Debatt
Dei som ropar høgast, får mest
Jan-Erik Østlie
Saken oppsummert
Kvifor skal Arbeiderpartiet gå med på store skattekutt når pensjonistane, dei uføre og dei lågtlønte ikkje er dei som får mest igjen?
Arbeiderpartiet finst for å omfordele pengar og makt. Då kan vi ikkje gi dei største skattekutta til dei som eig mest frå før.
I eitt av alternativa Skattekommisjonen forslår, får ein person med rundt 60 millionar kroner i formue 63.000 kroner i skattekutt i året. Ein person med rundt to millionar får 200 kroner. Det er ikkje ein teknisk detalj. Det er rein politikk.
Dette er heller ikkje berre skatt vi unnlet å hente inn til fellesskapet.
Dersom vi kuttar skatten til dei som i praksis utgjer dei rikaste fem prosentane, og held velferda på same nivå, er det du og eg som må ta rekninga.
Støre-regjeringa har vist at sosialdemokratisk skattepolitikk verkar. Ho har skattlagt store formuar, utbytte og grunnrente hardare, og brukt handlingsrommet på billigare barnehage, gratis kjernetid i SFO og sterkare velferd. Det er eit fordelingsprosjekt Arbeiderpartiet skal vere stolt av. AUF godtar ikkje ei blåmåling av eit prosjekt som har flytta pengar frå dei som har mest, til fellesskapet.
Samtidig manglar ein avgjerande del av ei rettferdig skattereform, arvebeskatning. Ivertfall i følge samtlege norske økonomar. Arvebeskatning handlar ikkje berre om inntekter til staten. Det handlar om å verne demokratiet.
Store formuar som går i arv, kan vekse frå generasjon til generasjon. Over tid kan dei skape eit finansaristokrati med enorm samfunnsmakt.
Det avgjer kven som eig bedriftene, eigedomane og media. Kven som kan finansiere kampanjar, kjøpe seg tilgang og setje premissane for den offentlege debatten. Når formuen går i arv, går også makta i arv.
Den makta må omfordelast.
Ei ny arvebeskatning må ha høge botnfrådrag og skjerme vanlege heimar, hytter og mindre familiebedrifter. Men det er fullt mogleg å skilje mellom å arve barndomsheimen og å arve eit konsern verdt milliardar.
Ein arbeidstakar betaler skatt av kvar lønning. Då er det vanskeleg å forsvare at nokon kan arve meir økonomisk makt enn dei fleste kan arbeide seg til gjennom eit heilt liv, utan at fellesskapet får noko tilbake.
Eit breitt skatteforlik er ikkje eit mål i seg sjølv. Dersom resultatet er større forskjellar og meir makt samla på toppen, er det eit dårleg forlik.
Arbeiderpartiet kan ikkje vere med på ei reform som flyttar pengar og makt oppover. Skal vi vere med på ei skattereform, må ho fordele nedover, sikre inntektene til fellesskapet og skattlegge store arv meir rettferdig.
Dei som ropar høgast, har fått definere skattedebatten lenge nok. No må Arbeiderpartiet hugse kvifor vi finst.
Nå: 0 stillingsannonser

