JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Inkludering av innvandrarar i arbeidslivet:

Innvandrarar bør få lågare lønn, meiner forskarar. Uaktuelt, svarer LO og NHO

I ein rapport bestilt av Nordisk ministerråd, foreslår forskarar lønn lågare enn minstelønn for å få innvandrarar ut i arbeid. LO og NHO avviser forslaget.
LOs andre nestleiar, Roger Haga Heimli, avfeiar forslaget kontant.

LOs andre nestleiar, Roger Haga Heimli, avfeiar forslaget kontant.

Werner Juvik

tormod@lomedia.no

– Dette er ein dårleg idé, som bryt med den norske modellen både når det gjeld samfunnsorganisering og likebehandling, slår andre nestleiar i LO, Roger Heimli, fast og får støtte frå arbeidsgivarane:

– Eit sånn skille vil truleg føre til større forskjellar i det norske samfunnet, svarer direktør for arbeidsliv i NHO, Nina Melsom.

p

Problem for velferdsstaten

Fleire utanlandskfødde innvandrarar står utanfor arbeidslivet samanlikna med norskfødde. Dette er «eit alvorleg problem for dei generøse velferdsordningane våre» fordi dei er avhengig av at folk flest er i arbeid.

Det skriv generalsekretær Paula Lehtomäki i Nordisk ministerråd i forordet til den nye rapporten «Integrating Immigrants into the Nordic Labour Markets». Nordisk ministerråd er det offisielle samarbeidsorganet til dei nordiske regjeringane.

Rapporten peikar på at utanlandsfødde innvandrarar utgjer 21 prosent av personar i arbeidsdyktig alder i Norge, ifølge tal frå Eurostat.

Samtidig er forskjellen i sysselsetting 15 prosentpoeng mellom norskfødde og innvandrarar, der berre 65 prosent av sistnemnde er i arbeid. Delen er lågare for dei med låg utdanning, på berre 51 prosent.

Vil skape eit todelt arbeidsliv

Det kanskje mest kontroversielle forslaget i rapporten, er å gi lønn lågare enn minstelønn til utanlandskfødde innvandrarar med låg utdanning. Dette meiner forskarane vil skape ein inngang til arbeidslivet og eit springbrett til betre betalte jobbar.

Forslaget fell derimot ikkje i god jord hos dei norske arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane.

– Låglønnssporet kan i teorien virke enklare, men er vanskelegare å utforme i praksis og vil på sikt gi uheldige utslag med eit todelt arbeidsliv. Dit ønsker vi ikkje å komme i Norge, slår LO-nestleiar Roger Heimli fast i ein e-post til FriFagbevegelse.

– Når vi samanliknar erfaringar blant ulike land, ser ein at fleire enkle låglønnsjobbar ikkje gir fleire jobbar samla sett og samtidig medverkar til ein større lågproduktiv del og skeivare fordeling av lønn og anna inntekt. Å unngå låglønnssporet er avgjerande for å unngå store inntektsforskjellar, meiner Heimli.

Fleire på trygd

Arbeidsgivarorganisasjonen NHO peikar på at Cappelen-utvalet i 2016 behandla nettopp dette spørsmålet og at dette er noko det regjeringsoppnemnde sysselsettingsutvalet no skal diskutere.

– Ein eigen og lågare lønn for grupper med lite formell kompetanse, er ikkje vegen å gå i Norge. Dette konkluderte Cappelen-utvalet med, og den konklusjonen deler sysselsettingsutvalet, opplyser NHOs Nina Melsom i ein e-post til FriFagbevegelse.

– Cappelen-utvalet viser også til at lågare lønningar vil redusere avstanden mellom lønns- og trygdenivået, og det vil bli mindre lønnsamt å arbeide samanlikna med å motta trygd. Det kan auke risikoen for at fleire varig blir ståande utanfor arbeidslivet, meiner Melsom.

Saka held fram under bildet.

Nina Melsom, direktør for arbeidsliv i NHO, meiner forslaget vil føre til større forskjellar det norske samfunnet.

Nina Melsom, direktør for arbeidsliv i NHO, meiner forslaget vil føre til større forskjellar det norske samfunnet.

Ole Palmstrøm

Bak forslaget om lågare lønn, står dei svenske forskarane Simon Ek og Per Skedinger ved ved Institutet för näringslivsforskning.

Ny type jobbar

Dei meiner høge nordiske minstelønningar gjer at det ikkje er nok profitt å hente for arbeidsgivarane dersom dei tilset lågutdanna innvandrarar. Forskarane peikar på at eksisterande lønnstilskot og tilbod om utdanning ikkje fungerer i tilstrekkeleg grad. Derfor må lønna ned.

Forskarane foreslår derfor ein ny type jobbar for dei med låg utdanning, der lønna er lågare enn minstelønn. Desse kan innehalde delar av oppgåvene som vaktmeistrar, resepsjonistar, lagerarbeidarar, byggearbeidarar, omsorgsarbeidarar og handverkarar har i dag.

Store delar av forskinga på feltet konkluderer med at minstelønnsnivået påverkar lønnsnivået i øvrige delar av arbeidslivet. Dei to svenske forskarane hevdar likevel at lønna til dei faglærte arbeidstakarane kan bli høgare. Det er fordi dei slepp dei enkle arbeidsoppgåvene og dermed blir meir produktive arbeidstakarar.

Arbeidstakarane som har dei nye låglønnsjobbane bør også betale mindre i skatt, meiner forskarane, sånn at dei er sikra inntekt og lønnsforskjellane etter skatt blir mindre. Målet er at desse jobbane skal bli ein veg inn i arbeidslivet og fungere som eit springbrett for betre betalte jobbar.

Men det er arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane som må forhandle fram løysinga, slår forskarane fast, i tråd med den nordiske modellen for å fastsette lønn.

Utdanning og lønnstilskot

Det kjem neppe til å skje. LO og NHO står nemleg på at denne løysinga ikkje er riktig svar på utfordringa.

– Det er ingen tvil om at det er nødvendig å integrere fleire med innvandrarbakgrunn i arbeidslivet, men løysinga er ikkje å skape nye låglønnsjobbar. Oppskrifta på å inkludere fleire, anten vi snakkar om flyktningar eller allereie etablert befolkning, er å satse på kompetanse og ikkje på låglønnssporet, meiner nestleiar Roger Heimli i LO.

– For å styrke sysselsettinga må meir midlar rettast inn mot kompetanseheving for arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn. Det dreier seg om etter- og vidareutdanning, kompetanseheving i arbeidslivet, men også å få fleire gjennom vidaregåande.

p

NHO trekker fram statleg støtte til å lønne arbeidstakarar som ei løysing dei har tru på.

– Då får arbeidstakaren same lønn som andre grupper, men risikoen for arbeidsgivar er lågare fordi staten er med og deler kostnadene ei periode. Nøkkelen til inkludering av fleire i arbeidslivet, er kompetanse, språk og riktig kopling av kandidatar sånn at bedriftene får den typen arbeidskraft dei treng, meiner direktør Nina Melsom.

Rapporten bestilt av Nordisk ministerråd fremmar fleire forslag på bakgrunn av nordisk forsking om inkludering av innvandrarar i arbeidslivet og fremmar forslag basert på denne. Blant dei øvrige mest kontroversielle forslaga i rapporten, er strengare vilkår for å få sosialstøtte.

Warning
Annonse
Annonse