JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Streikande spanske taxisjåførar erklærer våpenkvile etter nytt Uber-forslag

Titusenvis av spanske taxisjåfører har blokkert gatene i spanske storbyar. No set dei streiken på vent etter nytt forslag frå regjeringa.
Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Colourbox.com

tormod@lomedia.no

Titusenvis av spanske taxisjåførar har i siste del av juli streika i protest mot køyretenester som Uber, der dei har blokkert gater i spanske storbyar og gjennomført store demonstrasjonar.

Onsdag førre veke bestemte taxisjåførane seg for å avslutte streiken førebels, etter eit forslag frå regjeringa om at regionale myndigheiter skal ta over ansvaret for autorisasjonane selskap som Uber er omfatta av. Ordninga skal vere klar i september.

Drosjesjåfør Kristian måtte jobbe opp mot 100 timer i uka. En gang sovnet han bak rattet med passasjerer i bilen

«Våpenkvile»

– Dette er ein teknisk stans, ein våpenkvile. Om vi må returnere til gatene i september eller oktober, gjer vi det, sa leiar Julio Sanz i Antaxi til taxisjåførane som kamperte utanfor arbeidsdepartementet onsdag, ifølge avisa El País.

I Spania er det forskjell på autorisasjonane for ordinære taxiar og køyretenester som Uber. Autorisasjonen for ein Uber-bil er billegare, i tillegg til at regelverket er mindre strengt.

Dette meiner taxisjåførane gjer at dei ikkje har like konkurransevilkår og fører til dårlegare arbeidsvilkår i bransjen. Det sentrale kravet deira har vore 30 taxi-autorisasjonar for kvar såkalla VTC-autorisasjon.

Blokkerte gater i spanske storbyar

25. juli starta taxisjåførar i Barcelona ein to dagar lang streik til støtte for eit lokalt forslag som skulle avgrense drifta til selskap som Uber.

Streiken vart utvida etter at Catalonias høgaste rettsinstans sette forslaget på vent, fordi dei meiner det er i konflikt med nasjonale lovar.

Seinare har streiken spreidd seg til Madrid og ei rekke andre byar i Spania. Taxisjåførane har blokkert gater i sentrum og gater i nærleiken av flyplassar og tog- og busstasjonar.

Det har vore tidvis ampert under streiken, og streikande skal ved enkelte tilfelle ha vore valdelege mot Uber-sjåførar som framleis køyrde i gatene.

52 timers arbeidsuke: Så mye må norske taxisjåfører jobbe for å få en anstendig lønn

Regionale myndigheiter skeptisk

I forslaget frå regjeringa skal dei regionale myndigheitene få bestemme sjølv om dei vil ta over ansvaret for autorisasjonane. Om dei reserverer seg, vil autorisasjonane bli gitt etter dagens nasjonale lovverk.

Dei regionale myndigheitene er skeptiske til forslaget, ifølge El País. Dei peikar blant anna på at sentrale krav frå bransjen ikkje er ein del av forslaget. Dei etterlyser også finansiering og fleire detaljar om ordninga.

Dei streikande peikar på at dei lokale politikarane må få direkte makt over autorisasjonane. Storbyar som Madrid, Valencia og Barcelona er styrt av politikarar på venstresida, som har vore sympatisk innstilt til streikane og truleg vil gå med på taxisjåførane sine krav.

Annonse
Annonse