JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Tyske industriarbeidarar får kortare arbeidstid på grunn av færre ordrar. No vurderer Sverige same løysing

Den svenske regjeringa vurderer kortare arbeidstid som krisetiltak i nedgangstider.

Erlend Angelo

tormod@lomedia.no

Den økonomiske veksten stagnerer og tyske industribedrifter bruker no i større grad kortare arbeidstid for å takle færre ordrar.

Tyskland har ei ordning der staten kompenserer dei tilsette for ein stor del av bortfallet av inntekt dersom arbeidsgivar reduserer arbeidstida. Ordninga vart først tatt i bruk under finanskrisa frå 2008 for å hindre oppseiingar.

Svensk lovforslag

No vurderer svenskane, som også slit med færre ordrar, denne løysinga. I utgreeinga til eit lovforslag som regjeringa no behandlar, er det foreslått kortare arbeidstid som svar på kriser, skriv det svenske nyheitsbyrået TT.

p

– Vi vil at det kjem på plass så raskt som mogleg for å eventuelt kunne bruke det om det kjem ein djupare økonomisk svikt, seier forbundsleiar i det svenske LO-forbundet IF Metall, Marie Nilsson, til nyheitsbyrået.

Arbeidstida kan kortast ned til fire dagar i veka eller 80 prosent av normal arbeidsdag, er det foreslått i utgreiinga. Lønna blir då redusert til 92 prosent, medan bedrifta får støtte frå staten. Tanken er at alle tre partar – arbeidstakarane, arbeidsgivarane og staten – skal dele på kostnadene.

– Erfaringa frå 2008 er at landa som hadde eit sånn system klarte seg betre, seier forhandlingssjef i arbeidsgivarorganisasjonen Teknikföretagen, Anders Weihe, som peikar på Tyskland, Frankrike, Belgia og Nederland.

Utgreiinga foreslår også at bedriftene skal bruke krisetida til å utdanne tilsette, noko staten skal ta 60 prosent av rekninga for.

Nedgangstid

44.000 tyske arbeidarar mottok denne støtta i april i år, samanlikna med 13.000 same månad i fjor, ifølge arbeidsmyndigheitene.

p

Grunnen til auken er handelskrigen mellom USA og Kina, frykt for Brexit utan ein avtale mellom Storbritannia og EU samt ein dårlegare kinesisk bilmarknad, ifølge Financial Times.

Blant bedrifter som produserer tunge køyretøy, har 30 prosent gått over til kortare arbeidstid for delar av dei tilsette, ifølge ei undersøking. Det same gjeld fire prosent av alle industribedrifter.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse