JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

NSB: Innstilte tog og færre vogner på Austlandet

Tillitsvalte har lenge advart om at NSB ikkje kan kutte i tilsette om dei skal levere fleire togreiser

Etter innstilte tog denne veka innrømmer NSB-sjefen at kuttet vart for stort.
Jane Sæthre, leiar for Norsk jernbaneforbund.

Jane Sæthre, leiar for Norsk jernbaneforbund.

Tri Nguyen Dinh (arkivfoto)

tormod@lomedia.no

– Dei tilsette har gjort leiinga merksam på at rekrutteringa har vore for låg og sjukefråveret for høgt. No har det kome til det punktet at dei ikkje lenger kan produsere tog etter ruteplan, seier leiar for Norsk jernbaneforbund, Jane Sæthre, til FriFagbevegelse.

«Vi har gått for langt. Vi har nå for lav bemanning med tanke på normal rutetrafikk,» sa konsernsjef Geir Isaksen i NSB til Aftenposten igår.

Det vedgår han etter at ti prosent av selskapets tog på Austlandet anten har vore innstilte eller køyrt med færre vogner enn normalt. Idag måtte selskapet ta ut ti avgangar og køyre med færre vogner på 49 andre.

NSB-sjef innrømmer: Har sagt opp så mange at tog må innstilles

Skal rekruttere

– Eg synest det er ei grei innrømming å kome med. No er det berre å begynne rekrutteringa. Dei reisande forventar nok at leveransane på tog skal bli betre framover, ikkje dårlegera slik ein opplever no, seier forbundsleiar Sæthre.

Og rekrutteringa har allereie begynt, ifølge NSBs pressetalsperson, Åge-Christoffer Lundeby.

– Interne forhold har gjort at vi ikkje har valt å sette i gang rekruttering før august i fjor. Og det var ikkje raskt nok med tanke på det vi opplever no. Det beklagar vi, seier Lundeby.

• Følg oss på Facebook og Twitter

Slankeprosess

Forbundsleiar Sæthre fortel at NSB dei siste to åra har drive ein slankeprosess, der ein har kutta kostnadar internt for å bli meir konkurransedyktig.

– Iveren har blitt så stor at det går ut over tilbodet dei skal levere. Det er grenser for kor langt ein kan strekke strikken, seier ho og utdjupar:

– Det er ikkje berre å lytte på eksterne konsulentar og sette i gang effektiviseringsprosessar. Kjerneoppgåva til NSB er å køyre tog etter ruteplan. Så lenge NSB og myndigheitene vil auke talet togreiser, kan dei ikkje redusere talet tilsette.

Jernbanereformen koster skattebetalerne over 500 millioner kroner

Effektivisering

Reduksjonen har kome som frivillig avgang for ombordpersonell og lokomotivførarar. NSB har latt vere å rekruttere nye, fordi dei har meint at dei skal klare å levere med færre tilsette.

– Vi har fått signal om slitasje frå dei tilsette over lang tid, som NSB ikkje har vore villig til å lytte til. Det viktigaste har vore omstillingsvilje og effektiviseringspotensiale, seier Sæthre.

Og selskapet har ikkje tenkt å gå vekk frå effektiviseringsprosessen med det første, ifølge NSBs Lundeby.

– Vi går inn ein annan kvardag og er nødt til å bli meir konkurransedyktig for å vinne anbod i framtida. Det gjeld å finne balansen mellom kva som er mogleg og tilrådeleg.

Over 100 millioner til konsulenter når jernbanen blir privatisert

Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i alle deler av jernbanen og busstransport.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse