Sjefane i statseigde selskap på børs tente 12 millionar i snittløn
Equinor-sjefen hadde ei lønsauke som var 30 prosentpoeng større enn auken til dei tilsette han er sjef for. Det viser eigarskapsmeldinga som staten legg fram i dag.
Equinor-sjef Eldar Sætre.
Ole Jørgen Bratland / Statoil (pressefoto)
tormod@lomedia.no
97 millionar var den samla løna til konsernsjefane i dei åtte selskapa på Oslo Børs med direkte statleg eigarskap. Det melder NRK tirsdag morgon.
Fast løn utgjorde over halvparten av løna – medan bonusar, pensjonsopptening og frynsegode utgjorde resten.
• Dette er lønna i over 300 yrker
Equinor-sjef (tidlegare Statoil) Eldar Sætre hadde den største løna og stakk av med nesten 15 millionar. Det er ei auke på 32 prosent, frå dei nesten 11,4 millionane Sætre tente i 2016.
– Det er umusikalsk i mine øyre, seier Frode Alfheim, forbundsleiar Frode Alfheim i Industri Energi, som organiserer mange av dei tilsette i Equinor, til FriFagbevegelse.
Dei tilsette hadde ei lønsauke på 2 prosent i fjor, som altså er 30 prosentpoeng mindre auke enn sjefen.
– Vi erkjenner at han skal ha høg løn, men dette er noko heilt anna enn oppgjeret for medlemmene våre, seier Alfheim.
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen seier til NRK at løningane må vere konkurransedyktige for å få dei rette leiarane. Tirsdag presenterer Isaksen årsrapporten for statens eigarskap på den årlege eigarskapskonferansen.
Staten har aksjemajoriteten i Equinor og to av dei andre selskapa på lista.
• Dette tjener direktørene i Norges 100 største selskaper
Statens aksjedel i dei børsnoterte selskapa:
• Equinor 67 prosent
• Telenor 53,97 prosent
• Kongsberg Gruppen 50,001 prosent
• Yara International 36,21 prosent
• Norsk Hydro 34,26 prosent
• DNB 34 prosent
• Entra 33,4 prosent
• SAS 9,88 prosent
• Dette er de 25 dårligst betalte yrkene
• De skal forhandle om din pensjon og lønn: Så mye tjener toppene i LO og NHO