer, hevdar Knutsen.
– Vi har også fått tilbakemeldingar frå medlemmar som seier dei har blitt forsøkt pressa ut av Fellesforbundet av arbeidsgivaren. For nokre har presset blitt for stort.
Olivia-gruppa kjenner seg ikkje igjen i dette. Sjå heile svaret lengre ned i saka.
Merethe Solberg og Lillian Knutsen i Fellesforbundet avdeling 10 førebur seg på streik blant medlemmar på Oliva Hegdehaugsveien.
Tormod Ytrehus
– Tariffavtale er eit minstekrav
Det er ikkje ofte tilsette må streike for tariffavtale.
Førre gong det skjedde i Fellesforbundet avdeling 10, som organiserer restauranttilsette i Oslo, var streiken på Godt Brød i Nydalen for fire år sidan.
– Vi ønsker ikkje streik, men at arbeidsgivar på lik linje med tilsette ser viktigheita av tariffavtale og samarbeid. Det er eit minstekrav i arbeidslivet med avtaler som sikrar gode lønns- og arbeidsvilkår, seier fagforeiningsleiar Merethe Solberg til Magasinet.
Den Oslo-baserte Olivia-gruppa har også fire andre avdelingar i hovudstaden, og avdelingar i Bergen, Trondheim, Stavanger og Lillestrøm, i tillegg til i Sverige og i Finland.
Majoritetseigar er investeringsfonda til norske Herkules Capital.
På Peppes ordna sjefen tariffavtale i rekordfart: – Dei tilsette ville ha det, da måtte dei jo få det
– Ikkje råd til å jobbe
– Det har vore veldig intenst, men stemninga blant dei tilsette er god. Vi har fått mykje støtte frå fagforeininga, seier tillitsvalt Shah til Magasinet.
Han er servitør og bartender på Olivia Hegdehaugsveien. Han tok i fjor sommar over arbeidet med å få på plass tariffavtale på Olivia-avdelinga.
Han var lei av å miste kollegaar til andre restaurantar med høgare lønn, fortel han.
– Vi er som ein stor og samansveisa familie, med fantastisk arbeidsmiljø. No mistar vi ein del av familien fordi dei ikkje har råd til å jobbe her, forklarer han.
Pizza- og pastarestauranten i Oslo nektar å inngå tariffavtale med Fellesforbundet. No er tilsette klare til å streike for betre lønns- og arbeidsvilkår.
Tormod Ytrehus
Han trekker også fram prisveksten, på både mat og straum, som grunn til at lønna må opp no.
Alle kokkane har organisert seg i Fellesforbundet, ifølge Shah, noko som betyr at kjøkkenet blir stengt under ein streik.
Han fortel at kokkane er arbeidsinnvandrarar og at fleire finansierer familie i heimlandet. Dei jobbar lange dagar for å tene mest mogleg pengar, forklarer han.
– Mange er redde for å miste jobben. Men eg er oppvaksen her og kan lovene, slår han fast.
– Det er så viktig at dei tør å ta kampen, seier fagforeiningsleiar Solberg.
Vil ha kraftig lønnsauke i bransjen: – Basert drifta på billig arbeidskraft i mange år
– Fellesforbundets avtale er mykje betre
Olivia Hegdehaugsveien har frå før ei såkalla husavtale om lønns- og arbeidsvilkår.
No krev Fellesforbundet-medlemmane altså Riksavtala som er ei landsdekkande tariffavtale for heile bransjen.
– I sum er tariffavtala til Fellesforbundet mykje betre, meiner tillitsvalt Shah.
Han listar opp fordelar dei tilsette får med tariffavtala til Fellesforbundet: kvelds-, natt- og helgetillegg, ansiennitetstillegg og høgare overtidstillegg.
I tillegg trekker han fram at vaktlistene ikkje kan endrast på kort varsel utan samtykke frå dei tilsette.
– Leiinga hos Olivia har vore veldig fiendtlege mot Fellesforbundet. Dei har prøvd heile vegen å forhindre ei tariffavtale, seier Lillian Knutsen i Fellesforbundets avdeling 10.
Tormod Ytrehus
Meiner tariff er god reklame
Fagforeiningsleiar Merethe Solberg legg til: rett til lokale lønnsforhandlingar, velferdspermisjon med lønn blant anna for å gå til lege, godtgjering for vask av uniform, få dekt sko, ei veke meir ferie med lønn og lønn heile dagen når ein blir sjuk på dagen eller sendt heim.
Fagforeininga meiner dessutan at tariffavtale er god reklame og bra for omdømmet til bedriftene.
– Vi blir ringt ned av folk som lurer på kva restaurantar med tariff dei kan ete på. Folk har blitt meir og meir opptatt av det, forklarer Knutsen som jobbar på kontoret i fagforeininga.
– Espresso House har nyleg fått tariffavtale på fleire avdelingar, og dei klarer å drive med både låge prisar og gode lønns- og arbeidsvilkår, legg Solberg til.
Espresso House: De tilsette sakna ein tariffavtale. Nå har Rehana (20) fått til noko ingen har klart
Kjenner seg ikkje igjen
HR-direktør Kristin Arnkværn i Olivia-gruppa kjenner seg ikkje igjen at tilsette har blitt pressa til å melde seg ut av Fellesforbundet.
Det er fritt val om du vil vere medlem i eit fagforbund eller ikkje i Norge, slår ho fast.
– Men det er trist å høyre at det er opplevinga. Det er ikkje sånn vi ønsker å bli oppfatta, seier ho.
– Vi ønsker at dei som jobbar hos oss skal ha eit val. Vi ønsker å følge det som dei fleste vil, og opplevinga vår er at husavtala som er framforhandla av våre eigne medarbeidarar, er noko dei aller fleste medarbeidarar ønsker.
– Vi stiller oss ikkje i vegen for tariffavtale og ønsker at fleirtalet skal få det dei ønsker, seier HR-direktøren i Olivia-gruppa.
Tormod Ytrehus
Arbeidsgivaren og Fellesforbundet-klubben er også ueinige om kor mange som faktisk jobbar på restauranten.
Klubben hevdar at rundt 55 tilsette jobbar på kjøkkenet og i restauranten, mens HR-direktøren viser til at 79 tilsette er registrert med Hegdehaugsveien som arbeidsstad.
– Vi fekk ei liste frå Fellesforbundet som er utdatert, der sju medlemmar har slutta hos oss og sju har meldt til driftssjefen ved Hegdehaugsveien at dei ønsker å melde seg ut, men ikkje får lov til det. Det betyr for oss at fleirtalet ønsker avtale med husforeininga. Vi stiller oss ikkje i vegen for tariffavtale og ønsker at fleirtalet skal få det dei ønsker.
HR-direktøren kjenner seg heller ikkje igjen at tilsette sluttar på grunn av lønna.
– Vi er førti prosent større på sommaren, så vi har naturlege endringar i arbeidsstaben. Vi har ein turnover som er studentar og unge menneske på veg i livet.
Les meir: Andreas (27) er usikker på kor lenge han haldar i servitøryrket: – Vi står, går og berar hele tida
Mest lest
Gravemaskinfører Jørgen Reinskås vil sette lys på saken sin så andre slipper å oppleve det samme.
Tone Tveit
Jørgen (70) ble filleristet i gravemaskinen, men får småpenger i erstatning
IKKE SETT PÅ MAKEN: Distriktssekretær i EL og IT Nordland, Ulf Iversen, sier han ikke har sett maken på sine 40 år som tillitsvalgt og ansatt i distriktet. – Hadde ikke trodd det var mulig, sier han.
Knut Viggen
Hovedtillitsvalgt utestengt og oppsagt: – Hadde ikke trodd at dette var mulig
Eivind Senneset
Veien fram til i dag har vært lang og full av skam for Martine. Nå føler hun at hun kan puste
Arne Birkemo
Avdekket mareritt på Stavanger-restaurant: – Det verste jeg har sett
I fjor streika ansatte i mange private barnehager for å bli med i tidligpensjonsordninga Fellesordninga for avtalefestet pensjon.
Bjørn A. Grimstad
Flere skal få tidligpensjon – men ny AFP kommer heller ikke i år
– Årets lønnsforhandlinger blir vanskelige, tror LO-lederen.
Leif Martin Kirknes
LO forbereder storstreik: Dette kravet må innfris
Arbeidsmiljøloven sier at nattarbeid, som defineres som arbeid mellom klokka 21 og 06, ikke er tillatt med mindre «arbeidets art gjør det nødvendig». Men det gjelder ikke ansatte i varehandelen. (Illustrasjonsfoto)
André Kjernsli
Skal vurdere om butikkansatte kan jobbe etter klokka 21 om kvelden
Klubbleder Mohammed Malik ved Tine i Oslo mener det er oppsiktsvekkende at noen må streike for tariffravtale i 2023. Derfor er klubben klar for sympatistreik.
Erlend Angelo
Stanser varelevering til Oslo-restaurant: – Ønsker å vise vår støtte til de streikende
Frøydis Falch Urbye
Skal du jobbe i påska? Her er rettighetene dine
Håvard Sæbø
Her skrur de ansatte av lysene i lunsjpausen for å spare strøm
Selv om det er mørke tall for befolkningen i Nord-Norge, tror fylkesdirektør Kristin Røymo i Nav troms og Finnmark at det finnes løsninger for bedre framtidsutsikter.
Guro Gulstuen Nordhagen
Unge arbeidstakere forlater Nord-Norge: – Åpenbart at det krever endring
Brian Cliff Olguin
LO-lederen angriper Wolt: – Hører ikke hjemme i norsk arbeidsliv
Det kan bli streik ved et av fartøyene som er tilknyttet Ekofisk-feltet i Nordsjøen. Industri Energi mener det foregår sosial dumping og krever tariffavtale.
ConocoPhillips Company
Det kan bli streik i Nordsjøen: – Dette er sosial dumping
Raudt-politikarane Mímir Kristjánsson på Stortinget og Siavash Mobasheri i bystyret i Oslo.
Tormod Ytrehus
Raudt vil undersøke arbeidsforholda i Olivia – truar med å ta frå restaurantane skjenkebevillinga
En kampklar Christopher Beckham er villig til å streike for at lønna skal øke mer enn prisene.
Leif Martin Kirknes
Beckham provosert etter lønnsfest-utspill. Nå varsles det streik
Å smelte glassfiber krever mye varme. Energiforbruket til 3B Fibreglass Norway på Birkeland tilsvarer det 8.000 husstander bruker i året. Strømprisene gjør det billigere å bruke propan enn ren elektrisk strøm.
Tormod Ytrehus
Femdobling av strømutgiften kan knekke sørlandsbedrift
Randi Knutli (t.h) anbefaler andre som står i omstillingsprosesser å undersøke jobbmulighetene utenfor Posten. Posten har støtteordninger for de som tar ny jobb andre steder eller vil omskolere seg. – Det er et knallgodt råd, og ordningene er gode, sier leder Judith Olafsen i Fagforbundet Post Nord-Norge.
Alf Ragnar Olsen
Da jobben sto i fare, startet Randi på et helt nytt eventyr
De ansatte krever at klinikkleder Bjørn Bendz og avdelingsleder Arnt Fiane fratrer sine stillinger umiddelbart.
Lise Åserud / NTB
Ansatte ved Oslo-sykehus krever at ledelsen går av
Et passasjertog kolliderte med et møtende godstog i Hellas natt til 1. mars. 57 ble drept og flere titalls passasjerer ble skadet.
Vaggelis Kousioras / AP / NTB
Det greske raseriet: Jernbaneulykken var en ventet katastrofe
– Jeg kjenner flere barnepleiere som har lyst til å gå veien videre for å bli sykepleier. La oss få lov. Samfunnet vil ikke angre, sier Henrikke Tresselt.
Jan-Erik Østlie