Svenske Transportarbeidarforbundet:
Svensk LO-forbund brukte 600.000 kroner på «luksusreise» til Singapore
Det svenske Transportarbeidarforbundet får krass kritikk for toppane sin pengebruk.
Illustrasjonsfoto.
Colourbox.com
Saken oppsummert
tormod@lomedia.no
Den svenske avisa Aftonbladet avslørte førre veke at det svenske Transportarbeidarforbundet har brukt 600.000 svenske kroner på ei reise til Singapore i midten av oktober.
Ifølge avisa budde alle forbundets tolv representantar på eit luksushotell og flydde på businessklasse for 25.000 kroner per person, sjølv om fleire starta opphaldet med ferie.
Medlemmer rasar mot forbundet
– Eg såg ikkje på prisane i forkant, eg gjorde ikkje det, seier leiar Tommy Wreeth til avisa.
Formålet med turen var ITF-kongressen, ein internasjonal kongress for transportarbeidarforbund som blir arrangert kvart fjerde år. I år hadde kongressen 2.400 deltakarar. 13 norske forbund er medlemmer i ITF, og mange av desse var representert i Singapore.
Fleire rasar no mot det svenske Transportarbeidarforbundets pengebruk, ifølge Aftonbladet. Medlemmer spør korleis ein kan forsvare kontingenten, når leiinga ikkje er villeg til å fly økonomi og bu på eit vanleg konferansehotell.
Ifølge forbundet pågår det allereie eit arbeid internt der dei ser på reglane om tenestereiser, men dei har ikkje bestemt seg om reglane skal skjerpast.
Ifjor måtte dåverande leiar Lars Lindgren gå av etter at ei gransking viste at han hadde brukt forbundets pengar til private formål.
Transportarbeiderforbundet og Fellesforbundet vil slå seg sammen
Nordmennene brukte konferansehotell
– Vi låg på eit av dei anbefalte konferansehotella, seier leiar i Norsk Transportarbeidarforbund, Lars M. Johnsen, til FriFagbevegelse.
Han fortel at forbundet har ein regel om at ein kan fly business om flyreisa varer over fem timer. To av forbundets fem representantar på ITF-kongressen valde å fly business. Dei tre andre gjorde ikkje det, fordi dei valde å kombinere turen med ferie, opplyser Johnsen.
– Vi prøver å reise på billegast mogleg måte og finne billeg hotell i nærleiken av kongressar og konferansar vi er på, seier Johnsen på telefon frå eit tog på veg til LOs kartellkonferanse på Gol.
Han vedgår at prisnivået i Singapore gjorde at utgiftane til blant anna måltid på turen vart høgare enn rekna med, sjølv om han enno ikkje har ei samanstilling av kostnadane å vise til.
– Singapore er frykteleg dyrt, over norske prisar. Det gjorde at kostnadane var høge, men at vi også reduserte deltakinga vår. På førre ITF-kongress i Sofia hadde vi med heile forbundsstyret, forklarer Johnsen.
Svenska Transportarbetareförbundet
er eit svensk LO-forbund, med omtrent 58.000 medlemmer, og søsterforbundet til Norsk Transportarbeiderforbund.


Nå: 0 stillingsannonser
Flere saker
Svenska Transportarbetareförbundet
er eit svensk LO-forbund, med omtrent 58.000 medlemmer, og søsterforbundet til Norsk Transportarbeiderforbund.