JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Seljetunet i Stad kommune:

Sjukeheimen måtte lukke dørene på grunn av korona, men bak dei stengde dørene er det liv og røre

For to år sidan opna sjukeheimen Seljetunet for lokalsamfunnet for å betre livskvaliteten til bebuarane. I mars 2020 måtte dei lukke dørene igjen – men noko har dei lært.
FØR KORONAEN: Maria Helgesen (t.h.) arrangerer trim for alle som vil vere med.

FØR KORONAEN: Maria Helgesen (t.h.) arrangerer trim for alle som vil vere med.

Foto: Tarjei Langeland

28.09.2020
15:16
28.09.2020 16:13

karin.svendsen@fagbladet.no

Nokre bebuarar på Seljetunet tykte dagane var keisame og einsame. Svaret vart Livskvalitetsprosjektet, og koordinator Maria Helgesen kan fortelje om ei rekkje tiltak som gav bebuarane eit meir aktivt og sosialt liv: Barnehageungar, skuleelevar, kor- og musikkøvingar, andaktar og hobbyverkstad skapte liv og røre på heimen.

Bebuarane skulle leve heile livet.

Dette sykehjemmet går foran: Kokk André (22) tryller med maten til de eldre

Samarbeid med samfunnet utanfor

Bakgrunnen var ei kartlegging frå 2018. Bebuarane på Seljetunet sjukeheim, i det som no heiter Stad kommune, var nøgde med det meste. Både mat og pleie fekk terningkast fem. Men aktivitetstilbodet skåra gjennomsnittleg 3,5.

Bebuarane ønskte at pleiarane brukte meir tid saman med dei, og sakna kontakt med andre menneskje.

Der kom Maria Helgesen inn. Ho arbeidde med Livskvalitetsprosjektet i 2018 og 2019. Då prosjektet vart avslutta og stillinga hennar forsvann ved nyttår i år, hadde mykje skjedd. Ein innhaldsrik aktivitetskalender vart fornya og hengt opp på sjukeheimen kvar månad.

For å komme bebuarane sitt ønske om eit meir aktivt og sosialt liv i møte, vart lokalsamfunnet invitert inn på sjukeheimen.

– Me fekk til eit tettare samarbeid med barnehage, skule og frivillige, fortel Maria Helgesen.

Samstundes vart både tilsette og bebuarar meir synlege ute i lokalsamfunnet. Det var særleg innkjøp av to elektriske sykkeldrosjar som gjorde det lettare å komme seg ut. Dei innførte også fellestrim. Slik møttest bebuarar frå alle avdelingane kvar veke til trim med servering av smoothie etterpå.

Smittevern trumfar alt

Men det var før koronaen kom til Noreg.

– Mykje ligg no på is, seier Rita Hatlenes, assisterande tenesteleiar på Seljetunet.

Hatlenes følgde livskvalitetsprosjektet tett.

Slik fikk Caroline (33) jobb på sykehjemmet

– Noko av det siste som skjedde før koronapandemien råka oss, var ein dansekveld med ein lokal artist i februar. Da var det fullt dansegolv og stor stemning, fortel ho.

No er det strenge restriksjonar på kven som får komme inn. I sommar var det personalet som tok bebuarane med på tur i hagen.

– Me har ein flott hage, men vi som arbeider her, rekk ikkje å bruke så mykje tid der. Men heldigvis har me flotte pårørande som stiller opp når vi spør, seier Hatlenes.

ALDRI SUR: Rita Hatlenes på tur med ein av bebuarane i fjor. Slik kan dei også no få friske inntrykk.

ALDRI SUR: Rita Hatlenes på tur med ein av bebuarane i fjor. Slik kan dei også no få friske inntrykk.

På ein av dei nydelege soldagane i sommar kom to brør opp og hadde trekkspelkonsert i hagen. Diakonigruppa heldt også konsertar i hagen. Då sat bebuarane på balkongar, i vindauga eller i små grupper ute. Og 17. mai kom skulekorps og drilltropp inn i hagen og spelte for bebuarane.

– Vi prøver å vere oppfinnsame innanfor dei smittetiltaka som regulerer kvardagen, seier Hatlenes.

Medan trimmen før var felles for heile huset, må alle no trimme på si eiga avdeling. Også song og spel skjer på avdelinga.

Om ho ser for seg at dei vil ta opp att aktivitetane frå prosjektet seinare?

– No er det berre smittevern som gjeld. Me er glade for kvar veke som går utan at smitta har kome inn i sjukeheimen, svarer ho.

Prosjektleiar Maria Helgesen meiner Livskvalitetsprosjektet har sete spor sjølv om redsla for korona har gjort det vanskelegare å skape eit sosialt liv for dei 50 bebuarane på sjukeheimen.

Eit av tiltaka som kan fortsetje, er «Mitt livsark». Før dei flyttar inn på sjukeheimen, skriv bebuarane saman med pårørande og tilsette opp livshistoria og interessene sine. Livsarket blir nytta til å finne aktivitetar som er mest mogleg engasjerande for den nye bebuaren.

Matglede kvar dag, matgledefest kvart år

Sjølv om maten skåra høgt då bebuarane sa si meining om tilstanden på Seljetunet, har dei tilsette på kjøkkenet gjort mykje for å bli endå betre.

Fagleiar Yvonne Rundereim fortel at før var det for lang tid mellom kvelds og frukost for dei som ikkje tok imot tilbod om seinkvelds. No får alle tilbod om varm, heimelaga kveldssuppe klokka ni på kvelden. Og dei som ikkje kjem av seg sjølv, blir nøda.

– Viss nokon er urolege tidlegare på kvelden, får også dei tilbod om å ete litt, fortel ho.

Dei tilsette på kjøkkenet er også medvitne om at måltida er meir enn maten.

– Maten skal smake godt og vere næringsrik. Men det skal også vere greitt der me sit og et, seier Rundereim.

Ho meiner også at matlukta på avdelinga vekkjer appetitten.

– Difor lagar me vaffelrøre, slik at dei som er på avdelinga, kan steike der.

Ei anna endring som følgde med Livskvalitetsprosjektet, var matgledekvelden. Her kjem bebuarane til ein spisesal med kvite dukar, og dei møter frivillige og tilsette kledde som hovmeister og servitørar på dei finaste restaurantane.

Før koronaens tid vart også pårørande inviterte. No er matgledefesten blitt litt mindre.

VIKTIG: Yvonne Rundereim og kollegaene på kjøkkenet lagar framleis mat som duftar og fristar.

VIKTIG: Yvonne Rundereim og kollegaene på kjøkkenet lagar framleis mat som duftar og fristar.