Debatt
Kva skal straffa for lønstjuveri vera?
Maktforholda mellom den som sel og den som kjøper arbeidskraft blir skeivt.
Sissel M. Rasmussen
Saken oppsummert
Fem månader fengsel for å ta livsgrunnlaget frå 13 arbeidstakarar, opplevast som for lågt.
Ein fersk dom reduserer straffa for grovt lønstjuveri frå fem til fem månader.
Dommen er viktig for norsk arbeidsliv. Kva er rett straff i slike saker?
Fair Play Bygg kjenner saka. Ein mann frå Nord-Afrika kom til oss med informasjon om at han hadde arbeidd i reingjeringsfirma som «flyttemann» utan å få løn.
Det var mange andre i same situasjon. Vi undersøkte saka, fann at det stemte og at arbeidsgivar tidlegare var dømd for fleire grove forhold som drap, MVA-svindel og hallikverksemd.
Vi varsla om lønstjuveriet til politiet og sette arbeidstakarane i kontakt med advokat. Politiet opna etterforsking og det vart tatt ut tiltale for lønstjuveri mot 13 tilsette for 465 457 kroner. Vår kjelde trakk saka si etter han vart kjend med historia til arbeidsgjevaren.
Felles for arbeidstakarane var at dei hadde lite nettverk i Noreg, svake kunnskapar i norsk og var i ein prekær økonomisk situasjon. Dei laut ta arbeid der det var å finne. Sike forhold skapar «kjøpars marknad» på arbeidsmarknaden.
Maktforholda mellom den som sel og den som kjøper arbeidskraft blir skeivt, og enda skeivere blir maktforholdet når arbeidsgivar ikkje følgjer inngåtte avtaler om løn, kjem med trugsmål eller ikkje rapporterer løn og arbeidsforhold korrekt.
For å rette på dette skeive maktforholdet vart straffelova endra og lønstjuveri vart forbode frå 1.1.2022. Fair Play Bygg har varsla om hundrevis av slike saker, men diverre er svært få dømde for lønstjuveri.
Denne saka er prinsipiell og viktig. Tingretten dømde arbeidsgivar for grovt lønstjuveri og fann at straffa burde vera ni månader fengsel.
På grunn av at det er så få dommar på grovt lønstjuveri, vurderte retten saka opp mot andre bedragerisaker og fann at dette lønstjuveriet var meir «straffverdig» enn eit bedrageri mot Nav for eit tilsvarande beløp, men mindre straffverdig enn ein folkevald som hadde svindla med reiserekningar.
Lagmannsretten er samd i at arbeidsgivar skal dømast for grovt lønstjuveri, men finn ikkje støtte for at straffeutmålinga skal vera så lang som ni månader. Straffa vert redusert til fem månader. Lagmannsretten har ikkje funne at ein skal leggje vekt på at arbeidsgivar tidlegare er straffa.
Eg meiner straffa lagmannsretten har sett er for låg. Dette lønstjuveriet er svært grovt på grunn av at dei tilsette var i vanskelege situasjonar.
I tillegg sendte ikkje arbeidsgjevar inn opplysningar om arbeidsforhold til Skatteetaten, slik at dei tilsette vanskeleg kunne krevje tapt løn frå konkursbuet.
Det spelte også inn at arbeidsgivar tidlegare var dømd for drap. I tillegg til vår kjelde, er vi kjend med fleire andre tilsette som ikkje har fått løn, men heller ikkje er med i dommen.
Arbeidsgivar har i denne saka utnytta det skeive maktforholdet som er i arbeidslivet til å grovt utnytte arbeidskrafta. Han undergrev tilliten i arbeidslivet og stel marknaden til bedrifter som legg vekt på å følgje lov og avtaler.
Dersom tilliten til inngåtte avtaler i arbeidslivet om løn blir svekt, samtidig med at delar av arbeidarklassen opplev ein «klassejus» ved når det er nærmast risikofritt å stele løna, vil dette få negative følgjer for både arbeidslivet og demokratiet i Noreg.
Fem månader fengsel for å ta livsgrunnlaget frå (minst) 13 arbeidstakarar, bryte ned tilliten i arbeidslivet, overta marknaden frå seriøse bedrifter og fortsette ein kriminell karriere ved å forslumme arbeidslivet, opplevast som for låg straff.
Eg meiner det vil vera bra om høgsterett får denne saka til vurdering og sett fastsett ei prinsippavgjersle for kor samfunnsskadeleg og dermed kor lang straff saker med grovt lønstjuveri skal gje.
Nå: 0 stillingsannonser

