Korte velferdspermisjonar:

Treng du permisjon med lønn? Dette har du krav på

Legetime, gravferd og foreldresamtale. Det lønnar seg å ha tariffavtale på jobben, også med tanke på livets små og store augeblink utanfor arbeidsplassen.

Du slepp å miste inntekt dersom du støttar sambuaren eller ektefellen din under fødsel.
Du slepp å miste inntekt dersom du støttar sambuaren eller ektefellen din under fødsel.
Publisert Sist oppdatert

JOBB

Har jobben din tariffavtale med Fellesforbundet eller eit anna LO-forbund? Da kan du ha rett til permisjon med lønn.

Dette blir kalla «korte velferdspermisjonar».

Hovudregelen er at permisjonane er for nødvendig tid, men ikkje varar lengre enn éin dag.

Innhaldet i avtalene kan variere frå forbund til forbund. Tariffavtalene i Fellesforbundet seier at jobben din skal gi korte velferdspermisjonar med lønn for minst:

• Dødsfall og gravferd i nærmaste familie, og gravferd for kollega i same avdeling.

• Undersøking, behandling og kontroll hos lege og tannlege, i tillegg til fysioterapeut og kiropraktor når folketrygda gir støtte til behandlinga. Gjeld når du ikkje kan få time utanfor arbeidstida. Lange reiser er ikkje ein del av permisjonen.

• Følge barn første gong i barnehage, og første gong i skole.

• Konferansetime i grunnskole, inntil to timar, når den ikkje kan leggast utanfor arbeidstida.

• Amming, inntil éin time om dagen, fram til barnet fyller eitt år.

• Resten av dagen når du må dra heim på grunn av sjukdom.

• Akutt sjukdom i heimen, føresett at du ikkje kan skaffe anna hjelp og er nødt til å vere heime.

• Fødsel eller innlegging på sjukehus for ektefelle eller sambuar.

• Flytting til ny fast bustad.

• Oppmøte på sesjon.

• Blodgiving, dersom det er vanskeleg å få til utanfor arbeidstida.

• Deltaking i konfirmasjonen til eigne barn.

Arbeid offshore (utan offshoretillegg, 12 timar per dag): Dødsfall og gravferder i nærmaste familie, akutt og alvorleg sjukdom i heimen og innlegging på sjukehus.

PS. Med tariffavtale på jobben får medforelder lønn under den lovfesta omsorgspermisjonen på to veker i samband med fødsel. Permisjonen kan også gjelde annan som hjelper mor, og for adoptiv- og fosterforeldre som overtar omsorgen for barn under 15 år.

NB! I all hovudsak gjeld desse reglane alle tariffavtaler i Fellesforbundet, men i nokre mindre avtaler kan det vere avvik.

NB!! Fellesforbundet-klubben og arbeidsgivaren din kan ha inngått betre avtaler, og da gjeld dei.

Rett som tillitsvalgt: Har jeg rett på fri for å gjøre tillitsvalgtarbeid? Her er ni vanlige spørsmål og svar

Powered by Labrador CMS