JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Skatt på bonuspoeng:

Får du bonuspoeng på reise i jobben og bruker dei privat? Då bør du få med deg denne endringa

Frå nyttår skal sjefen sørge for at du skattar av bonuspoeng opptent på jobb. Og kemneren kan faktisk kontrollere deg.
Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Bjørn A. Grimstad

tormod@lomedia.no

1. januar blir det innført nye skattereglar for bonuspoeng opptent på jobben. Dette er bonuspoeng opptent hos eit selskap, for eksempel gjennom flyreiser, leige av bil eller hotellovernattingar i jobben.

Du har også tidlegare vore pålagt å skatte av bruken av desse bonuspoenga. Det nye er at arbeidsgivar no får ansvar for å melde inn dette til skattemyndigheitene. Det same gjeld også enkelte personalrabattar du får gjennom arbeidsgivar.

Sjefen er altså i stor grad avhengig av at tilsette melder inn når dei bruker bonuspoeng i privat samanheng.

Treningssentera rasar mot regelendringar for rabatten du får gjennom jobben

Kan du lure deg unna?

Det er likevel ikkje nødvendigvis slik at det er risikofritt å lure seg unna skatten ved å ikkje melde inn poenga dine, melder konsulentselskapet Infotjenester.

– Det er skapt ei oppfatting, iallfall i media, om at dette nye regelverket er noko som ikkje vil bli etterlevd i praksis, rett og slett fordi ingen kan etterprøve det, seier økonomirådgivar Espen Øren.

Dette er feil, meiner han, iallfall når det gjeld skattemyndigheitene sin moglegheit til å kontrollere bruken din av bonuspoeng. Sjefen kan riktignok ikkje få innsyn hos ein tredjepart i korleis tilsette bruker bonuspoeng.

• Følg oss på Facebook

Kan hente ut informasjon om bonuspoeng

Skattekontoret kan derimot kontakte SAS og få innsyn i eurobonus-poenga dine. «Enhver tredjepart plikter etter krav fra skattemyndighetene å gi opplysninger som kan ha betydning for noens skatteplikt», heiter det i skatteforvaltingslova.

Seniorkonsulent Morten Fjeldaas ved Oslo Kemnarkontor stadfestar dette overfor Infotjenester.

– Med bakgrunn i denne heimelen kan skattekontoret effektivt kontrollere om det er bonuspoeng som er unntatt frå innrapportering, skattlegging og berekning av arbeidsgivaravgift, seier Fjeldaas.

Det betyr at skattekontoret kan kontakte SAS eller Scandic og be om innsyn i korleis du har tent opp og brukt bonuspoenga dine.

• Meld deg på nyhetsbrevet vårt

– Vil bruke skjønn

Økonomirådgivar Espen Øren er likevel usikker på om skattekontora kjem til å nytte seg av denne moglegheita.

– Det krev jo ein del oppfølging der ein må spørre dei konkrete arbeidstakarane om dokumentasjon på kva poenga er brukt til. Sidan arbeidstakarar ikkje pliktar å føre eit rekneskap over korleis dei tener opp og bruker bonuspoeng, vil nok denne dokumentasjonen vere av varierande art, og då vil skattekontoret ende opp med å bruke ein del skjønn, meiner Øren.

Frå før har Skatteetaten avklart at bonuspoeng av «bagatellmessig art» ikkje er skattepliktig. Det kan vere bonus du får frå butikkar når du legg ut for varer til bruk i jobben, som er ein prosent eller to av kjøpesummen.

Korleis kan du dokumentere bruk av bonuspoeng? For å kunne rekne ut skattegrunnlaget – kor stor ein rabatt ved bruk av bonuspoeng er i kroner og øre – skal ein sjekke prisen på tilsvarande produkt utan bruk av bonuspoeng. Då finn du ut marknadsverdien av rabatten din og kva du skal skatte av.

Annonse

Flere saker

Annonse