JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ble nektet hotellrom

To kvinner med asiatisk bakgrunn vart nyleg nekta rom på eit Oslo-hotell. Nå ber Likestillings- og diskrimineringsombodet dei store hotellkjedene om ei oversikt over kva rutinar dei har i samband med at dei nektar å ta imot gjester av anna etnisk opphav.

Hotellet i sentrum av Oslo handla i strid med både likestillingslova og diskrimineringslova då to asiatiske kvinner vart nekta rom. Det har både ombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda uttala.

Dei to kvinnene vart avvist fordi dei bur i Oslo-området. ”Kvifor søv de ikkje heime,” spurde resepsjonisten då dei to ville ha rom. Flyet deira til London var blitt kansellert, og kvinnene ynskte å vera turistar i eigen by, skrivar ombudet på si eiga nettsida.

Ikkje narkomane og horer

Hotellet sa til kvinnene at årsaka til at dei vart nekta var retningsliner som skal sikre at ”narkomane og horer” ikkje tar inn på hotellet og skaper ubehag for andre gjester. Hotellet seier seg lei for hendinga, men viser samstundes til skriftlege retningsliner dei har for å handtera gjester som byr på særlige utfordringar.

Den eine kvinna klaga til Likestillings- og diskrimineringsombudet. Ho følte at ho vart avvist fordi ho var kvinne og utanlandsk. Kvinna får medhald frå nemnda i dette.

Retningslinjer ved avvisning?

I brevet til dei store hotellkjedene minner ombodet om lovene for likestilling og mot diskriminering. I brevet ber ombodet om at hotella har rutinar og skriftlege retningsliner for når dei tilsette kan avvise gjester som ynskjer å bu på hotellet.

– Vi ber om at hotella gjev oss ei oversikt over om dei har retningsliner for å avvise gjester. Vi ynskjer også å vite om dei fører protokoller, og eventuelt på kva grunnlag gjester kan bli nekta. Vi spør og om dei tilsette vert orientert om at skjønnsutøvinga i saker der gjester vert nekta er avgrensa av regelverket mot diskriminering, seier leier for juridisk avdeling hos Likestillings- og diskrimineringsombodet Elisabeth Lier Haugseth.

Annonse
Annonse