Mest lese på FriFagbevegelse i 2018:
Dette er våre mest leste saker i 2018
Her er oversikta over dei mest lesne sakene hos FriFagbevegelse, månad for månad.
JOBB
I årets første månad var det pensjon som engasjerte mest.
Blant våre mest lesne saker i januar var den om Per Olav (43) som kan tape både AFP og årleg pensjon med ny avtale. Han jobbar i selskapet som vaskar tog for NSB, men må ta til takke med ei dårlegare pensjonsordning enn dei NSB-tilsette. Les heile saka her.
(Saka held fram under bildet.)
Fleire av våre mest lesne saker i januar:
• Den nye regjeringen åpner for lengre arbeidsdager og at færre ansatte skal få betalt for overtid
• Bjørnar og Aleksander tapar 29.000 kroner årleg på regjeringas nye diettskatt
• Dette tjener direktørene i Norges 100 største selskaper
• Disse sju statlige selskapene skal Torbjørn Røe Isaksen selge (regjeringen har no solgt seg ut av SAS)
• Så lenge bør du være borte fra jobben når du er syk
#2 februar
Den desidert mest lesne saka i februar, var oversikta vår over løna i over 300 yrke. Tala kjem frå Statistisk sentralbyrå som kvart år lagar ein lønsstatistikk over snittløna i ulike yrkesgruppe året før. Den viste at leiarar i olje- og gassutvinning tener mest, medan hjelpearbeidarar i husdyrproduksjon tener minst. Sjekk løna i ditt yrke her.
(Saka held fram under bildet.)
Fleire av våre mest lesne saker i februar:
• Hjalmar (61) har vært NSB-ansatt siden 1974. Han kan miste AFP med fire måneders margin
• Nå forteller finansminister Siv Jensen hvem som har fått mest i skattelette
• Unni valgte å jobbe til hun ble 73 – ender opp med null i pensjon
• Statoil-sjef Eldar Sætre (62) har 95 millioner kroner i sin pensjonspott
• Denne kommunen dropper anbud, ansetter selv – og sparer penger
#3 mars
Historia om ei 15 år gammal jente, ein av mange hundre barn som bur på hemmeleg adresse, var vår mest lesne sak i mars. Ho lever i frykt for å bli avslørt og funne. Les heile saka her.
(Saka held fram under bildet.)
Fleire av våre mest lesne saker i mars:
• Slik er forslaget til ny pensjonsordning i offentlig sektor
• Odd og Karsten ble for dyre for verftet, som heller ville bruke innleid arbeidskraft
• Arbeidsgiveren ville heller betale millionsum enn å beholde Jorunn (67)
• Tillitsvalgte advarer mot trend der avhørsmetoder brukes i arbeidsmiljøsaker
• Lagerarbeidere og havnearbeidere får mellom 9.000 og 12.000 kroner i lønnsøkning
#4 april
Saka om røktar Marius som jobbar i det dårlegast betalte yrket, var mest lesne i april. Hjelpearbeidarar i husdyravl tener berre 25.560 kroner i snitt. Les saka og sjå oversikta over dei 25 dårlegast betalte yrka her.
(Saka held fram under bildet.)
Fleire av våre mest lesne saker i april:
• Disse gruppene får lavlønnstillegg
• Norge unngår storstreik i privat sektor. LO sier ja til løsningen i lønnsoppgjøret
• Dette sier loven om velferdspermisjoner
• Så stort blir slitertillegget i privat sektor. Sjekk hvem som får det
#5 mai
Etter 20 år må Halden storsenter stenge dørene. 32 butikkar har blitt til seks. Korleis er det mogleg å drive handel på norsk side av svenskegrensa? Det spør vi i den mest lesne saka vår i mai. Les heile saka her.
(Saka held fram under bildet.)
Fleire av våre mest lesne saker i mai:
• – Vi burde fått krisehjelp, men vi er jo bare «barnevernsforeldre»
• Håkon fikk feil lønn under opplæring. Nå må attføringsbedriften etterbetale 200.000 kroner
• Regjeringen gir skattelette til utlendinger på korte kontrakter i Norge
• Storstreik i staten avverget: – Slo tilbake angrep og sikret viktige krav, sier LO Stat-lederen
#6 juni
Sykkelbuda i Foodora liker ikkje at dei må betale sykkel, mobil og mobilrekning sjølv. At 60 av syklistane meldt seg inn i Transportarbeidarforbundet for å stå saman om krava, vekka engasjement blant lesarane våre i juni. Les heile saka og sjekk alt sykkelbuda må betale av eigne pengar her.
(Saka held fram under bildet.)
Fleire av våre mest lesne saker i juni:
• Asle og Bjørn tar vare på bilene til folk. Kundene ber om de rareste ting.
• Derfor får du trekk i feriepengene dine
• Dette er Nordsjøens underklasse
#7 juli
Denne månaden var det saka om dei tilsette som startar kvar arbeidsdag med å finne seg ein pult, som var mest lesen. Bedrifta og 180 tilsette flytta inn i opent kontorlandskap, og tinga sine har dei i ein boks som dei flyttar frå plass til plass. Les kva dei tilsette synest om ordninga her.
(Saka held fram under bildet.)
Fleire av våre mest lesne saker i juli:
• Desse yrka har gått ned i løn
• Foodora-sykkelbud sier han brukte 15–20.000 kroner i året på jobbsykkelen
• Desse yrkesgruppene gjekk mest opp i løn
#8 august
Ei sak om opent kontorlandskap var mest lesen også i august. Når ein må passe på å ikkje prate for ikkje å forstyrre kolleger, blir samhandlinga og trivselen dårlegare, meiner Nav-tilsette Marianne. Er det økonomi eller arbeidstakaranes beste som pressar fram opne landskap framfor cellekontor? Les heile saka her.
(Saka held fram under bildet.)
Fleire av våre mest lesne saker i august:
• Fire endringer som kan gi én million nordmenn bedre pensjon, hvis venstresida får flertall
• 3.000 får kols av farlige stoffer på jobb hvert år
• Aleris-sjefen fikk lønnshopp på 3 millioner kroner
#9 september
Då Arbeidstilsynet dukka opp i ein 40-millionersvilla på Oslo vest, løp dei rumenske arbeidarane og gøymde seg i kjellaren. Denne saken om en entreprenør som betalte ansatte luselønn og har koplingar til kjende arbeidslivskriminelle, vekte stort engasjement i september. Les heile saka her.
(Saka held fram under bildet.)
Fleire av våre mest lesne saker i september:
• Geofysiker Paul har søkt 2500 jobber, men får ikke napp i Norge: – Systematisk diskriminering
• Cathrine har 14.500 kroner på pensjonskontoen etter 20 år i arbeidslivet
• Her var sykefraværet blant renholderne krisehøyt. Så kom de fram til fem tiltak
• 45 ansatte mister jobben etter Elkjøp-streiken
#10 oktober
Då Hilde kom tilbake på sommerjobben sin etter sjukdom, var jobben borte. Denne saka engasjerte mange, og var blant dei mest lesne i oktober. Med hjelp frå forbundet sitt, enda historia likevel godt. Les heile saka her.
(Saka held fram under bildet.)
Fleire av våre mest lesne saker i oktober:
• Hotellansatte får ikke overtidsbetaling, selv om de jobber opptil 54 timer i uka
• Regjeringen kutter støtten til tannbehandling for femte år på rad
#11 november
Mange ville sjekke kva som er den nye «minstelønna» i bransjene som slit med låge løningar og useriøse arbeidsgivarar, etter at ei statleg nemnd justerte satsane frå 1. desember. Her kan du sjekke kva blant anna ein servitør, reinhaldar eller trailersjåfør skal tene.
(Saka held fram under bildet.)
Fleire av våre mest lesne saker i november:
• Flere butikkjeder har gått konkurs. Er dette bare starten?
• KrF stemte for rødgrønt tannhelseforslag – påfører regjeringen et nederlag
• Prisene øker raskere enn lønna – kan bli reallønnsnedgang for norske arbeidstakere
#12 desember
Dei nye reglane for skatt på tips, som gjeld frå nyttår, vekka engasjement i årets siste månad. Bartendar Micke kan miste halvparten av tipspengane sine i skatt. Det vil han ikkje finne seg i. Fagforeiningane er derimot positiv til endringa og peikar på at fast løn skal vere hovudregelen. Les heile saka her.
(Saka held fram under bildet.)
Fleire av våre mest lesne saker i desember:
• Advokater om nye Nav-regler: – Rammer en allerede sårbar gruppe svært hardt
• Jagland gir seg i Europarådet og vender hjem til livet som menig partimedlem: – Jeg gleder meg
• Avinor-lærling Adrian (22) fikk 110 000 kroner ekstra på lønnsslippen
• Ville ut i jobb, endte på sosialen: – I år har vi ikke råd til julegaver