Hurtigruten får gjennomføre to seglingar som bryt reglar for lønns- og arbeidsvilkår
Hurtigruten skal ha hatt planar om utflagging til Marshalløyene.
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
NFD
tormod@lomedia.no
Hurtigruten får gjennomføre to omstridde seglingar til og frå Svalbard med MS «Roald Amundsen» og MS «Spitsbergen» i norsk farvatn i sommar
Skipa skal ikkje legge til kai i utanlandske hamner, men får likevel bruke internasjonale lønns- og arbeidsvilkår på delar av turen. Sjøfartsdirektoratet har tidlegare fastslått at ei liknande segling i fjor braut med regelverket.
– Eg hadde eit møte med partane måndag denne veka. Då vart det inngått eit kompromiss der vi vart einige om at Hurtigruten får segle under NIS (norsk internasjonalt skipsregister, red.mrk) på dei to aktuelle seglingane i juli og august, men at rederiet betaler norske lønningar til sjøfolka om bord når skipet går langs norskekysten, uttaler næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i ein e-post til FriFagbevegelse.
– Alle partane på arbeidstakar- og arbeidsgivarsida, unntatt Maskinistforbundet, var einige om dette, opplyser han.
Seglingane går langs delar av norskekysten i nord, i tillegg til at dei to skipa seglar høvesvis til og frå Svalbard. Næringsdepartementet innrømmer at dette teknisk sett er eit regelbrot.
p
Utflagging
Ifølge leiar Johnny Hansen i Norsk Sjømannsforbund, er bakgrunnen at Hurtigruten var i ferd med å flagge ut dei to skipa til Marshalløyene.
– Dersom dei hadde flagga til Marshalløyene kunne dei segla med internasjonale vilkår utan avgrensing, seier Hansen til FriFagbevegelse.
Også Næringsdepartementet opplyser om at dei har vore kjende med at utflagging har vore eit alternativ og at næringsministeren tok initiativ til ei løysing blant anna for å bidra til at Hurtigruten beheld norsk flagg.
Kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten ønsker ikkje å svare på spørsmål om dei har planlagt å flagge ut skipa.
– Hurtigruten er eit norsk selskap som ønsker å segle med norsk flagg. Vi er glade for at vi i samarbeid med fagforeiningar, Nærings- og fiskeridepartementet og Rederiforbundet har funne ei løysing for dei to seglingane i sommar, er det Ege vil seie til FriFagbevegelse.
Forslag frå LO
Frykta for utflagging gjorde at LO, med forbunda Sjømannsforbundet og Norsk Sjøoffisersforbund, fremma kompromissforslaget som Hurtigruten og Norges Rederiforbund aksepterte.
Hurtigruten får dermed gjennomføre dei planlagte seglingane, men skal lønne dei tilsette etter norsk tariffavtale medan skipa seglar langs norskekysten. Resten av turen får dei derimot bruke internasjonale lønns- og arbeidsvilkår.
– Departementet, direktoratet og fagforbunda har vore einige, men Hurtigruten har ikkje innretta seg etter dette. Då valde vi å tilby dei ei førebels løysing for dei to seglingane i 2019 som inneber to til tre dagar langs norskekysten per segling, mot at dei betaler norsk tarifflønn til heile mannskapet, også dei utanlandske som er om bord, seier leiar Johnny Hansen i Sjømannsforbundet.
Fagforbund protesterer
Det er hovudsakleg underordna besetning som får internasjonale minimumsvilkår, opplyser Hansen. Nordmennene får norsk lønn, medan filippinarane på catering, dekk og maskin får lågare lønn.
– Dette er berre to seglingar og betyr ikkje at dei kan segle slik i framtida. Departementet har ikkje opna for at dette er ei permanent løysing, seier Sjømannsforbundet-leiaren.
Det norske maskinistforbundet (DNMF), som også organiserer tilsette i sjøfarten, er derimot djupt ueinig i kompromisset.
– DNMF ser det som svært alvorleg og uheldig at departementet aksepterer og går inn for ei slik opning, skriv administrerande direktør Hege-Merethe Bengtsson i eit skriv publisert på forbundet sine nettsider onsdag.
– Dette er ikkje ein lønnskamp, men ein kamp om arbeidsplassane og like konkurransevilkår for medlemmene våre, heiter det.
p
Vil endre reglane
Fagforbunda og Hurtigruten skal ha hatt dialog om ei løysing sidan den liknande seglinga til Svalbard i fjor, med hensikt å sikre at dei to kommande seglingane skjer under norsk flagg.
Næringsministeren siktar no på ei meir langsiktig løysing som kan innebere regelendringar.
– Vi skal møtest igjen over sommaren og diskutere langsiktige løysingar for å sikre at ein sånn situasjon ikkje oppstår igjen, varslar næringsministeren.
Løysinga for dei to seglingane er teknisk sett eit regelbrot, innrømmer Næringsdepartementet overfor FriFagbevegelse. Den langsiktig løysing vil sannsynlegvis medføre ei endring av desse reglane, opplyser departementet.
Dette gjeld den såkalla NIS-forskrifta som vart innført med hensikt å beskytte kystruta (Bergen–Kirkenes) mot konkurranse. I dag er det Hurtigruten som seglar kystruta på oppdrag frå Samferdsledepartementet.
Inntil vidare har myndigheitene liten moglegheit til å sanksjonere slike regelbrot, men Næringsdepartementet har eit forslag ute på høyring som vil gi myndigheitene moglegheit til å ilegge gebyr.
Dette er saka:
I NIS-forskrifta heiter det at skip registrert i norsk internasjonalt skipsregister (NIS) som seglar mellom norske hamner, i tillegg må legge til kai ved minst to utanlandske hamner.
Til skilnad frå reglane som gjeld for skip registrert i norsk ordinært skipsregister (NOR), slepp rederia å gi dei tilsette om bord lønns- og arbeidsvilkår etter bestemmingane i norske tariffavtaler dersom dei bruker NIS-registrerte skip.
Sjøfartsdirektoratet slo fast at fjorårets segling med MS «Spitsbergen» til Svalbard medførte eit brot på NIS-forskrifta.
Hurtigruten har ikkje vore einig i denne tolkinga av regelverket og planla å gjennomføre to liknande seglingar i juli og august.
Den første av sommarens to seglingar, med MS «Roald Amundsen», startar i Tromsø 21. juli. Deretter legg skipet til kai i Skarsvåg, Bjørnøya og Longyearbyen.
Den andre seglinga, med MS «Spitsbergen», startar i Longyearbyen 17. august. Deretter legg skipet til kai ved fleire hamner på Svalbard og Bjørnøya, før turen går til hamnene i Skarsvåg, Sommarøy og Tromsø.
Dette er en sak fra
Vi skriver om sjøfolk, havfiskere, maritime ledere og ansatte i maritime yrker.
Flere saker
Dette er saka:
I NIS-forskrifta heiter det at skip registrert i norsk internasjonalt skipsregister (NIS) som seglar mellom norske hamner, i tillegg må legge til kai ved minst to utanlandske hamner.
Til skilnad frå reglane som gjeld for skip registrert i norsk ordinært skipsregister (NOR), slepp rederia å gi dei tilsette om bord lønns- og arbeidsvilkår etter bestemmingane i norske tariffavtaler dersom dei bruker NIS-registrerte skip.
Sjøfartsdirektoratet slo fast at fjorårets segling med MS «Spitsbergen» til Svalbard medførte eit brot på NIS-forskrifta.
Hurtigruten har ikkje vore einig i denne tolkinga av regelverket og planla å gjennomføre to liknande seglingar i juli og august.
Den første av sommarens to seglingar, med MS «Roald Amundsen», startar i Tromsø 21. juli. Deretter legg skipet til kai i Skarsvåg, Bjørnøya og Longyearbyen.
Den andre seglinga, med MS «Spitsbergen», startar i Longyearbyen 17. august. Deretter legg skipet til kai ved fleire hamner på Svalbard og Bjørnøya, før turen går til hamnene i Skarsvåg, Sommarøy og Tromsø.