JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Togprivatisering:

Dyrare for både staten og passasjerane 25 år etter togprivatiseringa i Storbritannia

Det den norske regjeringa gjer no, gjorde britane for 25 år sidan. Folk flest ha den offentlege jernbanen tilbake.
Partileiar Jeremy Corbyn i Labour.

Partileiar Jeremy Corbyn i Labour.

Andy Miah

tormod@lomedia.no

For 25 år sidan vedtok Storbritannia at dei skulle privatisere jernbanen sin.

I perioden har summen skattebetalarane bruker på jernbanen, auka frå 2 milliardar til 9 milliardar pund i dagens kroneverdi, viser ein analyse partiet Labour har gjort i høve jubileet. 5 milliardar pund går til jernbanekostnadane, medan 4 milliardar går til jernbanegjeld.

Britisk fagforeningsleder raser mot Go-Ahead: – De har prøvd å innføre tog uten personal i vognene

Dette tilsvarer ein auke frå 22 milliardar til nesten 100 milliardar norske kroner iløpet av dei 25 åra.

– Det er eit fullstendig irrasjonelt system, driven fram av mislukka konservativ ideologi. Det er eit system der dei einaste vinnarane er aksjeeigarane i dei privatiserte franchisane, seier partileiar Jeremy Corbyn.

British Rail vart privatisert gjennom lov i 1993, under ein konservativ regjering. Privatiseringa vart iverksette i 1994 og varte over fleire år.

Britisk selskap slaktes av passasjerene. Nå skal de kjøre tog i Norge

20 prosent auke i billettprisar

Itillegg til at skattebetalarane må ut med meir gjennom statsbudsjettet, har reisene blitt dyrare for passasjerane. Billettprisane har auka med 20 prosent, ifølge Labours tal.

– Vi har ein annan plan. Labour vil bringe jernbanen innunder offentleg eigarskap, sånn at vi kan styre den for passasjerane, ikkje for profitt til dei få. Betre tenester og lågare billettpriser, seier Corbyn.

Labour under Corbyn som partileiar, har gått til val på å renasjonalisere jernbanen. Dei har lova å sette ned prisane, innføre gratis trådlaust nett og gjere forholda betre for handikappa.

Anbudstilhengerne mener Go-Ahead sparer staten for 300 millioner kroner i året. NSB-direktørens regnestykke viser noe helt annet

Britane vil ha offentleg jernbane

Dette er eit populært krav. 60 prosent av britane at jernbanen skal bli offentleg igjen, ifølge ei spørreundersøking frå januar. Berre 20 prosent er mot. Blant dei er transportministeren.

– Passasjerreiser har no dobla seg og investeringar er på rekordnivå. Men vi veit at nokre passasjerar ikkje får tenestene dei fortener. Det er derfor vi har lansert ei gransking, for å sikre at tog kjem til tida og at billettprisane gir uttelling, seier transportminister Jo Johnson i den konservative regjeringa ifølge Independent.

– Til forskjell, vil Labours renasjonalisering føre til mindre val og dårlegare tenester. Det vil føre til at politikarar kontrollerer viktige tenester, som betyr at folk ikkje har noko alternativ når noko går galt, seier transportministeren.

Annonse
Annonse