JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kvar fjerde svenske LO-medlem vil stemme Sverigedemokraterna

No legg svensk LO alle krefter inn i kampen for å hindre at arbeidarstemmene går til Sverigedemokraterna.
Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

– På svenske arbeidsplassar handlar det om to parti – anten stemmer ein på Socialdemokraterna eller så stemmer ein på Sverigedemokraterna, seier rådgivar Johan Ulvenlöv i svensk LO til FriFagbevegelse.

Ein «ordentleg stillingskrig» kalla den svenske LO-sjefen situasjonen, på ein pressekonferanse førre veke. No handlar alt om å få veljarane til å vippe den «riktige» vegen på valdagen 9. september.

900.000 barnefamilier kan få en ekstra friuke hvis han vinner valget

SD vinn terreng i LO

Blant LO-medlemmene vil 25 prosent stemme Sverigedemokraterna i årets val, ifølge den sist publiserte målinga teken opp i mai. På same måling går Socialdemokraterna tilbake med 8 prosentpoeng, til oppunder 40 prosent oppslutting.

Målingane for alle veljarar viser, til forskjell, at Sverigedemokraterna vakar under tjutallet. Sverigedemokraterna gjer det altså betre blant LO-medlemmene enn i resten av befolkninga og vinn terreng overfor Socialdemokraterna.

Frp fekk til samanlikning berre 8,5 prosent av dei norske LO-medlemmene sine stemmer i fjorårets val. Blant alle veljarar, fekk partiet nesten dobbel så stor oppslutting på 15 prosent av stemmene.

I førre riksdagsval var resultatet tvert om også for Sverigedemokraterna: Partiet gjorde det dårlegare blant LO-medlemmene og Socialdemokraterna fekk reint fleirtal.

Kvifor gjer Sverigedemokraterna det så bra blant LO-medlemmene?

– Flyktningkrisa har skulda

LO-rådgivar Johan Ulvenlöv meiner det er spesielt eitt spørsmål som skiller seg ut blant grunnane til at Sverigedemokraterna har oppnådd så stor oppslutting blant LO-medlemmene.

– Flyktningkrisa har fått mange til å lure på korleis vi skal klare velferden. Derimot betyr ikkje det at dei meiner Sverigedemokraterna sin arbeidslivspolitikk er å føretrekke. Men akkurat no har flyktningpolitikken vore viktigare, meiner LO-rådgivaren.

Om flyktningpolitikk framleis er viktigast for veljarane på valdagen, og partiet gjer eit godt val, fører det også til mindre påverknad for LO.

LO avviser nemleg kontakt med partiet.

– Vi vil ikkje normalisere partiet. Vi tar avstand fra det Moderaterna har gjort gjennom å strekke ut ei hand til Sverigedemokraterna. Det har med politikken og menneskesynet deira å gjere, seier Ulvenlöv.

Mikael Wiehe slår mot høyre og venstre: – Vi kan ikke kompromisse med høyrepopulismen

– Ulukke og tragedie om dei blir største parti

Sjølv om Sverigedemokraterna ligg under 20-talet på målingane dei fleste svenske avisene bruker, er ekspertane ueinig om dette verkeleg er representativt.

På målingane som er tekne opp gjennom internett-undersøkingar, har derimot Sverigedemokraterna i lengre tid vore største parti. På Yougovs og Sentios måling får dei rundt 25 prosent.

– Kva gjer LO om Sverigedemokraterna blir største parti etter valet? Vil de samarbeide med partiet?

– Vi kjem til å jobbe hardt den siste veka for at det ikkje blir resultatet. Korleis Sverige ser ut om denne ulukka og tragedien skjer, har ikkje eg mandat til å seie noko om, svarer LOs Johan Ulvenlöv.

Måten LO skal mobilisere veljarar til Socialdemokraterna på, er å snakke om sakene der veljarane ikkje er einige med Sverigedemokraterna.

– Organisasjonen vår og medlemmene våre må snakke om arbeidslivet, som kjem til å bli verre om Sverigedemokraterna får makt og innverknad, sier Ulvenlöv.

FriFagbevegelse har fleire gongar kontakta Sverigedemokraterna, lagt fram LOs kritikk og stilt fleire spørsmål, utan å få svar.

#1 Innføre lågare løn

Det er hovudsakleg to arbeidslivsspørsmål svensk LO no prøver å formidle til medlemmene sine. Det eine handlar om såkalla inngangsløn – det aktørar på den norske høgresida kallar «innslusingsløn».

Sverigedemokraterna ønsker å lovfeste ei ny tilsettingsform som gir lågare løningar til dei som er ny i arbeidslivet. Dette er noko også Alliansen (Moderaterna, Centerpartiet, Liberalerna og Kristdemokraterna) meiner vil sikre at fleire kjem i arbeid.

Forslaget går ut på at innvandrarar og unge opp til 23 år kan få ei løn som ligg på 70 prosent av den rådande startløna i bransjen, opp til eit tak på 21.000 kroner brutto i månaden.

– Det er eit angrep på regelen i arbeidslivet om at det er partane som fastset løn. Dette handlar om å lovfeste senka løningar. Det er eit avvik frå den svenske modellen og slår direkte mot våre medlemmer, seier Johan Ulvenlöv.

LO-rådgivaren peikar på at ingen andre land i verda har noko liknande og meiner det er «absurd» å lovfeste eit tak på løningar. Lønsnivået vil dessutan spreie seg lengre opp i lønsstigen, meiner han.

#2 Svekke ansiennitetsprinsippet

Både Sverigedemokraterna og den borgarlege Alliansen vil endre den svenske lova om stillingsvern og det som tilsvarar det norske ansiennitetsprinsippet – altså at dei som er tilsett sist går først når arbeidsgivarar skal seie opp tilsette.

Sverigedemokraterna vil auke unntaket frå to personar til fem, medan dei andre partia anten vil ha eit større unntak eller at kompetanse skal vere kriteriet.

– Legg du inn at subjektive vurderingar – som kompetanse og liknande – skal gjelde før ansiennitetsprinsippet, forsvinn tryggleiken og arbeidsgivaren kan velje å seie opp den som passar dei best, seier Ulvenlöv.

Han peikar på at arbeidsgivaren allereie i dag kan gjere kan unntak frå ansiennitetsprinsippet.

– Men då må ein ha forhandlingar med fagforeininga, og ein blir ofte einige. Forslaga om endring gir meir makt til arbeidsgivarar i forhandlingssituasjonar, seier LO-rådgivaren.

Om du er bekymra for lågare løn og utrygge jobbar, kan du ikkje stemme på Sverigedemokraterna, meiner LO. Søndag denne veka vil det vise seg om strategien fungerer, når svenskane går til valurnene.

Svensker og dansker får stadig mindre i sykelønn og ledighetstrygd

Warning
Annonse
Annonse