JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
Retten har slått fast at oppseiinga av Frank Roald Aasestrand er ugyldig.

Retten har slått fast at oppseiinga av Frank Roald Aasestrand er ugyldig.

Privat

Gjekk til rettsak etter oppseiing

Frank Roald banka kommunen i retten: – Mange folk har takka meg

Kommunen fortalte Frank Roald Aasestrand at de hadde dårleg råd og ikkje meir jobb til han. No håpar han at han ikkje tok eit nei for eit nei kan hjelpe andre: – Folk frå heile landet har takka meg.



19.08.2021
14:32
04.11.2021 15:51

oystein.windstad@fagbladet.no

Frank Roald Aasestrand har jobba i Rauma kommune sidan 2014 i fleire forskjellige stillingar. Den siste tida jobba Fagforbundet-medlemmen som assistent på ein ungdomsskule.

I februar i år blei han sagt opp frå jobben sin i Rauma kommune. Dei sa at grunnen var at kommunen måtte spare pengar. Det var då Aasestrand tok eit val om å gå til rettssak. Nyleg kom dommen frå Møre om Romsdal tingrett.

• Dette er ikkje fyrste gongen Rauma kommune får trøbbel etter oppseiinger: Marit vet ikke om hun er oppsagt eller ikke: Nå kan hun miste jobben enda en gang

Dømt til å betale erstatning

Retten konkluderte med at oppseiinga var ugyldig, fordi dei meinte administrasjonen ikkje hadde gjort nok for å finne ein annan jobb til han i kommunen. I tillegg blei kommunen dømt til å betale 50.000 kroner i oppreisningserstatning til Aasestrand.

Grunngjevinga for erstatninga er at prosessen har vore tung og belastande for Aasestrand. Retten viser og til at ein av dei administrative leiarane i kommunen kom med negative personkarakteristikkar av Aasestrand. Karakteristikkar som retten ikkje trudde på, fordi fleire andre vitne og leiarar frå kommunen gav han gode skussmål.

– Blytungt

Frank Roald Aasestrand har bachelorgrad Human resource management og Tourism frå Strathclyde University i Glasgow. Hovudpoenget til Aasestrang og Fagforbundet som støtta han, var at kommunen burde ha funne anna passande arbeid. Det meinte også retten.

– Korleis har dette vore for deg?

– Det har vore knalltøft og veldig energitappande. Det har tært på fysisk og psykisk. Det har gått ut over livet utanfor jobb. Det med å slite med å vite kva ein skal seie til folk som lurer på kor eg har blitt av. Eg har blitt plassert her og der. Det har vore blytung prosess. No når saka er ferdig, er eg letta, men samtidig tom. Luft som har gått ut av ballongen. Men saka er ikkje heilt i mål enno, seier Aasestrand og viser til at Rauma kommune kan anke dommen.

Dommarane ueinige med kommunen

Aasestrand søkte blant anna på ei rådgjevarstilling i ei avdeling han jobba i før. Den fekk han ikkje, fordi kommunen meinte han ikkje var kvalifisert. Og at han ikkje hadde dei nødvendige personlege eigenskapane. Retten viste til at fleire sjefar har gjeve han gode skussmål:

«Retten kan imidlertid ikke se at det er sannsynliggjort at Aasestrand innehar slike diskvalifiserende personlige egenskaper». Vidare står det i dommen:

«Retten er etter dette ikke i tvil om at Aasestrand fyller minimumskravene til den aktuelle stillingen som rådgiver i Rauma kommune».

Etter at Aasestrand bestemte seg for å ta kampen for jobben i kommunen, gjekk han til Fagforbundet. Der fekk han hjelp av rådgjevar i Fagforbundets kompetansesenter i Møre og Romsdal, Marius Granås. Vidare stilte Fagforbundet og LO med advokat til rettssaka.

– Dom som er viktig for andre

Dommen frå Rauma kommune kan få betydning for mange andre kommunar, om han blir ståande. Fagforbundet-rådgjevar Granås meiner Rauma kommune ikkje har gjort nok for å finne anna arbeid til Aasestrand i heile kommunen:

– Rauma kommune har stram økonomi – det har vi forståing for. Det i seg sjølv er ikkje sakleg grunn for oppseiing, om kommunen har anna passande arbeid å tilby. Vi meiner kommunen har køyrd ein for rask og uryddig prosess og ikkje sett på heile kommunen som utveljingskrins. Vi håpar at saka også får positive konsekvensar for to andre saker vi har teke ut stemning på i Rauma.

– Kva kan du seie om dei to andre sakene?

– Det er to deloppseiinger frå medlemmer der kommunen også har innskrenka utveljingskrinsen. Kommunen har ikkje sett på andre stillingar andre stadar i kommunen. Dei har berre sett på ein tenestestad, som er helse og velferd. Det skal leitast etter ny stilling i heile kommunen og ikkje berre på ein stad. Det er tariffstridig å innskrenke utveljingskrinsen. Vi har tariffesta i hovudavtalen med KS at kommunen skal leite etter nytt arbeid i heile verksemda. Det står i paragraf 3.3. innskrenking og rasjonalisering, seier Fagforbundet-rådgjevar Marius Granås til Fagbladet.

– Håper mi sak hjelper andre

Aasestrand fortel han er glad for at rettssaka hans kan påverke andre som og risikerer å bli sagt opp.

– Kva tenkjer du om det med at utveljingskrins kan få betydning for andre?

– Det syns eg er veldig positivt. Eg har fått veldig mange meldingar om andre i same situasjon. Det å få tilbakemelding på at ein har hjelpt andre litt – det er veldig positivt. Eg syns det er viktig at rett skal vere rett og at det kanskje får arbeidsgjevarar til å tenkje litt før dei går til drastiske steg.

Ønsker å gå vidare

– Kva håpar du skal skje no?

– No håpar eg på at kommunen tek saka til etterretning og at dei finn ein jobb til meg som står til mine kvalifikasjonar og erfaring. At det blir slutt på det å bli flytta fram og tilbake. At dei ser på meg som ein kvalifisert faglært tilsett. At det blir slutt på kampen, seier Aasestrand til Fagbladet. Han er overraska over kor mange som har teke kontakt etter at han vann i retten:

– Det har vore eit voldsomt kjør med støtte frå både kjente og ukjente. Frå folk i kommunen og kommunen og generelt. Mange fortel om at dei har vore igjennom litt av det same, men at det ikkje gått så langt som til rettssak. Dei syns det er bra at eg har stått i det og vunne fram. Eg hadde 25 forskjellige folk som har skrive til meg berre på messenger, fortel Aasestrand til Fagbladet.

Kommunen vurderer anke

Fagbladet kontakta Rauma kommune med fleire spørsmål til saka. Kommunalsjef Toril Hovdenak svarar på e-post at dei ikkje har teke stilling til om dei skal anke enno:

«Rauma kommune har relativt nylig mottatt dommen og det er ganske lang tid til ankefristen går ut.

Vi vil vurdere dommen grundig når vår advokat og aktuelle saksbehandlere er tilbake fra ferie».

Var dette interessant? Vil du dele den med noen andre?
19.08.2021
14:32
04.11.2021 15:51



Mest lest

Kommentar

Erna Solberg og Sylvi Listhaug må ta ansvar for to perioder med borgerlig styre.

Erna Solberg og Sylvi Listhaug må ta ansvar for to perioder med borgerlig styre.

Jan-Erik Østlie

«Politikere kan ikke rømme fra sin historie»

Hanna Skotheim

Oversikt: I disse yrkene er det flest ledige jobber

BITTER: Anne Kallset har jobbet som kontor- og arkivmedarbeider i 40 år, men avspises med NAVs minstesats for uføre.

BITTER: Anne Kallset har jobbet som kontor- og arkivmedarbeider i 40 år, men avspises med NAVs minstesats for uføre.

Ole Martin Wold

Anne (58) gikk i uførefelle: – Verden falt i grus da jeg fikk brevet fra Nav

Håvard Sæbø

Prisene har løpt fra lønna. Nå er det kroner og øre som gjelder, ifølge Eggum

Hanna Skotheim

Vernepleier Anne fikk beskjeden: «Får du jobb i Oslo, må du aldri finne på å slutte»

Tri Nguyen Dinh

Hanne er permittert for tredje gang på to år. – Jeg har 2000 kroner igjen å leve for

Håvard Sæbø

Klubbleder Lars Olav saksøker matgiganten Tine: – Oppfølginga gjorde meg syk

Håvard Sæbø

Bedrifter har fått femdoblet strømregningen: Dette mener Norsk Industri-sjefen vi må gjøre nå

HAVNET I RIKSDAGEN: Postnord-avsløringene i Norge ble debattert i den svenske Riksdagen 20. januar.

HAVNET I RIKSDAGEN: Postnord-avsløringene i Norge ble debattert i den svenske Riksdagen 20. januar.

Frilanser

Svensk riksdagspolitiker mener Sverige bør skamme seg over Postnord-skandalen i Norge

Tonje Paulsen Solem

De ansatte har ventet på avgjørelsen i fire måneder: På tirsdag får de svar

POLITIKARANE MÅ GRIPE INN: Staten må ta ei større del av straumrekninga og finne ei løysing med normale straumprisar, krev industriarbeidar Eric Andre Olsen.

POLITIKARANE MÅ GRIPE INN: Staten må ta ei større del av straumrekninga og finne ei løysing med normale straumprisar, krev industriarbeidar Eric Andre Olsen.

Privat

Industriarbeidar Eric Andre slit med straumrekningane: – Har aldri hatt det så trongt økonomisk

SENDT PÅ LAND: Regjeringens uklarheter sendte både skip og ansatte på land.

SENDT PÅ LAND: Regjeringens uklarheter sendte både skip og ansatte på land.

Tri Nguyen Dinh/Jarl Fr. Erichsen/NTB

Hundrevis av sjøfolk kan ha blitt permittert fordi regjeringen var for treige med å svare

Riksmekler Mats Wilhelm Ruland venter mange meklinger i løpet av våren. Økonomien og partenes meldinger i media gjør at han tror det kan bli mange krevende meklinger.

Riksmekler Mats Wilhelm Ruland venter mange meklinger i løpet av våren. Økonomien og partenes meldinger i media gjør at han tror det kan bli mange krevende meklinger.

Ole Palmstrøm

Fire grunner til at Riksmekleren tror vårens lønnsoppgjør blir vanskelig

PÅ FLYPLASSEN: Engelske Cris Guest er oljearbeider på norsk sokkel. Her er han avbildet før jul da han skulle teste seg da han ankom Oslo lufthavn og skulle videre ut på jobb.

PÅ FLYPLASSEN: Engelske Cris Guest er oljearbeider på norsk sokkel. Her er han avbildet før jul da han skulle teste seg da han ankom Oslo lufthavn og skulle videre ut på jobb.

Jan-Erik Østlie

Oljeselskap nekter uvaksinerte å dra på jobb. Cris mener han har en bedre løsning

Jon Rune Nyheim og Inger Robertsen jobber i kommersielt barnevern, og tjener mye mindre enn det de kunne fått dersom staten sto for driften.

Jon Rune Nyheim og Inger Robertsen jobber i kommersielt barnevern, og tjener mye mindre enn det de kunne fått dersom staten sto for driften.

Ole Martin Wold

Inger og Jon Rune kunne tjent opptil 40.000 kroner mer i staten

Trond Giske var invitert til årsmøtet i Byåsen Arbeiderlag for å holde innledning om den politiske situasjonen. Her fra Trøndelag Arbeiderpartis fylkesårsmøte i 2020. 

Trond Giske var invitert til årsmøtet i Byåsen Arbeiderlag for å holde innledning om den politiske situasjonen. Her fra Trøndelag Arbeiderpartis fylkesårsmøte i 2020. 

Heiko Junge / NTB

Trond Giske: Velgerne forlater oss

Tonje Paulsen Solem

Nå er det avgjort: Norgesplaster blir i Norge, men varsler endringer

DOBBELTLIV: Per Christensen var leder av Danmarks største fagforbund. Nå må han på grunn av manglende tillit etter avsløringer om langvarige forhold til flere kvinner samtidig.

DOBBELTLIV: Per Christensen var leder av Danmarks største fagforbund. Nå må han på grunn av manglende tillit etter avsløringer om langvarige forhold til flere kvinner samtidig.

3F

Dansk fagforeningsleder går av etter avsløringer om dobbeltliv

VIL STILLE KRAV: Hurtigrutens Daniel Skjeldam og Hedda Felin støtter LO-leder Peggy Hessen Følsvik i krav om norske vilkår i Norge, også på sjøen.

VIL STILLE KRAV: Hurtigrutens Daniel Skjeldam og Hedda Felin støtter LO-leder Peggy Hessen Følsvik i krav om norske vilkår i Norge, også på sjøen.

Tri Nguyen Dinh

Hurtigruten vil ha norske lønns- og arbeidsforhold: – Vi må tåle at det stilles krav til oss

Statsminister Jonas Gahr Støre.

Statsminister Jonas Gahr Støre.

Jan-Erik Østlie

Slik er dommen over regjeringen fra LOs topptrio