Vidarefører overgangsordningar
Regjeringa vidarefører overgangsordningane for arbeidsinnvandrarar frå Bulgaria og Romania fram til 1. januar 2012. Dei vart gjort gjeldande etter at landa kom med i EØS i august i 2007.
Dei åtte landa som vart EØS-medlemmar i mai 2004, fekk overgangsordningar som går ut 1. mai 2009.
Men regjeringa vil nytta muligheita til å vidareføre ordningane for folk fra Romania og Bulgaria, som kom med i EØS i 2007. Desse ordningane vil bli vurdert årlig, men inntil vidare gjeld dei til 1. januar 2012, står det på nettsida til regjeringa.
– Arbeidsinnvandring frå nye EØS-land har vore positivt for norsk økonomi og arbeidsmarknad. Overgangsordningane har også vore med på å gi arbeidsinnvandrarar ordna lønns- og arbeidsvilkår, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.
Må ha konkret tilbod
Overgangsordningane inneber at arbeidstakarar frå dei nye EØS-landa må ha levert søknad om arbeidsløyve før dei kan begynne å arbeide. Det må liggje føre eit konkret tilbod om heiltidsarbeid med lønns- og arbeidsvilkår som er i tråd med tariffavtale, regulativ eller det som elles er vanleg i vedkommande stad og yrke, eller ifølge allmenngjeringsvedtak, der det fins.
– Overgangsordningane ser ikkje ut til å ha hindra tilgangen av nødvendig arbeidskraft frå dei nye medlemslanda. I dei første 11 månadane blei det gitt om lag 64.000 løyve om arbeid til borgarar frå dei nye EØS-landa, inkludert fornyingar, skriv regjeringa.