– Eg kjenner meg meir med i arbeidet med pasientane, seier Mona Beate Johnsen.
Siv Hege Wik
Sykehus og omstilling:
På dette sjukehuset tek sekretærar blodprøver: – Føler eg gjer ein viktigare jobb no
Mona Beate Johnsen har fått ei ny oppgåve. Ho og tolv sekretærar på Stavanger universitetssjukehus tek no blodprøver på avdelinga.
karin.svendsen@fagbladet.no
Kvar morgon går dei runden for å ta prøver av pasientar som ligg inne. Når det trengst, tek dei fleire prøver i løpet av dagen. Postsekretær Mona Beate Johnsen (49) arbeider på Geriatrisk avdeling og er ein av dei tolv. No tar ho 15–20 blodprøver for dagen på pasientar som ligg inne.
Måtte bli trygga
Dei tolv postsekretærane tok eit teoretisk kurs på tre timar i februar. Då fekk dei friske opp det dei hadde lært om prøvetaking under utdanninga. Resten av dagen gjekk med til stikketrening. Då øvde dei seg på kvarandre.
– Deretter arbeidde vi saman med bioingeniørar ute på avdelingane så lenge vi trengde for å kjenne oss trygge, fortel Johnsen.
Bioingeniørane rettleidde kvar og ein av dei tolv. Det var også dei som gav grønt lys for når den einskilde sekretæren kunne begynne å arbeide sjølvstendig.
Fått med deg denne? Radiograf Ahmad har jobba 50 år i Noreg
Ulike årar
Siv Hege Wik er avdelingssjef for kontortenesta ved SUS. Ho seier at postsekretærane var noko skeptiske til å få ansvar for prøvetakinga på avdelingane.
– Vi merka ein viss motstand, vedgår ho.
Den viktigaste grunnen til det var at postsekretærane allereie hadde nok å gjere. Dei flytta difor ein del av oppgåvene deira ut av sengepostane.
Men nokre kvidde seg også for sjølve stikket. Det gjorde mellom andre Mona. For det er ikkje alle pasientar som er like lette å stikke. På mange eldre er årane blitt sprø slik at dei lett sprekk, og pasienten får blåmerke. Andre årar rullar unna nåla. I blant koagulerer blodet fort, og det kjem ikkje noko i glaset.
– Eg trong lang tid for å kjenne meg trygg. Men bioingeniørane gav veldig god rettleiing og hjelp, seier ho.
Mykje lest: Josefine vil mest sannsynleg miste kollegaer ho har fått under pandemien
Tidlegare heim
No er Mona Beate Johnsen glad for den nye oppgåva.
– Det kjennest som at jobben eg gjer, er blitt viktigare. Eg er meir med i arbeidet for å gjere pasienten frisk slik at han kan reise heim tidlegare, seier ho.
Og det er nett det som er målet med denne oppgåveglidinga. Når prøvene blir tatt på avdelinga, slepp dei å vente på ein bioingeniør. Dessutan kan bioingeniørane no prioritere analysar. Begge delar fører til raskare prøvesvar. Slik kan dei starte behandlinga raskare, og pasienten kjem seg tidlegare ut igjen frå sjukehuset.
– Utgangspunktet for denne oppgåveglidinga var at vi ville ha meir effektivt pasientgang, seier Siv Hege Wik. Ho understrekar at ho er svært nøgd med sekretærane si evne og vilje til omstilling.
Det går raskare no
Kvart år blir det tatt over 200.000 blodprøvar på SUS. Mange av pasientar som ligg inne, må gje frå seg ei stor mengd blodprøver. Bioingeniørane skal framleis ta ein del av dei. Bioingeniørane er også tilgjengelege når dei på avdelinga treng hjelp med vanskelege stikk, spesielle prøver og når det hastar med prøvetaking på natt.
Desentralisert blodprøvetaking er ein pilot som etter planen skal rullast ut på SUS fram til 2023, året før innflytting i nytt sjukehus.
Mest lest
Arne Birkemo
Avdekket mareritt på Stavanger-restaurant: – Det verste jeg har sett
Tormod Ytrehus
Lønnsoppgjøret 2023 er i gang: Dette krever LO
Gravemaskinfører Jørgen Reinskås vil sette lys på saken sin så andre slipper å oppleve det samme.
Tone Tveit
Jørgen (70) ble filleristet i gravemaskinen, men får småpenger i erstatning
– Årets lønnsforhandlinger blir vanskelige, tror LO-lederen.
Leif Martin Kirknes
LO forbereder storstreik: Dette kravet må innfris
IKKE SETT PÅ MAKEN: Distriktssekretær i EL og IT Nordland, Ulf Iversen, sier han ikke har sett maken på sine 40 år som tillitsvalgt og ansatt i distriktet. – Hadde ikke trodd det var mulig, sier han.
Knut Viggen
Hovedtillitsvalgt utestengt og oppsagt: – Hadde ikke trodd at dette var mulig
Frøydis Falch Urbye
Skal du jobbe i påska? Her er rettighetene dine
Håvard Sæbø
Her skrur de ansatte av lysene i lunsjpausen for å spare strøm
Selv om det er mørke tall for befolkningen i Nord-Norge, tror fylkesdirektør Kristin Røymo i Nav troms og Finnmark at det finnes løsninger for bedre framtidsutsikter.
Guro Gulstuen Nordhagen
Unge arbeidstakere forlater Nord-Norge: – Åpenbart at det krever endring
Brian Cliff Olguin
LO-lederen angriper Wolt: – Hører ikke hjemme i norsk arbeidsliv
Raudt-politikarane Mímir Kristjánsson på Stortinget og Siavash Mobasheri i bystyret i Oslo.
Tormod Ytrehus
Raudt truar med å ta frå Olivia-restaurantane skjenkebevillinga
Henrikke Tresselt (49), barnepleier på Rikshospitalet.
Jan-Erik Østlie
Henrikke vil bli sykepleier, men 22 års erfaring teller ikke
Å smelte glassfiber krever mye varme. Energiforbruket til 3B Fibreglass Norway på Birkeland tilsvarer det 8.000 husstander bruker i året. Strømprisene gjør det billigere å bruke propan enn ren elektrisk strøm.
Tormod Ytrehus
Femdobling av strømutgiften kan knekke sørlandsbedrift
Et passasjertog kolliderte med et møtende godstog i Hellas natt til 1. mars. 57 ble drept og flere titalls passasjerer ble skadet.
Vaggelis Kousioras / AP / NTB
Det greske raseriet: Jernbaneulykken var en ventet katastrofe
LO bidrar til å spre jødehat, mener Torkel Brekke, professor ved OsloMet. – Nei, det gjør vi slett ikke, svarer Liv Tørres, leder av LOs internasjonale avdeling.
CF-Wesenberg/kolonihaven.no og Sissel M. Rasmussen
Professor mener LOs Israel-boikott sprer hat mot jøder
Brian Cliff Olguin
Fagforeningsleder Ole-Jacob mener han har trampa inn i en 30 år gammel konflikt
Berit Roald / NTB
Nav vet fortsatt ikke hvor mange som mistet AAP i et helt år
Partileder Jonas Gahr Støre før sin landsmøtetale i 2021. (Arkiv).
Ole Berg-Rusten / POOL / NTB
Kan bli trygdeoppgjør i Arbeiderpartiet
LABBEN: I godt over 18 år har Røhmesmo jobbet på labben i bedriften. Det har gjort at han sluttet med skiftarbeid - et arbeid som ofte henger sammen med helseplager og tidlig avgang.
Petter Pettersen
Vil ha seniorer som Ole Martin (64) lenger i jobb: – De har en unik kompetanse
Finansminister Elisabeth Svantesson (Moderaterna) etter møtet med Axfood, Ica og Coop angående de høye prisøkningene, 21. mars 2023.
Pontus Lundahl / TT / NTB
Finansminister provosert av bonuser i dagligvarebransjen
– Det er overraskende at utbetalingene holder seg så høyt, sett i lys av den tiden vi er i, sier økonomisk rådgiver i Simployer, Espen Øren.
Brian Cliff Olguin