JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lokal lønnskamp

Slik jobber Stian, Erling og Kenneth for å få høyere lønn

Eksploderande prisvekst, utolmodige medlemmar og trugslar om gå sakte-aksjon. Verftet i Verdal er ein av mange arbeidsplassar der arbeidsfolk no skjer ut sin del av kaka.
– Det skal vere ubehageleg, seier Stian Sagvold om lønnsforhandlingar. Her flankert av nestleiar Erling Falstad og sekretær Kenneth Hernes, på veg til klubbmøte.

– Det skal vere ubehageleg, seier Stian Sagvold om lønnsforhandlingar. Her flankert av nestleiar Erling Falstad og sekretær Kenneth Hernes, på veg til klubbmøte.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

– Det er eit skambod, og det har eg sagt til dei. Men eg vil ikkje ha dokker forbanna enno, for no er det 14 dagar pause i forhandlingane.

Inne i ein sal på eit av bygga på verftet ute på Ørin i Verdal, har over 130 Fellesforbundet-medlemmar samla seg til eit klubbmøte for dagskiftet. Aker Solutions-kjeledressar fargar rommet raudt.

Klubbleiar Stian Sagvold har fortalt om gårsdagens tilbod om lønnstillegg frå bedriftsleiinga.

– Vi veit at forhandlingane skaper engasjement, så det er viktig at dokker får fakta om kva som går føre seg og at dokker kjem med innspel.

Når vi les avisene på vårparten verker det som om lønna vår blir forhandla fram på eit møterom i Oslo.

Men i skuggen av blitsregnet i hovudstaden, skjer det tusenvis av lokale forhandlingar på arbeidsplassar landet rundt. Der blir dei lokale lønnstillegga forhandla fram.

Størsteparten av lønnsveksten skjer faktisk lokalt for dei fleste av Fellesforbundet-medlemmane. Gjennom årlege forhandlingar ute på arbeidsplassane, skjer opp mot 80 prosent av lønnsveksten i industrien. Dei store verftsklubbane er lokomotivet.

Magasinet for fagorganiserte har fått bli med bak kulissane i den «hemmelege» prosessen der lønna blir forhandla fram.

Emosjonell berg og dalbane

Dagen før klubbmøtet sit forhandlingsutvalet inne på eit møterom i administrasjonsbygget på verftet. Det er Sagvold, nestleiar Erling Falstad og sekretær Kenneth Hernes i Verkstedklubben Aker Verdal. Tidlegare på dagen har dei fått «skam-bodet» på 3,50 kroner meir i timen.

No er det opp til klubben å skape rørsle i forhandlingane. Forhandlingsutvalet har eit såkalla særmøte før dei skal møte bedrifta igjen med eit nytt krav. Dei pakkar med seg papir og datamaskiner og går til eit anna møterom. Sjette forhandlingsdag er godt i gang.

Dei tre karane er ved godt mot når dei plukkar opp journalisten i kantina etter ein times tid. Møtet med bedriftsleiinga starta med stort alvor. Lønnsforhandlingar er ei emosjonell berg- og dalbane.

Sagvold er ikkje ein blid familiefar for tida. For dette er såpass krevjande at han tar det med seg heim, og årets lønnsforhandlingar er hans første som forhandlingsleiar. Det har vore kjenslefulle forhandlingar i år, og det har vore nære på at forhandlingane har stranda.

Engasjerte medlemmar i klubben er viktig for gode lokale lønnsforhandlingar. Både for at demokratiet skal funke, og for at det skal ligge makt bak krava.

Engasjerte medlemmar i klubben er viktig for gode lokale lønnsforhandlingar. Både for at demokratiet skal funke, og for at det skal ligge makt bak krava.

Tormod Ytrehus

Enorme forventingar

Etter å ha gjort nokre førebuingar, er det klart for styremøte inne på klubbkontora. Sagvold informerer styret om status i forhandlingane på dei ulike krava. Styremedlemmane stiller spørsmål og fortel om diskusjonar som går på golvet. Ein litt morsk gjeng forlet til slutt styrerommet.

Forhandlarane på verftet kjenner på presset i år, for forventingane er enorme.

Bakgrunnen for årets lønnsforhandlingar er ein prisvekst utan like. Prisane var spådd til å stige med 3,3 prosent i år, men ligg no an til å auke mykje meir. Drivstoff, mat, renter – alt har blitt mykje dyrare for arbeidsfolk flest.

Verkstedklubben pressast til å presse ut maksimalt i kroner og øre.

Klubben har store krav, for no knip det i lommeboka til medlemmane.

Fire-fem argument

Ute på verftsområdet ligg kranene nede. Dei store understella til oljeplattformer som vanlegvis er eit landemerke langs E6, glimrar med sitt fråvær. Verftet i Verdal har vore gjennom ei tid med dårleg økonomi – lite arbeid, permitteringar og utleige av tilsette til andre bedrifter.

Men no er det like før det smell. Offshore vindkraft, oppdrettsanlegg og oljeplattformer skal byggast i Verdal. 300 nye skal tilsettast dei neste åra – og det i ei tid med låg arbeidsløyse og hard konkurranse om arbeidskrafta.

Derfor må jobbane vere attraktive. Det er fint å investere hundrevis av millionar i utstyr, men det er dei tilsette og kompetansen deira som er viktigast. Forhandlarane har argumentasjonen klar.

Tariffavtalene slår fast kva argument dei kan bruke i dei lokale lønnsforhandlingane. Fire kriterium for forhandlingane vart avtalt mellom LO og NHO i 1990. I industrien er det eit femte.

Arbeidsgivarane skal forklare situasjonen til bedrifta ut frå dei fem kriteria. Deretter er jobben til klubben å krevje sin del av kaka, altså av verdiane som bedrifta skaper. Klubben vil ikkje at kakestykket skal vere større enn at arbeidsplassen klarer seg i konkurransen med andre bedrifter.

No er verftet i Verdal så godt stilt når det gjeld kriteriet framtidsutsikter og kriteriet konkurranseevne, at lønna må opp. Det meiner iallfall forhandlarane i klubben.

Mye delt: To brødre kjøper en butikk i 1997. 17 år senere blir de siktet for menneskehandel

Falstad, Hernes og Sagvold riggar opp til klubbmøte og set på ei speleliste med arbeidarsongar på lydanlegget. Sånn får dei praten i gang, og stemninga er sett.

Falstad, Hernes og Sagvold riggar opp til klubbmøte og set på ei speleliste med arbeidarsongar på lydanlegget. Sånn får dei praten i gang, og stemninga er sett.

Tormod Ytrehus

Gå sakte

Om vi spoler tilbake til fjoråret, blir eit oppdrag kansellert midt i lønnsforhandlingane. Sagvold og klubben i Verdal er pent nøydde til å ta tilbodet som ligg på bordet. Framtidsutsiktene til bedrifta er dårlege – og klubben mistar kampmiddelet sitt fordi det ikkje er arbeid på verftet.

Kampmiddelet er «gå sakte-aksjon», og reglane står i tariffavtala. Om klubben og bedrifta ikkje blir einige om lønna, kan dei seie opp heile avtala om lønna med ein månads varsel. Etterpå skal dei tilsette jobbe mindre og får til gjengjeld mindre lønn.

Sånn blir dei pressa til å bli einige. Bedrifta får dårlegare inntening, mens dei tilsette får mindre lønn.

Sjølv om Verkstedklubben Aker Verdal berre har gått sakte to gongar sidan den vart stifta i 1969, fungerer moglegheita som ein trugsel som jamnar ut maktforholdet mellom arbeidsgivaren og tilsette.

For arbeidsgivarane gir ikkje ved dørene.

Ingen kjære mor

Ein del tillitsvalde forstår ikkje rolla si, meiner Sagvold.

Dei skal vere motstandarar til bedriftsleiinga under forhandlingar, ikkje samarbeidspartnarar. Lønnsforhandlingar er ein interessekonflikt der dei tilsette skal ta sin del av verdiskapinga. Det er ein lønnskamp.

Det er ingen søndagsskole eller kjære mor. Lønnsforhandlingar skal vere ubehagelege.

På Aker Verdal er alt vanleg samarbeid mellom klubben og bedrifta stoppa under forhandlingane, sånn at partane ikkje skal bli farga av lønnskampen. Etterpå er det ingen vonde miner, for forhandlarane er flinke på å skilje mellom sak og person.

Medlemmane må også skjønne at dei sjølve skal kjempe for høgare lønn ute på arbeidsplassane, meiner Sagvold. Forbundet sine forhandlarar i Oslo kan ikkje sørge for rettferdige lønnstillegg på kvar enkelt arbeidsplass.

Sånn må det vere i industrien.

Dei store verfta kjempar om dei same kontraktane. Vinn Aibel kontrakten, kan dei tilsette der ta ut meir av verdiskapinga, men ikkje dei på Aker.

Tormod Ytrehus

Lønnsvekst på grasrota

Lønnsforhandlingane er framleis eit godt stykke frå mål når Magasinet seier takk for seg og leverer besøkskort og verneutstyr i vakta.

På Aker Verdal er dei lokale forhandlingane ein lang prosess. Ja, nesten så lang at vi – som er vande til å høyre om lønnsforhandlingar som er gjort unna på eit par dagar – nesten ikkje trur våre eigne øyrer. Oppstarten var 13. juni, og målet er å bli ferdig innan 1. oktober.

Nesten fire månader, altså.

Medlemsdemokratiet er grunnen til den omstendelege prosessen. Heile 470 industriarbeidarar er med i klubben. Å involvere så mange i lønnsforhandlingar tar tid.

Da gjeld det å ikkje stresse.

Medlemmane i klubben skal stemme ja eller nei i lønnsforhandlingane ut frå kunnskap, ikkje kjensler. Da må dei få informasjon under vegs.

Medlemmane i klubben skal stemme ja eller nei i lønnsforhandlingane ut frå kunnskap, ikkje kjensler. Da må dei få informasjon under vegs.

Tormod Ytrehus

Siste ord får medlemmane, når dei skal stemme ja eller nei til resultatet i forhandlingane. Og dei skal stemme ut frå kunnskap, ikkje kjensler. Da må medlemmane bli informerte under vegs.

Engasjerte medlemmar er ein styrke under forhandlingane.

Om dei ikkje er nøgde med resultatet, skal klubben gå sakte for tredje gong gjennom historia.

Mye lest: Renholder Lucyna fikk sparken etter å ha forsynt seg av sjokolade

Lokale forhandlingar

Er vanleg i dei aller fleste bransjane til Fellesforbundet-medlemmane.

Gjeld tariffavtalene som har ei minstelønn, der ein på dei ulike arbeidsplassane skal forhandle seg opp frå golvet.

I tillegg til lønnstillegg, avtaler klubben og bedriftsleiinga lønnssystem, arbeidstidsordningar og ulike velferdsordningar.

Dette må lokale forhandlingar ta utgangspunkt i:

Tariffavtalene slår fast kva argument som kan brukast i dei lokale forhandlingane.

1. Økonomien til bedrifta

2. Produktiviteten

3. Framtidsutsiktene

4. Konkurranseevna

5. Den aktuelle arbeidskraftsituasjonen (Gjeld i industrien)

Køyreplanen til klubben i Verdal

13. juni: Lønnsforhandlingane startar gjennom eit styremøte i Verkstedklubben

7. juli: Bedrifta legg fram dei fem kriteria for forhandlingane

Gruppene i klubben (delt opp etter fagområde) har møte der dei vedtar lønnstillegg og andre krav

Innan 15. august: Arbeidsutvalet lager eit forslag til krav basert på forslaga frå gruppene

17. august: Klubbstyret vedtar krav (fordi mange medlemmar var på reise, vanlegvis vedtar klubbmøtet krav)

18. august: Medlemmane får informasjon om krava på klubbmøte

18. og 19. august: Forhandlingsutvalet leverer krava og får første tilbod frå bedrifta

Ved behov: Forhandlingsutvalet informerer om status gjennom ekstra styremøte, gruppemøte og klubbmøte

Klubbstyret vedtar å anbefale eller ikkje anbefale eit resultat i forhandlingane

Klubbmøtet stemmer ja eller nei til eit resultat i forhandlingane

Tips og triks frå forhandlarane i Verdal

• Ring og spør tillitsvalde i andre bedrifter, Fellesforbundet-avdelinga di og bransjerådet i avdelinga og forbundet. Ein treng ikkje finne opp krutet på nytt.

• Ta Fellesforbundet sitt «fagleg tillitsvalt»-kurs der du blant anna lærer om forhandlingar.

• Ikkje stress, forankre forhandlingane og forstå din rolle.

• Dokumenter alt dokker avtaler som ikkje står i tariffavtala, i ei særavtala som er signert av begge partar.

• Ikkje prøv å løyse store, viktige saker på kort tid. Set heller ned eit utval mellom klubben og bedrifta, som jobbar med saka fram til neste forhandling.

• Det å vise kjensler på eit skamtilbod høyrer heime. Men stopp heller møtet enn å la aggresjonen ta deg til det usaklege.

• Sjå på krav om å heve prosenten av lønna som går til obligatorisk tenestepensjon.

• Medlemmane må vere engasjerte. Medlemmane gjer tillitsvalde gode i forhandlingar. Tillitsvalde må vere gode til å forklare kva forhandlingane går ut på.

• Det bør ikkje vere splid i klubben under forhandlingane, men forskjellige meiningar er sjølvsagt sunt.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse