Nytt om folk:
Øystein Guin er ny LO-koordinator for utbygginga av Ørland flystasjon
Han tar over jobben etter Roar Aas, med å passe på at det er ordna arbeidsforhold under utbygginga på Ørland i Trøndelag.
Øystein Guin (til høyre) tar over for Roar Aas som LO-koordinator for utbyggingen av Ørland flystasjon.
Silje Grytli Tveten, Forsvarsbygg
tormod@lomedia.no
I over fire år har LO hatt ein representant ved utbygginga som skal gi Ørland flystasjon nye bygg og anlegg til dei nye kampflya F-35. Roar Aas har vore LO-koordinator sidan den gong. No tek Øystein Guin over, melder Forsvarsbygg.
– I løpet av mi yrkesaktive fartstid har eg fått mykje erfaring, både frå eigen arbeidspraksis og gjennom tillitsvaltsrolla. Eg er svært motivert til jobben som LO-koordinator og synest det er veldig spennande å få moglegheita til å vere med på eit så stort prosjekt som dette, seier Guin i ei pressemelding.
p
LO-koordinatoren er ein del av utbyggingsprosjektet sin organisasjon med kontor saman med Forsvarsbygg. Koordinatoren skal passe på at det er ordna arbeidsforhold under utbygginga.
– LO-koordinatoren har vore ein viktig medspelar for at vi etter mange års bygging ikkje har hatt alvorlege arbeidsuhell og lite skader, seier Jens Levi Moldstad, utbyggingssjef i Forsvarsbygg kampflybase.
Guin starta i jobben i juni med overlappingsperiode fram til august. Han har bakgrunn som blant anna anleggsgartnar, miljøarbeidar og anleggsleiar. Han har også tenestegjort i Forsvaret og vore tillitsvalgt i fleire periodar.