JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Fellesforbundet i Bertel O. Steen:

Slik skal Fellesforbundet styrke klubbane i store konsern

I motsetnad til arbeidsgivarsida, sit tillitsvalde i mange konsern i kvar sin bedrift utan å snakke saman. Det skal Fellesforbundet sitt organiseringsprosjekt gjere noko med.
Tillitsvalt Knut Martin Langerud, klubbmedlemmer Fredrik Myhre og Anders Gaasøy er alle alle bilmekanikarar ved Bertel O. Steen avdeling Jessheim.

Tillitsvalt Knut Martin Langerud, klubbmedlemmer Fredrik Myhre og Anders Gaasøy er alle alle bilmekanikarar ved Bertel O. Steen avdeling Jessheim.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

– Medlemskapen i fagforeininga er ein form for tryggleik dersom det skulle oppstå ein tvist, seier tillitsvalt Knut Martin Langerud på bilverkstaden til Bertel O. Steen avdeling Jessheim.

– Og så er det forsikringa på bilen då, ler bilmekanikar og klubbmedlem Anders Gaasøy og understrekar at truslar om omorganisering var den utløysande årsaka.

Spørsmålet frå Magasinet for fagorganiserte er kvifor dei melde seg inn Fellesforbundet. For får ein ikkje den same lønna uansett?

p

Makt i ei fagforeining

Nei, det gjer ein ikkje dersom det ikkje er fagorganiserte i bedrifta, forklarer Christoffer Heggholmen og Kenneth Sandberg. Avtalefesta pensjon, to prosent ekstra i feriepengar eller den femte ferieveka er nemleg ein del av tariffavtala.

– Jo færre fagorganiserte vi er, jo sterkare blir arbeidsgivaren. Det er ikkje sånn at rettane våre er skrivne i stein. Arbeidsgivarane har ikkje gitt dei til oss for å vere snille, seier Heggholmen.

Saka held fram under bildet.

Tillitsvald og bilmekanikar Christoffer Heggholmen (i midten) og organisasjonsarbeidar Kenneth Sandberg i Fellesforbundet (til høgre).

Tillitsvald og bilmekanikar Christoffer Heggholmen (i midten) og organisasjonsarbeidar Kenneth Sandberg i Fellesforbundet (til høgre).

Tormod Ytrehus

– Det handlar dessutan ikkje berre om lønn, men også om å bestemme over sin eigen arbeidskvardag. Ved omorganisering er innverknad gull verd, og den er nedfelt i tariffavtala, legg Sandberg til.

Heggholmen er tillitsvalt for bilmekanikarane på Bertel O. Steen avdeling Åsane i Bergen. 27-åringen har tatt på seg ein tre veker lang turné hos ulike bedrifter over heile landet. Med seg desse dagane har han organisasjonsarbeidar Sandberg i Fellesforbundet sin avdeling 1 Oslo og Akershus.

Organiseringsprosjekt

Denne oktoberdagen besøker dei klubbane hos Bertel O. Steen på Jessheim. Heggholmen har allereie vore i Midt-Norge, og fleire stadar står for tur.

Målet er ikkje lite: Medlemstalet skal gå frå 400 til 600, det skal vere tillitsvalt i kvar bedrift og betre samarbeid dei imellom. På sikt skal det føre til at dei tilsette får eit betre samarbeid med leiinga og større innverknad på lønns- og arbeidsvilkåra sine.

Saka held fram under bildet.

Tormod Ytrehus

I fjor viste nemleg Fellesforbundet sine bedriftsbesøk at Bertel O. Steen har færre medlemmer enn i resten av bransjen. Dessutan er det lite struktur på samarbeidet med leiinga, og tillitsvalde blir i liten grad spurde om råd når det blir gjort endringar på arbeidsplassen.

Det tradisjonsrike bil- og eigedomskonsernet driv med import og sal av bilar, i tillegg til verkstaddrift, med ein omsetnad på 15,9 milliardar og oppunder 2.600 årsverk i fjor.

Ingen bokklubb

Bertel O. Steen er ein av seks stadar der Fellesforbundet no legg inn ein ekstra innsats for å styrke organisasjonen. Felles for dei alle, er at dei er konsern.

Dei andre konserna er Nordic Choice Hotels, Lerøy, Mestergruppen, Asko og GK rør/inneklima. Organiseringsprosjektet blir gjort i samarbeid med avdelingane og koordinert av forbundet. Og det er ikkje eit reint verveprosjekt.

– Det er sånt bokklubbar driv med. I staden for å løpe rundt og verve, prøver vi å byggje opp ordentlege klubbar. Vi i Fellesforbundet treng ikkje medlemmer for kontingentinntektene si skuld. Vi vil ha sterke stemmer på arbeidsplassane, seier sekretær Kjetil Larsen i forbundet.

p

– Vi er veldig gode på å organisere i Fellesforbundet, men vi er dårlege på konsernnivå. Prosjektet handlar om å organisere ute på kvar enkelt bedrift, men også å byggje opp i konsernet sånn at vi har ein stemme der avgjerdene blir tatt, forklarer han.

Må snakke saman

No inviterer Fellesforbundet tillitsvalde og medlemmer i Bertel O. Steen til ei samling i desember, der dei skal lage eit nettverk på tvers av bedriftene.

«Det er forankra i konsernleiinga» er nemleg ofte svaret frå dagleg leiar når dei tillitsvalde er ueinige i ei avgjerd, forklarer tillitsvalt Christoffer Heggholmen. Ofte viser også leiinga til at dei tilsette har gått med på ei endring i andre delar av konsernet.

Derfor må dei tilsette ha ein representant på konsernnivå og klubbane må begynne å snakke saman, meiner Heggholmen.

– Eg har reist rundt, og folk har som regel dei same problema. Har du eit problem, er det stort sett nokon som opplever akkurat det same, forklarer han.

Annonse
Annonse