Arbeidslivskriminalitet:
Då Aleksander skulle bygge hytte, vart han plutseleg ringd av Skatteetaten: – Eg vart litt skremt
I elleve kommunar får forbrukarar ein telefon frå Skatteetaten, med tips til korleis dei vel ein seriøs handverkar. No kan ordninga bli innført over heile landet.
Tormod Ytrehus
Saken oppsummert
tormod@lomedia.no
TRØNDELAG: – Eg tenkte det var noko gale med sjølvmeldinga, og vart litt skremt, seier Aleksander Holtan (25).
Magasinet for fagorganiserte møter tømmerhoggaren etter jobb på Støren i Trøndelag. Han er i ferd med å ferdigstille ei ny hytte i nabokommunen Orkland der han bur.
Det var ikkje noko gale med sjølvmeldinga, men ei hyggeleg dame frå Skatteetaten som ringde fordi han hadde sendt ein byggesøknad til kommunen.
p
Ringer rundt
Orkland er nemleg ein av elleve kommunar i fire fylke som deltar i prøveprosjektet «Tett på» i regi av Skatteetaten, Arbeidstilsynet, Nav og Politiet.
Prosjektet går ut på at Skatteetaten ringer rundt til privatpersonar som har kjøpt bustad eller søkt byggeløyve, med råd om korleis dei kan velje seriøse handverkarar, i tillegg til informasjon om rettar og pliktar.
Det er råd Holtan tar imot med glede.
– Eg vil heller betale meir enn å styre med ekstraarbeidet som følger med å velje feil handverkar. Det blir like billeg på lang sikt, meiner Holtan som sjølv gjekk for lokale handverkarbedrifter han var trygg på at er seriøse.
Sjå kva krav du bør stille til handverkarane, nedst i saka.
Forbrukarmakt
Trondheim var aller først ute med ordninga for fire år sidan, og fleire kommunar kom til i fjor.
Formålet er å undersøke korleis etatane kan rulle ut ordninga over heile landet, noko regjeringa i fjor tok inn i strategien sin mot arbeidslivskriminalitet.
På denne måten håpar dei å bruke forbrukarmakt til å få bukt med sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.
p
Gode tilbakemeldingar
Så langt har Skatteetaten ringt 12.000 personar, opplyser etaten til Magasinet.
Åtte av ti er svært positive til å få telefonen, viser ei undersøking. Like mange meiner at tiltaket bidrar til å redusere etterspurnaden på den useriøse marknaden.
– Det er viktig at alle bidrar og betaler skatten sin. Eg måtte undersøke mange lover og reglar då eg skulle bygge, og ein får aldri nok informasjon, seier Holtan som er ein av dei nøgde mottakarane av telefonen.
Sosial dumping
Sidan det første prosjektet i Trondheim, har arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane lokalt og seinare nasjonalt, vore ein av samarbeidspartnarane.
Bransjen gir samstemt støtte til forslaget om å gjere ordninga landsdekkande.
– Privatpersonar bør få eit hint om at mange kjem med lokketilbod som kan skjule grov sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, seier forbundssekretær Per Skau i Fellesforbundet.
Komplisert prosess
Det same meiner arbeidsgivarane i Byggenæringens Landsforening
Dei oppfordra KS (kommunane) om å utvide ordninga allereie for fire år sidan, fortel administrerande direktør Jon Sandnes.
– Vi får tilbakemeldingar frå privatpersonar om at byggeprosessar er kompliserte. Når kommunane er tett på, er det med på å sørge for ein ryddig prosess som gjer at byggherrane kjem rett ut frå hoppkanten.
p
Skremme litt
Også byggherre Aleksander Holtan meiner det er ein god ide å utvide ordninga, men har eitt tips til oppdatering av rettleiaren som prosjektet sender ut.
– Dei bør fortelje meir om dei negative konsekvensane ved å velje ein useriøs handverkar. Det er noko mange ikkje tenker på. Dei kan skremme litt meir sånn at folk tar det seriøst, foreslår han.
Krava du bør stille til handverkarane
Sjekk handverkarane i viktige register.
Sjekk fagkunnskap og referansar.
Skriv kontrakt.
Krev HMS-kort og sikring på byggplassen.
Krev å betale gjennom banken.
Krev gyldig faktura.
Fordelar ved å bruke seriøse handverkarar
Du sikrar deg reklamasjonsrett på dårleg utført arbeid.
Du får dokumentasjon på utført arbeid, som aukar bustaden sin verdi og gir ein enklare og tryggare bustadhandel.
Du stiller sterkare i eventuelle forsikringsoppgjer.
Du unngår medansvar for skattar og avgifter.
Du reduserer faren for forseinkingar og meirkostnader i byggeprosjektet.
Kjelde: Rettleiaren frå kommunane / prosjektet Tett på
Kommunar som deltar i Tett på
Færder (Vestfold og Telemark)
Hol (Viken)
Kragerø (Vestfold og Telemark)
Kristiansand (Agder)
Larvik (Vestfold og Telemark)
Orkland (Trøndelag)
Oppdal (Trøndelag)
Røros (Trøndelag)
Sigdal (Viken)
Trondheim (Trøndelag)
Vinje (Vestfold og Telemark)
Kjelde: Skatteetaten


Nå: 0 stillingsannonser
Flere saker
Krava du bør stille til handverkarane
Sjekk handverkarane i viktige register.
Sjekk fagkunnskap og referansar.
Skriv kontrakt.
Krev HMS-kort og sikring på byggplassen.
Krev å betale gjennom banken.
Krev gyldig faktura.
Fordelar ved å bruke seriøse handverkarar
Du sikrar deg reklamasjonsrett på dårleg utført arbeid.
Du får dokumentasjon på utført arbeid, som aukar bustaden sin verdi og gir ein enklare og tryggare bustadhandel.
Du stiller sterkare i eventuelle forsikringsoppgjer.
Du unngår medansvar for skattar og avgifter.
Du reduserer faren for forseinkingar og meirkostnader i byggeprosjektet.
Kjelde: Rettleiaren frå kommunane / prosjektet Tett på
Kommunar som deltar i Tett på
Færder (Vestfold og Telemark)
Hol (Viken)
Kragerø (Vestfold og Telemark)
Kristiansand (Agder)
Larvik (Vestfold og Telemark)
Orkland (Trøndelag)
Oppdal (Trøndelag)
Røros (Trøndelag)
Sigdal (Viken)
Trondheim (Trøndelag)
Vinje (Vestfold og Telemark)
Kjelde: Skatteetaten