Natalia Zubillaga kan bli ny leiar for LO i Oslo
NTL lanserer Natalia Zubillaga, noverande nestleiar for LO i Oslo, som kandidat til leiarvervet.
LEIARKANDIDAT: Natalia Zubillaga er kandidat til å ta over leiarvervet i LO i Oslo etter Roy Pedersen.↔
Ole Palmstrøm
tormod@lomedia.no, anders@lomedia.no
Roy Pedersen går av som leiar for LO i Oslo i mars, etter å ha vore LO-sjef i Oslo i ti år.
No lanserer NTLs fylkesutval Zubillaga som kandidat til å ta over etter Pedersen. Zubillaga er i dag nestleiar i LO i Oslo og konstituert leiar for NTL ved Universitetet i Oslo.
• Dette er våre mest leste saker i 2018
Uavhengig
Fylkesutvalet meiner det er på tide med ein kvinneleg leiar og peikar på at det er tjue år sidan sist. I tillegg meiner dei det er på tide med ein leiar som har yrkesbakgrunn frå statleg sektor, noko som kan bidra til å styrke organisasjonsgraden blant folk med høgare utdanning.
– Natalia vil bygge vidare på arbeidet Roy Pedersen har ført an for å gjere LO i Oslo til ein maktfaktor i Oslo. Ho vil også sikre at lokalorganisasjonen framleis er eit samlingspunkt for alle gode krefter i fagrørsla og ein stad ein kan bygge alliansar med andre politiske aktørar, heiter det i pressemeldinga frå NTLs fylkesutval.
– Ho er også opptatt av at LO i Oslo skal vere ein sjølvstendig kraft, som er partipolitisk uavhengig, men ikkje politisk nøytral, der vi har eigne analyser og fremmar eigne krav.
Valet skjer i mars.
Flere aktuelle kandidater
Natalia Zubillaga er ikke eneste aktuelle kandidat til å ta over vervet etter Roy Pedersen.
Fagforbundet Oslo har lansert Lasse Kristiansen som sin kandidat, med støtte fra Fellesorganisasjonen.
– Tillitserklæring
Zubillaga sjølv seier til NTL-magasinet at ho er klar til å stille opp:
– Eg er veldig audmjuk, og sjølvsagt veldig glad, for den tilliten og støtta mange har vist meg den siste tida. Å vere ønskt som leiar av LO i Oslo opplever eg som ei stor tillitserklæring og ei anerkjenning av det eg har gjort og stått for som nestleiar av LO i Oslo dei siste tre åra, og jobben eg har gjort som tillitsvalt i NTL UiO, seier ho.
Ho meiner samarbeidet ho har hatt med tillitsvalde både i privat og offentlig sektor har tydeleg vist henne kor viktig arbeidet som blir gjort i lokalorganisasjonane er.
– Vi er ein av dei få stadane der fagorganiserte frå alle sektorar i norsk arbeidsliv møtast. Dette bidreg til kunnskap, solidaritet, diskusjonar og felles krav som styrkar fagrørsla, seier ho.
Må stå imot
Zubillaga ser ei rekke utviklingstrekk som gjer at ho meiner det ikkje er nok å berre sitte og vedta krav.
– Sjølv om vi er i ein situasjon i dag kor lov- og avtaleverk og partssamarbeid i det ytre framleis består, opplever vi lokalt at arbeidsgjevar står for ei heilt anna linje. Enten ved å motsette seg krav om tariffavtaler, bruk av streikebrytarar eller å sjå vekk frå tarifføresegner lokalt, som på arbeidstid, seier ho.
Ho meiner det blir stadig meir krevande å vere tillitsvalt når ein møter arbeidsgjevarar som ser på avtaleverket som «forslag».
– Det er eit aukande press på fagforeiningar, klubbar og tillitsvalde på arbeidsplassane. Skal vi klare å stå i mot og styrke oss, treng vi meir organisering, organisasjonsbygging, tariffkamp og politisk kamp, seier ho.
Zubillaga viser til at det er naudsynt med alliansebygging med fagrørsla i og utanfor LO, partia og andre organisasjonar.
– På den måten kan vi skaffe fleirtal for krav som er viktige for oss. Eg ønskjer å halde fram med dette arbeidet framover, og som leiar i LO i Oslo, seier Zubillaga.
Glad
Tidlegare leiar i NTL UiO og noverandre 2. nestleiar i NTL, Ellen Dalen, meiner Zubillaga er ein god kandidat. Ho påpeikar at i ei tid med stort press på faglege rettar, er det viktig at fagrørsla står samla på tvers av forbund og sektorar.
– Natalia har auka denne forståinga samtidig som ho ivrar for, og lukkast med, å styrke organisasjonane ute på arbeidsplassane. Eg kjenner Natalia som uvanlig sterk på politikk og analyse. Ho har evna å trekke resten av LO inn til NTL UiO, seier Dalen.
Ho påpeikar også at leiaren i LO i Oslo skal handtere sentrale politiske spørsmål på ein samlande måte.
– Det er eg sikker på at Natalia evnar. Eg er glad ho stiller, seier Dalen.
Støtte
Zubillaga har allereie fått støtte frå fem foreiningar i Fellesforbundet, som er ein av dei største medlemsorganisasjonane i LO i Oslo. Det er Rørleggernes fagforening, Oslo bygningsarbeiderforening, Oslo Grafiske fagforening, Fellesforbundet avdeling 10 (hotell og restaurant) og Fellesforbundet avdeling 1 som har vedtatt støtte til Zubillaga.
– Vi støttar henne fordi ho står på den aktivistiske «LO-i-Oslo-linja» som famnar breitt, og ikkjer er knytt opp til berre eitt parti, seier leiar Joachim Espe i Rørleggernes fagforening til Magasinet for fagorganiserte.
Dette er en sak fra
Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.