TENKER PÅ UKRAINA: Fellesforbundet-medlem Stanislav Klinchev seier det har det vore vanskeleg å konsentrere seg på jobben. – Eg ville helst dratt tilbake no, for å hjelpe vennane mine med å forsvare Ukraina.
Tormod Ytrehus
Krig i Ukraina:
Stanislav slit på jobb i Trondheim: – Eg ville helst dratt tilbake for å hjelpe vennane mine med å forsvare Ukraina
– Eg prøver å slutte å gråte, men eg tenker på barn og mødrer som sit i bomberom, seier kona Olga.
tormod@lomedia.no
Heime i stua på Byåsen i Trondheim leiker Braen (4) og Rayan (1). Kontrasten til bomberomma og krigen heime i Ukraina er stor.
Fellesforbundet-medlem Stanislav Klinchev kom til Norge i 2015 for å jobbe som snikkar. Olga Klincheva følgde på året etter.
Men dei siste fire dagane har hovudet til 34-åringane vore heime i Ukraina.
– 24. februar var eit sjokk. Krig i Ukraina … Eg sjekkar mobilen heile tida for informasjon, og eg tenker på vennar og gudbarn, seier Stanislav.
Både Stanislav og Olga er frå byen Dnipro sentralt i Ukraina, der dei møtte kvarandre på universitetet.
Olga har to onklar i Kyiv som høyrer eksplosjonar og skot. Familie og vennar seier at dei er redde for ulykker på atomkraftverka.
– Dei er kjemperedde, men dei har ikkje flykta. Det er vårt land, seier Olga bestemt.
Mye delt: Kateryna bekymrer seg for pappa i Kyiv: – Han har fylt badekaret med vann
HJELP FRÅ NORGE: Familien prøver å hjelpe heimlandet best mogleg frå Norge. Stanislav og Olga deltar i organiseringa av pakker med mat, kler og soveposer som blir køyrd frå Trondheim til ukrainske flyktningar i Polen.
Tormod Ytrehus
Sjølv om dei tenker mykje på familie og vennar, er Olga og Stanislav bekymra for alle ukrainarar no.
– Folk mistar fedrar, mødrer og barn. Ukraina er som sjela og hjartet mitt. Det er ei sterk kjensle. Kvifor er situasjonen sånn? Russland har eit stort land. Ukraina er mitt land, seier Olga.
Ho må stoppe litt opp når gråten tar ho, før ho held fram:
– Eg prøver å slutte å gråte, men eg tenker på barn og mødrer som sit i bomberom. Redde. Mødrer veit ikkje korleis dei skal forklare barna at det er krig. Dei er for små til å forstå. Eg tenker på korleis dei har det.
Kommentar: «Krigens pris må bli synlig for den jevne russer»
Hjelper så godt dei kan
For Stanislav har det vore vanskeleg å konsentrere seg på jobben.
– Eg ville helst dratt tilbake no, for å hjelpe vennane mine med å forsvare Ukraina. Men eg har kone og barn å forsørge, forklarer han.
Vennar og familie har fått utlevert våpen frå myndigheitene til å forsvare heimbyen Dnipro, fortel han. Innbyggarane har også fått opplæring i korleis dei lagar molotov-cocktails (små heimelaga brannbomber), fortel Stanislav og viser fram ein video på Facebook. Køane med folk som vil verve seg til forsvaret er så lange at folk blir avvist, seier han og viser fram eit anna bilde.
FØLGER MED: Stanislav følger med på mobilen heile tida, for å få med seg siste nytt frå Ukraina. Her viser han fram ein Facebook-video frå heimbyen Dnipro, der innbyggarane får instruksjonar i korleis dei lagar brannbomber dei kan forsvare byen med.
Tormod Ytrehus
Familien prøver å hjelpe heimlandet så godt dei kan frå Norge. Laurdag demonstrerte dei mot krigen saman med tusen andre på Torget i Trondheim. Saman med den ukrainske foreininga i byen har Stanislav og Olga organisert pakker med mat, kler og soveposar som søndag blir køyrd til flyktningane i Polen. Familien sender også litt pengar.
– Vi har ikkje så mykje til overs, men eg tenker at om alle hjelper litt, blir det mykje til saman, seier Olga.
Krig i Ukraina: Norske offiserer på Andøya jobber nå «alt hva remmer og tøy kan holde»
Solidariteten varmar
Stanislav og Olga er glad for at Norge bidrar med pengar til humanitær hjelp og at eit samla politisk Norge krev at Putin stoppar krigen. Ukrainarane kjenner også på solidariteten frå nordmenn flest.
– Naboar og kollegaer tenker på oss og spør korleis det går. Det varmar, seier Stanislav.
– Det er fint å sjå profilbilda på Facebook med ukrainske flagg. Støtta betyr mykje, seier Olga.
Stanislav viser fram ei norsk innsamling på Facebook, til flyktninghjelp, som han følger med på.
SAMLA FOLK: Braen (4) viser fram skiltet familien laga til demonstrasjonen i Trondheim laurdag. Krigen har samla det ukrainske folket og gjort at dei felles verdiane står sterkare enn aldri før, meiner mora Olga Klincheva.
Tormod Ytrehus
Håpar og trur på siger
Både Stanislav og Olga snakkar russisk, og Stanislav har russisk som morsmål. Dei har også familie og vennar frå Russland.
Det er ufatteleg trist at Putin går til krig på vegner av russarane som står ukrainarane så nær, meiner Stanislav og Olga. I Russland har fleire tusen demonstrert mot krigen og blitt arrestert av politiet.
Stanislav og Olga viser til at Ukraina har åtvara verdssamfunnet mot det som no skjer, etter at Putin invaderte og annekterte Krim i 2014.
– Vi har bedd om hjelp i mange år, men Nato og EU har brukt for lang tid, meiner Stanislav.
Han meiner det er veldig bra at Ukraina no får våpenhjelp frå vestlege land. Dei strenge sanksjonane mot Russland kan også hjelpe.
– Vi håpar og trur Ukraina kan vinne krigen og ta tilbake Luhansk, Donetsk og Krim. Alle hjelper oss no. Tida for å snakke er forbi.
Olga avsluttar:
– Krigen foreinar oss og gjer oss sterkare som nasjon. Vi blir sterkare for kvar dag, for kvar ukrainar som blir skoten på. Kva ville du følt om faren din, mora di eller barnet ditt vart skoten på? Livet i Ukraina blir nok aldri det same, men dei felles verdiane våre har berre blitt sterkare.
Mest lest
VIL UTVIKLE SEG: Helsefagarbeider Therese Madelen Nord-Kongskog vil gjerne ta en bachelorgrad for å kunne få mer ansvar og faglig utvikling i jobben.
Bjørn A. Grimstad
Helsefagarbeider Therese Madelen (33) vil bli sykepleier, men fagbrevet gir null poeng
Olje- og energiminister Terje Aasland tror at vi ikke kommer til å oppleve dagens strømsituasjon i framtida.
Martin Guttormsen Slørdal
Aldri mer strømkrise, lover energiminister Aasland
DYRT: Det kan koste arbeidsgjevarar fleire hundre tusen kroner i bot, om dei får tilgang til epost dei ikkje har lov til. Datatilsynet har sett eksempel på arbeidsgjevarar som fekk tilgang til privat epost til tilsette.
Colourbox
Sjefen fekk alle e-postane til den sjukmelde: Det enda med 400.000 kroner i bot
ULOVLIG: – Det er ikke rett fram for en arbeidsgiver å trekke ansatte i lønn, sier Petter Dreier.
André Kjernsli
Kiosksjef truet en ansatt med lønnstrekk ved mobilbruk
PEKER UT SYNDEBUKKER Enova har vært mer opptatt av å få folk til å spise mindre rødt kjøtt enn å få folk til å energieffektivisere, hevder Nelfo-direktør Tore Strandskog. Han gir politikerne skylda for det han mener er Enovas vage mandat.
Knut Viggen
Ut mot grønn strømavgift: Forbrukerne får lite tilbake
Kommentar
Under pandemien var det enklere for det gamle flertallet på Stortinget, som lå til høyre, å hente pengene til politikken sin med økt oljepengebruk. Det går ikke lenger, skriver Trygve Svensson.
Ole Berg-Rusten/NTB
«Hvordan hadde det vært om Listhaug og Solberg styrte nå?»
Sjeføkonom i LO, Roger Bjørnstad, er svært skeptisk til Norges Banks rentepolitikk.
Jan-Erik Østlie
LOs sjeføkonom: Norges Bank hever renta altfor mye
HUSK: Du må ha sykmelding fra lege, og huske å si fra til sjefen din hvis du blir syk i ferien og ønsker deg ny ferie med lønn senere.
Colourbox.com
Syk i ferien? Dette kreves for at du får ny ferie med lønn
HEKTISK: For hovedtillitsvalgt Joachim Andersen ved Eramet Sauda bestod mandagen av mange telefoner og rigging til streik ved smelteverket.
Petter Pettersen
For første gang på 52 år er det streik ved smelteverket i industribygda
22. august er alle skolene i landet i gang. (Illustrasjonsfoto)
Colourbox
Her tas lærerne i LO ut i streik. Se lista over uttaket
INNSYN: Har telefonen din ein MDM`app har du god grunn til å sjekke kva arbeidsgjevar sjekkar av informasjon om deg. Du har også krav på å få vite kva informasjon appen samlar inn og korleis den blir brukt.
Øystein Windstad
Har du jobbtelefon? Du anar ikkje kva sjefen kan finne ut om deg
Deltidsarbeid gir lavere lønn og pensjon, og gjør det vanskeligere å søk boliglån. (Illustrasjonsfoto)
Brian Cliff Olguin
Rapport: Nesten halvparten av butikkansatte som jobber deltid har ikke valgt det selv
En innsatt i Skien fengsel angrep nylig en fengselsbetjent med kokende olje. I etterkant har reaksjonene vært mange.
NFF
Overfallet i Skien fengsel: – Uforståelig at en innsatt der får tilgang på kokende olje
Håvard Haugen er ungdomstillitsvalgt og hovedtillitsvalgt for Industri Energi ved Hydro Årdal.
Egil Brandsøy
Håvard (26) tar mer ansvar i arbeidslivet enn eldre: – Vi må kjempe for godene
Folk på Østlandet og Vestlandet er mest fornøyd med strømstøtteordningen. (Illustrasjonsfoto)
Brian Cliff Olguin
1000 personer har blitt spurt om strømstøtta. Se hva folk har svart her
Tidligere partitopp i Arbeiderpartiet, Trond Giske, er blitt leder av det største lokallaget i partiet – Nidaros Sosialdemokratiske Forum i Trondheim
Beate Oma Dahle / NTB
Giske går mot regjeringens planer om kraftutbygging
Debatt
Energimarkedet undergraver framtidas fellesskap, skriver Aslak Sira Myhre.
Kai Hovden
«Nei, strøm er ikke vanskelig», skriver Aslak Sira Myhre
NTL-nestleder Ellen Dalen synes det er uheldig at mange sliter med å viske ut skillet mellom arbeid og hjem.
Ole Palmstrøm
Vi blander jobb og fritid mer etter pandemien: – Svært uheldig
DYRT OG OMFATTENDE: En streik i «kjemisk» kan ikke sammenlignes med et ølbryggeri, hvor man kan slå av og på i løpet av kort tid, sier tidligere leder Olav Støylen (80) i Norsk kjemisk Industriarbeiderforbund (populært kalt «Kjemisk»).
Industri Energi
Derfor blir det ekstra hett når lønna i smelteverkene skal forhandles. Veteran Støylen (80) forklarer
Jørn Eggum bekymrer seg for arbeidsplassene som nå opplever usikkerhet på grunn av et fullstendig løpsk strømmarked. (Illustrasjonsfoto)
Leif Martin Kirknes