JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

EØS-debatt med 2015-briller

Vi må sjå på kva EØS-avtalen betyr for arbeidsplassar og arbeidsliv, og vi må vege fordeler og ulemper med avtalen opp mot kva som eventuelt vil vere alternativet, skriv Fellesforbundet-leiar Arve Bakke.
Eg respekterer at nokon i debatten meiner vi må ut av EØS for å oppnå våre mål. Eg er likevel  ueinig, skriv Arve Bakke,

Eg respekterer at nokon i debatten meiner vi må ut av EØS for å oppnå våre mål. Eg er likevel ueinig, skriv Arve Bakke,

Håvard Sæbø

Norge har levd med EØS-avtalen i over 20 år. EØS har endra seg desse åra. Det har Norge også. Derfor er det så viktig å ha diskusjon omkring denne avtalen som etter mitt syn er minst like viktig i dag som den var for over 20 år sidan. Ikkje minst når det gjeld rammevilkåra for næringslivet, og betydninga det har for arbeidsplassar og sysselsetting. Internasjonaliseringa har auka kraftig desse åra. Då er det ikkje minst viktig med stabile og trygge rammevilkår, og særleg overfor dei vi handlar mest med.

Når vi diskuterer avtalen må vi etter mitt syn sjå på avtalen med 2015-briller – ikkje 1994-briller. Vi må sjå på kva avtalen betyr for arbeidsplassar og arbeidsliv, og vi må vege fordeler og ulemper med avtalen opp mot kva som eventuelt vil vere alternativet. Dersom avtalen fungerer slik at vi ikkje kan få gjennomført det som er viktig og nødvendig for å sikre arbeidstakarar – arbeidsinnvandrarar som nordmenn – gode og trygge vilkår å arbeide under, vil eg gå imot avtalen. Men eg vurderer ikkje at det er slik.

Vi har dei siste åra hatt ei historisk stor arbeidsinnvandring til Norge. Det er eg viss på at vi ville hatt også utan EØS-avtale, fordi vi har ein langt større økonomi enn vi har folk til. Vi treng kort og godt mange fleire til å arbeide her. Det er det som er den eigentlege årsaka til at vi har stor arbeidsinnvandring. Utan dette hadde vi hatt langt mindre arbeidsinnvandring både med og utan EØS-avtale. Dette heilt sentrale poenget synest eg dei mest EØS-kritiske hoppar bukk over.

Fellesforbundet skal vere til for alle som arbeider i Norge innanfor våre område. Vi skal vere til for dei kanskje 10.000 medlemene våre som er arbeidsinnvandrarar. Ja, vi bør vere det for langt fleire. Eg vil ikkje at dei skal bli utestengde. Arbeidsvandring er i utgangspunktet eit gode for alle som arbeider og bur i Europa. Men skal det vere det, må vi ha eit seriøst arbeidsliv fritt for sosial dumpnig. Eg vil at vi skal ha ei godt fungerande allmenngjeringsordning som sikrar alle som arbeider her anstendige løns- og arbeidsvilkår, at bedriftene tilset folk fast og at vi har tilsyn som slår effektivt ned på ulovlegheiter. EØS er ikkje problemet her. Nyleg uttalte EU-domsstolen seg i to saker knytta til Finland. I den eine saka sa den at partane kan tariffavtale begrensingar på innleige. I den andre saka gav domsstolen støtte til finsk fagrørsle som meinte at utstasjonerte arbeidstakarar skulle kunne ha løn tilsvarande tariffavtalen i Finland. Desse to uttalane underbyggjer det viktige som ligg i botn med EØS-avtalen når det gjeld arbeidslivet, nemleg at det skal vere minstestandardar som regulerer arbeidslivet i alle medlemslanda. Og vidare at kvart enkelt land kan ta i bruk verkemiddel for å ivareta eit seriøst og organisert arbeidsliv.

Eg respekterer at nokon i debatten meiner vi må ut av EØS for å oppnå våre mål. Eg er likevel ueinig. Eg meiner det norske Stortinget kan gi oss lover, og arbeidsgjevarane kan gi oss tariffavtalar, som set oss i stand til å nå våre mål. Å seie opp EØS-avtalen vil skape langt større problem enn det løyser.

«Å seie opp EØS-avtalen vil skape
langt større problem enn det løyser»

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse