JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Vi må kutte i sjukeløna, krev dei borgarlege ungdomspartia

Sjukeløna må ned – for å redde velferdsstaten. Det meiner ungdommane i dei borgarlege partia.
KrFU-leiar Martine Tønnessen, UH-leiar Sandra Bruflot, UV-leiar Sondre Hansmark FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud går ut i felles front mot sjukeløna.

KrFU-leiar Martine Tønnessen, UH-leiar Sandra Bruflot, UV-leiar Sondre Hansmark FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud går ut i felles front mot sjukeløna.

KrFU, UH, UV, FpU (pressefoto)

tormod@lomedia.no

I Dagbladet tysdag foreslår dei borgarlege ungdomspartia å redusere sjukeløna til 80 prosent. Det er leiarane i ungdomspartia til Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti som stiller seg bak forslaget. Det er ikke første gong dei står saman i denne saka.

I dag får ein sjukepengar tilsvarande full løn, men berre opp til seks gongar grunnbeløpet i folketrygda (561 800 kroner).

Denne ordningane går ungdommane ut mot i harde ordelag.

«Vi mener det verken er usolidarisk eller usosialt å kutte i sykelønna. Dersom du har sykelønn er du en del av arbeidsstyrken i Norge, og dermed ikke en av de svakeste i samfunnet», seier Martine Tønnessen (29), leiar i Kristelig Folkepartis Ungdom, til avisa.

KrFU-leiaren vil heller overføre pengane til dei som er varig utanfor arbeidslivet og på denne måten målrette ytingane.

Høyre-statsråd avfeier Høyre-forslag om karensdag

Redde velferdsstaten

Leiar i Unge Høgre, Sandra Bruflot, trekk fram perspektivmeldinga frå noverande og førre regjering, som viser at ein ikkje kan oppretthalde velferdstenestene på dagens nivå.

Men sjølv om ungdomspartileiarane er skjønt einige, er Venstre det einaste partiet har programfesta kutt i sjukeløna, sjølv om diskusjonane også gjekk under Høgres landsmøte.

Leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark, seier til Dagbladet at dei vil jobbe med å få gjennomslag i regjeringa for kutt i sjukeløna innan 2020.

Få nyhetsbrevet vårt

• Følg oss på Facebook og Twitter

Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside

Warning
Annonse
Annonse