PRINSIPPFAST: – Det er sjølve forhandlingsretten det står om, seier nestleiar i Skolenes landsforbund, Terje Moen.
Bo Mathisen/Skolenes landsforbund
– No eller aldri for lærarane
– Forslaget til KS er ueteleg, og deira fallhøgde er enorm, seier nestleiar i Skolenes landsforbund, Terje Moen. Han forklarar kvifor.
frifagbevegelse@lomedia.no
– Det er ikkje organisasjonane som har skapt eit dårleg debattklima. Det sytte KS-leiar Sundnes for då han proklamerte endringar i skulen på framsida i Dagens Næringsliv, før me i det heile tatt hadde byrja forhandlingane, fastslår trøndaren.
Konsekvensane
Moen er kokk og har 15 års fartstid som yrkesfaglærar. Menyen som KS har lagt for dagen meiner han rett og slett er «ueteleg». Han ser for seg negative konsekvensar ved KS sine forslag.
– Det er ein uhorveleg mengde lærarar kring 62 år som tel på knappane. Eg spår ei avskaling i denne gruppa om KS får gjennomslag, seier han.
Nestleiaren ser heller ikkje optimistisk på rekrutteringa til læraryrket i kjølvatnet av ei slik ordning:
– Kanskje KS ser for seg at ein ikkje treng fleire lærarar, ettersom ein kan pålegge meir undervisning på dei som allereie er der frå før.
Pressa rektorar
For rektorane kan det kanskje verke besnerande å kunne bestemme mykje sjølve, dersom dei sentrale avtalane fell bort. Men, meiner Moen, sidan dei aller fleste rektorane er dyktige, oppegåande folk som ynskjer god undervisningskvalitet, kjem dei dårleg ut med eventuelle endringar.
– Rektorane vil oppleve økonomisk press frå kommunane. Om kommunekassa vert tom, og rådmannen fordeler kuttpostane, så sit rektorane med skjegget i postkassa, meiner han.
Her har han støtte frå Magnus Marsdal, forfattaren bak boka Kunnskapsbløffen, og sjefsideologen i venstresida si tankesmie Manifest Analyse. Marsdal meiner mange rektorar vil oppleve ein real blåmåndag med KS sitt tilbod.
– Konsekvensane kan bli auka styring frå rektorane, i staden for auka leiing, meiner Marsdal.
Medan leiing handlar om fagleg utvikling og bygjing av lojalitet mellom over- og underordna, handlar styring ofte om byråkratisering, talfesta målingar og insentiv som legg grunnlaget for å vere lydig, men ikkje for lojalitet. Slikt blir det ikkje undervisningskvalitet av, meiner han.
Dårlegare undervisningskvalitet
Nestleiaren i SL trur også at undervisningskvaliteten blir redusert om KS får det som dei vil. Det å strekke arbeidsåret verkar meiningslaust. Ein kan ikkje førebu seg godt om ein ikkje kjenner enkeltelevane og elevgruppa meiner han. Tid til for- og etterarbeid vil kunne gå bort.
Forhandlaren Moen og ideologen Marsdal får støtte frå fleire hald. Det er vanskeleg å talfeste eksakt, men mange rektorar deler skepsisen mot KS-forslaget. Dette melder blant anna rektor Hege Mæhle frå Grindhaug skule på Karmøy som sjølv er motstandar av KS-krava og som hevdar å ha dei fleste Karmøy-rektorane med seg. Dersom taket på leseplikta, med andre ord undervisningstimane, vert fjerna, ser ho for seg økonomiske innsparingar og ein vanskeleg jobb med å avgjere kven av lærarane som kan tole høgare leseplikt.
– Utfordringar i høve til samarbeid og arbeidsmiljø på skulane kan bli konsekvensen, seier Mæhle. Ho fryktar at innsparingar og ei utviding av arbeidsåret vil kunne føre til at lærarane får for lite tid til førebuing, etterarbeid og kontakt med faglege samarbeidspartnarar.
Streikevilje
Blant lærarar på grasrota finn ein streikevilje og sterke meiningar. I skolen har prata med ein av dei streikeklare. Fylkesleiaren i Sør-Trøndelag SL, Åse-Torill Knarlag underviser i naturfag, biologi og matematikk på Tiller vidaregåande skule i Trondheim. Ho ramla nærmast av stolen då ho såg forslaget om å opne for 45 vekers arbeidsår.
– Eg er ein fellesfaglærar. Retten elevane mine har til evalueringssamtaler vil i seg sjølv utgjere 120 timars arbeid i semesteret for meg. I tillegg kjem rapportføringa. Dette er eitt av mange døme på oppgåver som ikkje kan gjerast i sommarferien, forklarar ho.
Knarlag meiner at KS bør ha tillit til lærarane. Ifølgje henne, greier lærarane å løyse utfordringane som finst i dagens arbeidstidsavtale.
– Me har ein kultur for å dele, som gjer at nyutdanna lærarar og lærarar som får tildelt nye fag, nyt godt av kunnskapen til dei meir erfarne, seier ho.
Etterlyser tillit
Nestleiar Moen saknar også meir tillit til lærarane og lærarorganisasjonane.
– For meg verkar det som om KS raserer tilliten som ministeren prøver å byggje opp, forklarar Moen. Ifølgje nestleiaren sender kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ut gode signal om tillit til lærarorganisasjonane, satsing på rekruttering, heving av statis og etter- og vidareutdanning, men Moen meiner KS riv dette ned. Han meiner KS treng rettesnorer og ein historieleksjon.
– Før 2003 forhandla me direkte med stat og departement. Då kommunane tok over dette ansvaret, tok dei dessverre ikkje med seg innsikta og historiekunnskapen som låg til grunn for forhandlingar før dei kom inn i biletet, meiner nestleiaren.
Han meiner det er «horribelt» at lærarorganisasjonane har vore i konflikt med KS i kvart hovudoppgjer sidan dei sette seg ved rattet. Han og SL ynskjer seg attende til forhandlingar med staten, eit mål Moen meiner er lite sannsyneleg å oppnå med dagens regjering.
– Det opplevast som eit press mot einheitsskulen når mange kommunar skyv på grensene i avtalane våre på grunn av kommuneøkonomi. Det rokkar ved prinsippet om at skulen skal vere lik over heile landet.
Ideologen og skulebokforfattaren Magnus Marsdal står stødig planta på Moens parti. Han meiner at det er «no eller aldri» for lærarane.
Barna sine allierte
Også Civita, Manifest Analyse sitt motstykke på høgresida, har engasjert seg i debatten om arbeidstidavtalene. Civita har publisert ein rapport som stør opp om KS sine krav om sterkare styringsrett hos rektor. Marsdal meiner at rapportar som KS legg til grunn for forslaga sine, er tilnærma autoritære hyllingar av sjefen sitt perspektiv, og at relevante perspektiv frå lærarar, foreldre og elevar er utelata.
– Profesjonsverdien til lærarane har blitt skalta og valta med altfor lenge. No må dei yte effektiv motstand, fordrar Marsdal. Han meiner lærarane bør søke støtte, og han ser på lærarane som dei nærast allierte elevane har. Lærarane er vakthundane som seier ifrå om endringar i skulen går ut over borna. Dette gjer at dei bør sanke massiv støtte frå foreldra i kampen mot KS sine forslag, ifølgje Marsdal.
– Lærarane har allereie avgrensa fleksibilitet i og med at dei har tvungen avspasering. Det dei kjempar for er ikkje eigne særordningar, men ein grunnleggjande føresetnad for å ivareta det beste for elevane. Dette bør engasjere alle som bryr seg om skulen, melder han.
Sentrale avtaler må til
Ytringane på facebookgruppa Arbeidstidsforhandlingene, der over 24.000 menneske har meldt si interesse, vitnar om kva slaget handlar om. Mange av innlegga karakteriserer KS-forslaget som eit døme på ein arbeidsgjevarpolitikk utan fundamentale rettar, ein politikk som verkar lite motiverande, og som potensielt gjev mindre tid og lågare undervisningskvalitet til elevane og auka undervisningsbyrde til lærarane.
– Det er sjølve forhandlingsretten det står om, seier nestleiar Moen. Det rår ingen tvil om at Terje Moen set seg ved forhandlingsbordet med klare åtvaringar til KS. Han meiner at KS har bomma på målet, og at dei har gått altfor hardt ut.
– Det finst allereie gode ordningar for at ein kan lage lokale avtaler om arbeidstid mellom rektor og lærarar, seier han. Nestleiar Moen meiner at hovudargumentet til styreleiaren i KS, Gunn Marit Helgesen, om auka styring og fleksibilitet på dei lokale skulane, fell på steingrunn. Det mest «uetelege» ved KS sitt forslag er at det grip rett inn i moglegheita lærarane har til å søkje tryggleik i dei sentrale avtalene dersom rektor eller kommunen ikkje speler på lag. Moen ser ikkje bort frå streik, og han meiner at fallhøgda til KS er enorm fordi dei har gått altfor hardt ut.
– Det ser ut som KS heller vil klaske i bakken enn å trekkje forslaga sine, seier Moen.
I så fall kjem forhandlaren til å vere der når det skjer.
KS sitt forslag
• Undervisningspersonalet sine arbeidsoppgåver utførast innanfor årsverket på 1687,5 timar fordelt på inntil 45 veker.
• Undervisningsomfanget fastsetjast på den enkelte skulen etter drøftingar. Det takast utgangspunkt i årsrammene for undervisning. Det skal takast omsyn til arbeidsmengde, gruppestorleik, erfaring, alder, oppgåver m.m.
• Undervisningspersonalet skal gjevast tilstrekkeleg tid til for- og etterarbeid og faglig ajourføring.
Kjelde: KS tilbod nr. 2, 14. januar 2014
Kva hender no:
• Etter at forhandlingane om ny arbeidstidsavtale braut saman i januar, blir lærarane si arbeidstid eit tema i tariffoppgjeret for dei tilsette i kommunane.Forhandlingane starta 3. april.
• Partane har frist til midnatt 30. april med å kome til ei forhandlingsløysing.
• Lukkas dei ikkje, går oppgjeret til mekling.
• Lukkas heller ikkje riksmeklaren med å få partane til å bli einige, kan det bli streik frå sluttan mai.
Tidlegare artiklar:
Liten støtte til KS i kommunene (21.03.2014)
Stiller seg bak lærerne (20.02.2014)
LO-støtte til lærerne (18.02.2014)
Lærernes arbeidstid splitter KS (06.02.2014)
Brudd i lærerforhandlingene (24.01.20104)
Full skjæring om arbeidstid i skolen(21.01.2014)
Mest lest
Elisabeth Thoresen som leder AAP-aksjonen, forteller at hun har blitt kontaktet av flere som er rammet i denne saken, som sier de har vært tydelige overfor Nav om at de ikke ønsker at deres informasjon skal være åpent tilgjengelig.
Jan-Erik Østlie
Bekymret for Nav-brukere med hemmelig nummer: – Det er her den store fadesen kan ligge
FANT LØSNINGER SAMMEN: Både Fellesforbundets klubbleder Robert Jacobsen (t.v.) og daglig leder på GAC Norway sin avdeling på Slagentangen, Ståle Stangeby ønsker seg glidende grenser for jobb og permitteringer med rett på dagpenger. Enn så lenge har man valgt i samarbeid å redusere en del av stillingene til 75 prosent.
Roy Ervin Solstad
En halvtime for lenge på jobb kan koste Robert og kollegene dagpengene fra Nav
ERFARING: Med mange år bak symaskinen og en fortsatt god helse, tok Hallgerd Aure like greit en ny jobb som sømoperatør ved Ekornes avdeling Aure.
Privat
Da Hallgerd (66) mista jobben, tok hun grep: – Her er det så mye arbeid som aldri før
HØYE BUNKER: Dokumentbunkene har vokst seg fete i løpet av den tiden saken har pågått. Tor Teigland er klar på at uten FLT og LO på laget hadde han måttet gi opp kampen etter tapet i Trygderetten.
Kai Hovden
Tor fikk avslag på yrkesskadesøknad hos Nav og tapte i Trygderetten – så kom kontrabeskjeden
LEI: Henning Brøgger Pedersen gikk etterhvert ganske lei av stua si etter å ha blitt permittert.
Brian Cliff Olguin
Henning (28) er sjanseløs på boligmarkedet: – Det vi har i dag er Willochs arv, sier forsker
Erna Solberg
Leif Martin Kirknes
Erna Solberg ble overkjørt og må kutte fergeprisene. Her svarer hun
Skjermdump
Uber-sjåførens desperate melding: – Eg er i ferd med å bli heimlaus for tredje gong sidan mai
Privat
Ryszard har jobba i Norge i 13 år. No står han utan ei krone i inntekt
FRYKTER FOR SIKKERHETEN: «Faste» piloter blir oppsagt, lønningene presses og pilotene må være disponible sju dager i uka. SAS-pilot og første nestleder i Norsk Flygerforbund, Jo Bjørn Skatval er bekymret for flysikkerheten etter at det islandske flyselskapet Bluebird Nordic ga 11 fagorganiserte piloter sparken.
Helge Rønning Birkelund
Tillitsvalgt pilot advarer mot skrekk-kontrakter på Island: – Det er kort vei til Norge
Med det yngste barnet hjemme, fikk seksbarnsmoren namsmannen på besøk, med ordre om utkastelse.
Mina B. Ræge/Dagsavisen
Seksbarnsmor «Ivana» (35) ble kastet ut av leiligheten i Oslo
HELTIDSKULTUR: Fafo-forsker Leif E. Moland (innfelt) mener det er en umulig løsning å fortsette med den turnusmodellen som er mest utbredt i helse- og omsorgssektoren i dag, med 7-8-timers vakter og jobb hver tredje helg, dersom heltidskultur er målet.
Colourbox.com. Innfelt: fafo.no
13-timersvakter vil gi flere hele stillinger, mener Fafo-forskeren. Se turnusmodellene
KAOS I INNBOKSEN: – Overfloden av informasjon fra ledelsen ved universitetet, fakultetet, instituttet og avdelingen er utfordrende å håndtere, sier Frode Veggeland.
Ole Palmstrøm
Ekstraarbeidet tok nattesøvnen fra Frode: – Jeg var så sliten at jeg ikke visste hvor jeg var
Debatt
Det skal ikke være de som sitter nederst ved bordet som må gjøre opp, skriver Andreas Tharaldsen.
Ida Bing
«Dugnaden er avlyst», skriver servitør Andreas
Sylvi Listhaug
Jan-Erik Østlie
Ny måling: Listhaug skremmer vekk flere enn hun lokker til Frp som partileder
Psykologspesialist Casper Meyer Nilsen reagerer på at vold mot ansatte får pågå ved barnevernsinstitusjoner.
Privat
«Trines» psykolog: – Det er skandaløst at alvorlig vold mot en ansatt har fått pågå over lang tid
Det nytter ikke for Sylvi Listhaug å tråkke olje- og gasspedalen i bånn, mener Magnus Marsdal i Manifest Tankesmie.
Jan-Erik Østlie
– Sylvi Listhaug sender norsk industri rett i fjellveggen, mener Magnus Marsdal
Fagforbundets hovedtillitsvalgte i Sykehjemsetaten i Oslo, Kjartan Goksøyr, mener det er mer enn nok plikter for sykmeldte allerede.
Anna Granqvist
– Jeg har selv deltatt i møter der leder sier til sykmeldte: «du kan vel gjøre noe, du sitter jo her nå»
Nestleder Sylvi Listhaug ligger an til å overta som partileder i Frp.
Tri Nguyen Dinh
Analyse: Lavtlønnede og mannlige velgere forlater Frp
Fra mandag kan dagpendlere fra Sverige og Finland igjen kunne komme på jobb i Norge. (Illustrasjonsfoto)
Ola Tømmerås
LO glad for løsning for dagpendlere fra Sverige og Finland, men etterlyser kompensasjon
HAR STILT KRAV: Hovedtillitsvalgt Margit Wik i Coop Nordland, Ståle Simonsen i Coop Midt-Norge, Ann Kristin Heggdal i Coop Nordvest og Anne Svendsvoll i Coop Sørvest har stilt krav om full ønn under sykdom i lokale forhandlinger, men fått nei. Nå venter de på at HK skal ta sakene videre.
Privat/Lene Svenning