JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kommentar

«Kva slags land skal me vere, NHO?»

Det er ikkje spesielt synd på norske bedriftseigarar, skriv Trine Østereng. Her representert ved NHO-sjef Ole Erik Almlid.

Det er ikkje spesielt synd på norske bedriftseigarar, skriv Trine Østereng. Her representert ved NHO-sjef Ole Erik Almlid.

Stian Lysberg Solum / NTB

Dette er et meningsinnlegg. Det er skribentens mening som kommer til uttrykk. Du kan sende inn kronikker og kronikkinnlegg til FriFagbevegelse på epost til debatt@lomedia.no
Warning
Dei rikaste her i landet betaler langt mindre skatt enn dei gjorde for 20 år sidan. Samtidig aukar ulikheita. Lågare skattenivå vil vere som å kaste bensin på eit bål me ikkje fyre opp.

Noreg er eit land med små forskjellar. Det seier mange av oss ofte, og det er ofte sant når me samanliknar oss med andre land.

Samtidig er det også sant at forskjellane i Noreg er aukande. Nye, meir presise, måtar å rekne på hjå SSB viser at dei er større enn me lenge trudde.

Og ser me på formue spesielt, ser me at Noreg ikkje har særleg låg ulikheit samanlikna med andre land i OECD. Her peiker nokre undersøkingar på at me har omtrent lik formuesulikheit som Storbritannia. Og britane er ikkje akkurat kjent for eit samfunn der elite og arbeidarklasse møtes, verken på skular eller i nærmiljø.

Dei små forskjellane som mange av oss liker å peike på som noko veldig bra ved Noreg, kjem ikkje av seg sjølv. Dei kjem som følgje av politikk, og ei vilje til å bruke skattesystemet til omfordeling.

I siste utgåve av World Inequality Report skriv mellom anna Thomas Piketty og hans medforfattarar om korleis ulikheita har vakse langt raskare i enkelte delar av verda, enn i andre. Dei skriv: «ulikheit er ikkje uunngåeleg, det er eit politisk val».

Med små forskjellar kjem ofte mykje som er bra, også for næringslivet. Meir omfordeling kan gi mindre fattigdom og større økonomisk handlingsrom for hushaldingane, samtidig som det kan gi auka økonomisk vekst.

Det kan gi betre folkehelse og større tilgang på fagleg sterk arbeidskraft. Og ikkje minst bygger det tillit og forebygger polarisering, ved at me møtast på dei same skulane, og gå til dei same legekontora.

Det er bra for oss alle at me stoler på kvarandre, at dei rikaste ikkje treng å mure seg inne bak gjerde, fordi dei lever i eit samfunn der mange har det godt.

Desse gode trekka ved samfunnet er ikkje noko me kan ta for gitt. Og det vil kunne forvitre om me lar dagens utvikling løpe løpsk, med stadig fleire milliardærar og stadig fleire i kø på matsentralen.

Det skal vere gode rammevilkår for næringsliv i Noreg. Men det er ikkje spesielt synd på norske bedriftseigarar. Noreg har ikkje eit spesielt høg skattenivå samanlikna med landa rundt oss. Noreg har ikkje eit spesielt høgt skattenivå samanlikna med korleis det var før.

Berre sidan 2001 har den rikaste 1-prosenten her i landet fått ei langt lågare skatterekning enn tidlegare, i følgje SSB.

I 2001 betalte denne gruppa rundt 53 prosent i skatt og avgift. I 2018 var bidraget frå dei rikaste nede på 29 prosent.

Dette er ein sentral drivar for større forskjellar.

Norske veljarar har meint noko om dette. I fjor haust blei det eit solid fleirtal for partia som gjekk til val på reduserte forskjellar, med til saman 100 mandatar på Stortinget.

Dette fleirtalet gjer det dei har sagt, og dei er i gong med å flytte både makt og rikdom frå nokon av dei med mest her i landet og over til resten av befolkninga. Det er ikkje rart at det har gitt reaksjonar. Men det vil likevel vere fornuftig å gjere det.

NHO forsvarer sine medlemers kortsiktige interesser når dei tar til orde for lågare skattar, men på sikt vil deira line kunne undergrave noko av det som gjer Noreg til eit godt land å drive næringsverksemd i.

Det hadde vore langt meir interessant å diskutere korleis ein bør innrette skattane godt innafor ei ramme av auka omfordeling. Kanskje kan ein redusere formuesskatten noko og heller hente inn meir gjennom arveavgift eller boligskatt, for eksempel.

Men å ta til orde for mindre skatteinnhenting generelt, det er å ta til orde for å ta opp konkurransen med Sveits og skatteparadis som er tufta på ein heilt annan samfunnsmodell enn den me kjenner i Noreg.

Skulle Noreg ha kasta seg inn i den konkurransen, som Sveits er kjent for å gjere det bra i, med å få trekke rike folk til landet med lågast skatteprosent, ville det vere å vinke adjø til velferdsstaten som me kjenner den.

Det ville vere å opne døra for at velferd blir tufta på private løysingar, der dei rikaste kjøper seg ut av fellesskapet. Dei offentlege helse- og skuletilboda ville blitt ståande som skyggar av det me har i dag, i praksis kun eit tilbod for dei med dei lågaste inntektene.

Det er eit dårlegare samfunn enn det me har i dag.

Piketty og hans medforfattarar beskriver dette som ei global utvikling som har funne stad dei siste tiåra, med aukande privat velstand, men synkande offentleg velstand.

Mens mange land i verda har blitt rikare, har myndigheitene i dei same landa fått ei mindre pengekasse å bruke på velferd. Det gir ei utvikling med fleire private symjebasseng med gjerde rundt, og flassande maling og dårleg luft i offentlege klasserom.

Denne utviklinga har blitt kraftig forsterka av koronapandemien, der nokre av dei rikaste har auka sin formue kraftig, mens me samtidig har fått langt fleire fattige i verda.

Også i Noreg bidro koronapandemien til auka økonomiske forskjellar. Skal dette snus om på, må det kraftfulle politiske grep til. 

Næringslivet må i større grad bidra til dugnaden for å sikre samfunnsmodellen me er så glad i.

Denne kommentaren ble først publisert hos Agenda Magasin

Annonse
Annonse