JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

British Airways-pilotar streikar for første gong. Kravet er høgare lønn

Nesten alle flygningane til British Airways er kansellert når pilotane streikar måndag og tysdag.

British Airways

tormod@lomedia.no

Pilotane organisert i British Airline Pilots Association (Balpa) streikar måndag og tysdag 9. og 10. september. I tillegg skal dei streike 27. september. Fagforeininga varsla streiken i slutten av august, etter at lønnsforhandlingane ikkje førte fram.

British Airways skriv på nettsidene sine måndag at dei ikkje hadde anna val enn å kansellere nærmare alle flygningane sine, sidan dei ikkje hadde fått detaljar om kva pilotar som kom til å streike.

Alle avgangar frå Oslo Lufthamn er også kansellert, opplyser Avinor til NTB.

p

Vil ha sin del av kaka

Ifølge Balpa, er forskjellen mellom British Airways sitt tilbod og fagforeininga sitt tilbod, omtrent 5 millionar britiske pund. Selskapet hadde eit overskot på 2 milliardar pund i fjor.

– British Airways er eit ekstremt lønnsamt og suksessfullt selskap, og pilotane har vore stolte over å spele ei rolle i dette. I løpet av dei siste åra har BA-pilotane gjort offer etter offer for å hjelpe selskapet, skriv Balpa i ei pressemelding.

– Dette vil vere den første gongen pilotane går til streik. Dei gjer det som ein siste utveg og med enorm frustrasjon over måten forretningane blir gjort, heiter det.

Streiken kostar flyselskapet 40 millionar britiske pund per dag, ifølge Balpa. Dei tre dagane med streik vil dermed koste flyselskapet 120 millionar pund.

– Det er fullstendig uakseptabelt at Balpa øydelegg reiseplanane til tusenvis av våre kundar med denne urettmessige streiken, skriv British Airways i si pressemelding.

Rettferdig tilbod

Ifølge flyselskapet, har pilotane fått eit tilbod om 11,5 prosent lønnsvekst over tre år. Dette er over forventa prisvekst desse åra, opplyser dei.

Ifølge British Airways, har fagforeiningane Unite og GMB, som representerer nær 90 prosent av tilsette i selskapet, akseptert tilbodet.

– Vi er ekstremt lei oss for at Balpa har bestemt seg for denne uforsvarlege handlinga etter mange månadar med forhandlingar basert på eit veldig rettferdig tilbod, heiter det vidare.

p

Balpa var villeg til å avblåse streiken dersom British Airways kom tilbake til forhandlingsbordet, skreiv dei i ei pressemelding torsdag. I tillegg skal dei ha sendt eit nytt forslag til flyselskapet.

British Airways har tidlegare opplyst at dei vil prøve alle moglege løysingar for å unngå streik og seier måndag at dei framleis ønsker å forhandle.

Annonse
Annonse