JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Aker BP

Industri Energi åtvarar mot færre faste tilsettingar:

Innleigde fekk ikkje bonus. No vil dei ta saka til Høgsterett

To tilsette i eit bemanningsbyrå kravde etterbetaling av bonusen dei fast tilsette i innleigebedrifta fekk. Dei gjekk på eit tap i lagmannsretten, men ankar no dommen til Høgsterett.



08.08.2019
15:09
09.08.2019 07:48

tormod@lomedia.no

Dei to tilsette i bemanningsbyrået Semco Maritime, som leiger ut tilsette i ei rekke yrkesgrupper offshore, vann fram med kravet i tingretten i fjor.

Bemanningsbyrået anka saken og i ein dom frå Gulating lagmannsrett i slutten av juni blir altså bemanningsbyrået frifunne.

p

– Klientane mine, og Industri Energi som hjelper til i saka, er svært skuffa over dommen og meiner det er feil rettsbruk, skriv advokat Karianne Rettedal i advokatfirmaet Projure i ein e-post til FriFagbevegelse.

Ho opplyser at saka blir anka til Høgsterett. Ei sak om bonus omfatta av likebehandlingsprinsippet er ikkje prøvd før og det er derfor sannsynleg at den slepp gjennom. Resultatet kan få konsekvensar for mange.

Prinsipp om likebehandling

Striden står om bonus til tilsette er omfatta av det såkalla likebehandlingsprinsippet i arbeidsmiljølova som trådde i kraft for seks år sidan, innført med EU sitt vikarbyrådirektiv. Det går ut på at innleigde skal ha minst like gode lønns- og arbeidsvilkår som fast tilsette.

Problemet er at norsk lov ikkje har ein eintydig definisjon av lønnsomgrepet. Dei to tilsette og LO-forbundet Industri Energi meiner denne typen bonus er omfatta av likebehandlingsprinsippet, medan bemanningsbyrået og arbeidsgivarorganisasjonen NHO er ueinige.

– Vi meiner likebehandlingsprinsippet skal gjelde også bonus. Dei innleigde har bidratt til at bedrifta har forbetra seg og kan utbetale bonus, seier Asle Reime i Industri Energi til FriFagbevegelse.

– Forbundet er i prinsippet mot bonus og meiner at det er normal lønn som skal gjelde. Men når det først er utbetalt bonus, skal den gjelde for alle. Vi meiner dette er ei viktig prinsipiell sak, seier Reime.

Fryktar meir innleige

Lagmannsretten konkluderer derimot annleis: Aker BP sin såkalla selskapsbonus er knytt til konsernet og avdelingar sin prestasjon, ikkje til individuell arbeidsinnsats. Bonusen er dermed ikkje omfatta av lønnsomgrepet eller likebehandlingsprinsippet, meiner retten.

– Stemmer ikkje dette?

– Dette med å differensiere ut frå selskapsbonus eller ikkje, er berre tull. Derfor vil vi anke, seier Reime i Industri Energi og åtvarar:

p

– Med dommen frå lagmannsretten får likebehandlingsprinsippet ein større negativ effekt. Bemanningsbyråa får moglegheit til å differensiere seg frå andre, noko som gir ein konkurransefordel. Då lønnar det seg å leie inn framfor å tilsette fast, seier han.

FriFagbevegelse har kontakta både bemanningsbyrået Semco Maritime og NHO. Semco Maritime vil ikkje kommentere saka. NHO vil berre gi følgande kommentar i ein e-post:

– Vi konstaterer at Industri Energi opplyser at dommen frå Gulating lagmannsrett vil bli anka til Høgsterett. Vi meiner dommen er korrekt og i tråd med det NHO har hevda sidan likebehandlingsreglane kom i 2013.

Dette er saka:

Striden står om bonus er omfatta av arbeidsmiljølova sine reglar om likebehandling mellom innleigde og fast tilsette.

Reglane slår fast at innleigde frå bemanningsbyrå skal ha minst like gode lønns- og arbeidsvilkår som fast tilsette. Dei trådde i kraft i 2013 og er eit resultat av EU sitt vikarbyrådirektiv frå 2008.

Begge partar er einig om at saka er av prinsippiell karakter og resultatet vil dermed får konsekvensar for mange.

Dei to tilsette jobbar som dekksoperatørar på offshoreinnstallasjonar i Nordsjøen. Dei har vore utleigd til tidlegare BP og Aker BP i mange år, og den eine fekk fast jobb i selskapet i fjor.

Aker BP har lenge hatt eit bonusprogram for alle tilsette. Utbetalingane har variert fra 45.000 kroner til 75.000 kroner for tilsette i tilsvarande stillingar. Bonusordninga omfattar derimot ikkje innleigde.

Dei to kravde derfor etterbetaling frå bemanningsbyrået i slutten av 2017, for ein periode på fem år.

Byrået nekta, fordi dei meinte selskapsbonusar, som ikkje er eit resultat av individuelle arbeidsprestasjonar, ikkje er lønn og dermed ikkje er omfatta av likebehandlingsprinsippet i arbeidsmiljølova.

Dei tilsette gjekk derfor til sak med hjelp frå LO-forbundet Industri Energi. I Stavanger tingrett for eit drygt år sidan, fekk dei medhald.

Bemanningsbyrået vart dømt til å etterbetale bonusane på til saman over 460.000 kroner, i tillegg til å betale sakskostnadar. Men lagmannsretten dømte altså motsett, med unntak av at partane må betale eigne sakskostnadar.

Var dette interessant? Vil du dele den med noen andre?
08.08.2019
15:09
09.08.2019 07:48



Mest lest

Kommentar

Erna Solberg og Sylvi Listhaug må ta ansvar for to perioder med borgerlig styre.

Erna Solberg og Sylvi Listhaug må ta ansvar for to perioder med borgerlig styre.

Jan-Erik Østlie

«Politikere kan ikke rømme fra sin historie»

Johan Mathis Gaup

Sven Tomas fikk 50.000 mer i startlønn i hjemkommunen enn nyutdannede i Oslo

Hanna Skotheim

Vernepleier Anne fikk beskjeden: «Får du jobb i Oslo, må du aldri finne på å slutte»

Håvard Sæbø

Prisene har løpt fra lønna. Nå er det kroner og øre som gjelder, ifølge Eggum

Nav-ansatte Janne Cecilie Thorenfeldt tok arbeidergiveren for retten fordi hun mente at altfor mange kolleger hadde kunnet sjekke helseopplysningene hennes.

Nav-ansatte Janne Cecilie Thorenfeldt tok arbeidergiveren for retten fordi hun mente at altfor mange kolleger hadde kunnet sjekke helseopplysningene hennes.

Ole Palmstrøm

Nav brøt loven overfor egen ansatt: Frikjennes likevel i tingretten

Tri Nguyen Dinh

Hanne er permittert for tredje gang på to år. – Jeg har 2000 kroner igjen å leve for

Erlend Angelo

Baker Bjørn frykter strømprisene kan bety kroken på døra: – Så sint at jeg koker

Håvard Sæbø

Klubbleder Lars Olav saksøker matgiganten Tine: – Oppfølginga gjorde meg syk

Hanna Skotheim

Full seier til AAP-aksjonen: Regjeringa skroter karensåret. Her er reaksjonene

Robin Olsen er administrerende direktør i Posnord Norge. Han mener manipulering av dokumentasjon er typisk for utenlandske firmaer som kjører i Norge, og at sjåfører derfor ikke mottar den lønna de har krav på. Samtidig utførte utenlandske lastebiler over 19 000 oppdrag i Norge for Postnord i 2021.

Robin Olsen er administrerende direktør i Posnord Norge. Han mener manipulering av dokumentasjon er typisk for utenlandske firmaer som kjører i Norge, og at sjåfører derfor ikke mottar den lønna de har krav på. Samtidig utførte utenlandske lastebiler over 19 000 oppdrag i Norge for Postnord i 2021.

Stein Inge Stølen / Postnord

Postnord-direktøren mener forfalskning av lønnsdokumentasjon er «typisk»

Håvard Sæbø

Bedrifter har fått femdoblet strømregningen: Dette mener Norsk Industri-sjefen vi må gjøre nå

BITTER: Anne Kallset har jobbet som kontor- og arkivmedarbeider i 40 år, men avspises med NAVs minstesats for uføre.

BITTER: Anne Kallset har jobbet som kontor- og arkivmedarbeider i 40 år, men avspises med NAVs minstesats for uføre.

Ole Martin Wold

Anne (58) gikk i uførefelle: – Verden falt i grus da jeg fikk brevet fra Nav

Tonje Paulsen Solem

De ansatte har ventet på avgjørelsen i fire måneder: På tirsdag får de svar

HAVNET I RIKSDAGEN: Postnord-avsløringene i Norge ble debattert i den svenske Riksdagen 20. januar.

HAVNET I RIKSDAGEN: Postnord-avsløringene i Norge ble debattert i den svenske Riksdagen 20. januar.

Frilanser

Svensk riksdagspolitiker mener Sverige bør skamme seg over Postnord-skandalen i Norge

POLITIKARANE MÅ GRIPE INN: Staten må ta ei større del av straumrekninga og finne ei løysing med normale straumprisar, krev industriarbeidar Eric Andre Olsen.

POLITIKARANE MÅ GRIPE INN: Staten må ta ei større del av straumrekninga og finne ei løysing med normale straumprisar, krev industriarbeidar Eric Andre Olsen.

Privat

Industriarbeidar Eric Andre slit med straumrekningane: – Har aldri hatt det så trongt økonomisk

SENDT PÅ LAND: Regjeringens uklarheter sendte både skip og ansatte på land.

SENDT PÅ LAND: Regjeringens uklarheter sendte både skip og ansatte på land.

Tri Nguyen Dinh/Jarl Fr. Erichsen/NTB

Hundrevis av sjøfolk kan ha blitt permittert fordi regjeringen var for treige med å svare

Jon Rune Nyheim og Inger Robertsen jobber i kommersielt barnevern, og tjener mye mindre enn det de kunne fått dersom staten sto for driften.

Jon Rune Nyheim og Inger Robertsen jobber i kommersielt barnevern, og tjener mye mindre enn det de kunne fått dersom staten sto for driften.

Ole Martin Wold

Inger og Jon Rune kunne tjent opptil 40.000 kroner mer i staten

Trond Giske var invitert til årsmøtet i Byåsen Arbeiderlag for å holde innledning om den politiske situasjonen. Her fra Trøndelag Arbeiderpartis fylkesårsmøte i 2020. 

Trond Giske var invitert til årsmøtet i Byåsen Arbeiderlag for å holde innledning om den politiske situasjonen. Her fra Trøndelag Arbeiderpartis fylkesårsmøte i 2020. 

Heiko Junge / NTB

Trond Giske: Velgerne forlater oss

Tonje Paulsen Solem

Nå er det avgjort: Norgesplaster blir i Norge, men varsler endringer

Jei kontrolės metu ( žr. nuotrauką) nustatoma, kad darbuotojams nemokama tiek, kiek jiems priklauso, darbdaviui gresia iki šešerių metų kalėjimo.

Jei kontrolės metu ( žr. nuotrauką) nustatoma, kad darbuotojams nemokama tiek, kiek jiems priklauso, darbdaviui gresia iki šešerių metų kalėjimo.

Håvard Sæbø

Už darbuotojų darbo užmokesčių vagystę dabar gali būti baudžiama iki šešerių metų kalėjimu


Flere saker