NVE med avslag til Kjelstadfossen kraftverk
Selbu Kraftverk fikk avslag på søknad om tillatelse til å utnytte fallet i Garbergselva til kraftproduksjon.
nettverk@lomedia.no
Selbu Energiverk AS har søkt om løyve til å byggje Kjelstadfossen kraftverk, og utnytte fallet i Garbergselva til kraftproduksjon. Garbergselva ligg i Selbu kommune, og utbygginga ville ha nytta eit fall på 33 m. Kraftverket ville gi ein årleg produksjon på om lag 12,6 GWh. Dette svarar til straum til om lag 630 husstandar.
– Omsynet til storaure og ulempane for landskap og friluftsliv gjer at vi gir avslag på søknaden om å byggje kraftverk i Garbergselva, seier Carsten Stig Jensen, seksjonssjef for vannkraft i NVE.
Garbergselva er ein del av storauren sitt funksjonsområde. NVE meiner at det er svært sannsynleg at ei utbygging av Kjelstadfossen kraftverk vil forringe førekomsten av storaure av nasjonal verdi i Selbusjøen. Vurderinga er gjort både med omsyn til samla belastning og føre-var-prinsippet.
– Ei utbygging vil og gjere Kjelstadfossen mindre attraktiv for lokalbefolkninga og elvepadlarar. Både ved at opplevingsverdien blir svekka og ved at fossen ikkje kan bli brukt til fossepadling, skriv NVE.
Alle høyringspartar var negative til utbygginga
I vurderinga har NVE også vektlagt at ingen av høyringspartane var positive til tiltaket, og at Statsforvaltaren i Trøndelag fremja motsegn til utbygginga.
Kilde: NVE