JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
Kraftproduksjon blir ikkje lenger sett på som viktig infrastruktur, men som ei vare som skal seljast til høgast mogleg pris, meiner lokale LO-leiarar.

Kraftproduksjon blir ikkje lenger sett på som viktig infrastruktur, men som ei vare som skal seljast til høgast mogleg pris, meiner lokale LO-leiarar.

Kai Hovden

Debatt

«Tida er inne for å ta politisk kontroll over krafta vår»

Det trengst ein ny kraftpolitikk.
23.09.2022
11:18
23.09.2022 11:25
Dette er et meningsinnlegg. Det er skribentens mening som kommer til uttrykk. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til FriFagbevegelse på epost til debatt@lomedia.no

Vasskraft blei i førre hundreår sett på som viktig infrastruktur på same måte som vegar, jernbane, vatn og avløp. Sjølv om utbygginga av vasskraft førte til store og dels konfliktfylte naturinngrep, så var ho heilt grunnleggande for utviklinga av Norge som eit avansert industriland. Dei mange levande industrisamfunna våre er i stor grad bygde på vasskrafta.

Ein god del av industribedriftene stod det utanlandsk kapital bak, og investeringane i Norge kom ikkje fordi vasskrafta var fornybar, men fordi krafta var billig. Konsesjonslovene og at krafta blei forvalta på ein fornuftig måte, bidrog til både at innbyggarane kunne få rimeleg kraft til vanleg forbruk og at me fekk nye arbeidsplassar.

På kort tid har vårt komparative fortrinn, låg kraftpris, smuldra heilt opp. Det skjer fordi kraftproduksjon i dag ikkje lenger blir sett på som viktig infrastruktur, men som ei vare som skal seljast til høgast mogleg pris.

Kraftselskapa er blitt reine kommersielle selskap som har pressa på for full kommersialisering av krafta og å få lagt stadig fleire utanlandskablar. Til saman har dette ført til at me har importert europeiske kraftprisar.

Kraftbransjen og deira «ekspertar» har hevda at den høge kraftprisen ikkje har noko med utanlandskablane å gjere, men skuldast høge gassprisar på grunn av krigen i Ukraina, lite vind i Europa og lite vatn i magasina som følgje av tørke. Dette har me òg høyrt frå politikarar og attpåtil frå folk i leiinga i LO.

For det første så kom den enorme auken i kraftprisane eit år før krigen i Ukraina. Det er derimot ein viss samanheng mellom sterk auke i gassprisane frå våren 2021 og straumprisane, men dette kunne berre verke inn ved at me kopla oss endå sterkare på den europeiske kraftmarknaden gjennom nye (og gamle) kablar, tilslutning til Acer og fullstendig marknadsstyring av kraftressursane.

Her spelar sjølvsagt og Energilova av 1990 ei rolle, det var her politikarane begynte å gi frå seg kontrollen. Tal frå NVE visar at tilsiget til magasina våre har ligge på 90 prosent av normalen og ikkje i det heile tatt kan forklare dei ekstremt låge fyllingsgradane i vassmagasina våre. Hovudårsaka er tappinga av magasina sommaren 2021 der kraftprodusentane bestemte seg for å selje så mykje kraft som mogleg når prisen var høg (og ein ikkje trudde e ville bli høgare). Igjen ser me verknadene av eit dysfunksjonelt marknadsbasert energisystem.

Nøkkelen til å bevare det konkurransefortrinnet som vasskrafta kan gi oss, ligg i korleis me organiserer og administrerer energioverføringane til utlandet. Bruken av overføringskablane må styrast politisk, og Statnett må bli pålagd å redusere eksportkapasiteten når prisen i EU ligg over marknadspris i Norge.

Vidare må me forvalte krafta vår innanlands slik at ho gir best mogleg effekt i form av nye arbeidsplassar, lengre verdikjeder og investeringar for framtida. Det får ein neppe til om ein berre sel krafta der ein får best pris.

Debatt: «En unik mulighet for nye arbeidsplassar og lavere strømregninger til folket»

Innanlands kan me bruke avgiftssystema for å stimulere til nøktern bruk av energi, noko ein for så vidt òg gjer i dag til ein viss grad. Det er samla straumrekning (straum, nettleige og avgifter) som får forbrukarane til å bruke straum på ein rasjonell måte, ikkje straumprisen isolert.

Straumprisen bør haldast låg av omsyn til konkurransekrafta i alt næringsliv. Høge straumprisar gir redusert lønsemd innan både offentleg og privat sektor. Me bør innføre ein makspris på straum til industri/næring og for normalt forbruk for innbyggarane. Denne bør ikkje overstige produksjonskostnad og nødvendige investeringar i oppgradering av kraftanlegga og distribusjonsnettet.

Dei fleste er i dag opptekne av klimasaka, og ho er viktig! Men me løyser ikkje klimakrisa med ein energipolitikk som kan føre til utflagging av verdas reinaste prosessindustri. Flyttar ein til dømes aluminiumsproduksjonen vår til land som nyttar kolkraft, så vil CO2-utsleppa bli åttedobla.

Når NRK melder at det blir spådd straumprisar på over 20 kroner per kilowattime, så må òg våre politikarar sjå galskapen som er skapt gjennom det marknadsfundamentalistiske systemet som nå råder innan kraftproduksjon og sal. Til og med i EU diskuterer ein nå makspris på gass, og EU-kommisjonens president, Ursula von der Leyen, snakkar om både nødtiltak (emergency interventions) og reform av kraftmarknaden.

Med tanke på vår historie burde norske politikarar ha vore i forkant, men ein ser snarare ut til å henge fast i eit fullstendig dysfunksjonelt system for kraftdistribusjon.

Me kan ikkje lenger la kraftbransjen få gjennomslag for ein politikk som er skreddarsydd til sine eigne interesser i ly av høgst tvilsame klimaargument. Tida er inne for å ta politisk kontroll over krafta vår. Straumstøtteordningar til hushaldningane er vel og bra, men løyser ikkje problema på sikt. Me meiner LO bør reise følgjande krav:

På kort sikt:

• Innføre streng regulering av krafteksporten og drift av kraftanlegga som sikrar forsyningssikkerheit til eigen industri, landbruk, næring og eigne innbyggarar.

• Innfør makspris på straum, gjerne eit toprissystem som òg stimulerer til energiøkonomisering.

På lengre sikt:

• Ny energilov som legg opp til forvaltning av kraftressursane som ein strategisk ressurs, og ikkje gjer kraft til ein vare på ein marknad.

• Me må få ein plan for å sikre vasskraft til industri og verksemd som gir reell verdiskaping og sysselsetting, og ikkje blir sløst bort på for eksempel spekulativ kryptovaluta. Kraft til datasenter bør i første rekke vere til å handtere våre eigne data, enten det er offentlege data eller data som er viktige for vår næringsverksemd.

• Me må ut av avtaler som i praksis innfører marknadstvang, som for eksempel Acer.

Undertegnet:
Jo Jenseg, leiar LO i Stavanger og Omegn
Roger Myklebust, leiar LO i Dalane
Steffen Høiland, leiar LO i Nord-Rogaland
Solfrid Lerbrekk, leiar LO i Kristiansand og Omegn
Mohamed Kallel, leiar LO i Sunnhordaland
Rune Eriksen, leiar LO i Tønsberg
Steinar Rasmussen, leiar LO i Østre Agder
Tommy Tverdal, leiar LO i indre Hardanger
Camilla R. Martinsen, leiar LO i Drammen og Omegn
Jan Martin Mortensen, leiar LO i Horten
Barbro Major, leiar LO i Kongsberg og Numedal
(alle er lokale LO-leiarar i straumprisområdet NO2)

Mye lest: De rikeste tjener mest på strømstøtta

23.09.2022
11:18
23.09.2022 11:25

Mest lest

Kronikk

En kritisk gjennomgang av regelverket for velferdsstatens støtteordninger burde stå høyt på agendaen. De strikte reglene for maksimal varighet kunne mykes opp, skriver forskerne.

En kritisk gjennomgang av regelverket for velferdsstatens støtteordninger burde stå høyt på agendaen. De strikte reglene for maksimal varighet kunne mykes opp, skriver forskerne.

Gorm Kallestad / NTB

Mer arbeid lønner seg ikke alltid for familier på trygd

Regjeringen vil fortsette å gi strømstøtte til husholdningene, men hever terskelen for å få den.

Regjeringen vil fortsette å gi strømstøtte til husholdningene, men hever terskelen for å få den.

Colourbox

Strømstøtten endres: Sjekk hva det betyr for deg

– Hvis du lurer på hvorfor Norges største parti ikke lenger er Norges største parti, så kan dette være en av forklaringene, sier HK-lederen, med klar henvisning til Tonje Brennas siste uttalelse om matkøene i Norge. (Arkivfoto)

Jan-Erik Østlie

LO-forbund i harnisk etter Brennas uttalelser om matkøer: – Vi er sjokkert

Hanna Skotheim

Laila jobbet som lærer i 20 år: – Jeg angrer bittert på at jeg ikke gikk før

REDDET AFP: Da arbeidsgiveren til Åshild Finnestad skulle nedbemanne, var hun nær ved å bli sagt opp. I tillegg til å miste jobben, stod hun i fare for å miste AFP-en sin, noe som fort tilsvarer over én million kroner.

Jan Inge Haga

30 år var ikke nok: Million-pensjonen holdt på å ryke for Åshild

Eide reagerer også på at den aktuelle sjåføren blir utnyttet økonomisk av det norskeide transportfirmaet som holder til på Vestlandet. Han viser til at begge lønnsslippene dokumenterer at sjåføren, tross mye overtid og nattkjøring, ikke har fått en eneste krone i verken overtid eller ubekvemstillegg.

Sjåfører ut mot Posten: – Helt vilt om dette får fortsette

– Jeg føler meg ikke noe verdsatt. Om de ikke ville ha meg der, kunne de jo gitt beskjed tidligere – jeg har tre barn og regningene må betales, sier Siyyam.

– Jeg føler meg ikke noe verdsatt. Om de ikke ville ha meg der, kunne de jo gitt beskjed tidligere – jeg har tre barn og regningene må betales, sier Siyyam.

Jan-Erik Østlie

Siyyam føler seg presset ut av jobben: – Jeg ble for dyr for bedriften

Eirik Dahl Viggen

– Det er summen av alt. Ikke bare å sone med fotlenke, men tapet av jobb og venner

– Når strømprisen firedobles, er ikke det noe du kan ta fra bunnlinja i en overgangsfase. Det er kritisk for overlevelsen av en bedrift, sier klubbleder for Fellesforbundets medlemmer i 3B Fibreglass.

Tormod Ytrehus

Frykter et ras av oppsigelser: – Strømkrisa er langt fra over

Ap- nestleder og statsråd Tonje Brenna forsvarer hun sosialhjelp som velferdsstatens «nødhjelp», sier en julekrisepakke ikke er rett lut mot matkøene. (Arkivfoto)

Ap- nestleder og statsråd Tonje Brenna forsvarer hun sosialhjelp som velferdsstatens «nødhjelp», sier en julekrisepakke ikke er rett lut mot matkøene. (Arkivfoto)

Jan-Erik Østlie

Brenna får kritikk for matkø-budskap: Arrogant og hjerterått

Hun synes selv det er godt å se at den lille mannen – eller kvinnen – i gaten kan oppnå noe. – Men det er så klart bittert at man sitter igjen med en så stor regning, sier Janne Cecilie Thorenfeldt.

Hun synes selv det er godt å se at den lille mannen – eller kvinnen – i gaten kan oppnå noe. – Men det er så klart bittert at man sitter igjen med en så stor regning, sier Janne Cecilie Thorenfeldt.

Ole Palmstrøm

Nav får historisk straff. Det er Janne Cecilie glad for

Sykefraværet øker, flere går på avklaringspenger og befolkningen blir eldre.

Sykefraværet øker, flere går på avklaringspenger og befolkningen blir eldre.

Colourbox

Nav-regnestykke: «Alle» må betale 14.000 mer i året

Ap-leder Jonas Gahr Støre tar partiets dalende oppslutning i LO på største alvor.

Ap-leder Jonas Gahr Støre tar partiets dalende oppslutning i LO på største alvor.

Jan-Erik Østlie

Nye tall: LOs medlemmer flykter til høyre

REFSER: – Først og fremst er det Ap som må ta seg inn over seg at så mange LO-medlemmer ikke ser på oss som det naturlige valget, sier Trond Giske.

REFSER: – Først og fremst er det Ap som må ta seg inn over seg at så mange LO-medlemmer ikke ser på oss som det naturlige valget, sier Trond Giske.

Ole Martin Wold

LO-medlemmer dropper Ap: – Det siste partiet trenger nå, er stillhet

Marie Sørhaug (t.v.) og Felicitas Scheffknecht har så vidt passert 30 år, men er allerede bekymret for pensjonen sin. De synes det er en merkelig logikk å svekke offentlig AFP, når man skal harmonisere AFP i privat og offentlig sektor.

Unge om pensjon: – Det har blitt en vits at vi kommer til å jobbe til vi dør

JERNBANEMILJØ: Fredrik Carolin (f.v.), togleder, Arve Andersen, trafikkstyrer, Kim Nordgård, trafikkstyrer og Simon Olaisen, klubbleder for klubben for trafikk, teknikk og administrasjon mener de har en fantastisk arbeidsplass.

Morten Hansen

Toglederne mistet jobben – nå håper de nordnorsk erfaring er nok

De ligger som oftest der, rett framfor sin eier, under møter, på konferanser, i lunsjen, på restauranten med venner og familie. Men er det alltid greit å plukke dem opp?

De ligger som oftest der, rett framfor sin eier, under møter, på konferanser, i lunsjen, på restauranten med venner og familie. Men er det alltid greit å plukke dem opp?

Hanna Skotheim

Kan arbeidsgiver nekte deg å bruke mobilen?

Martin Guttormsen Slørdal

Mobilbruk på arbeidsplassen: – Før satt vi på pauserommet og prata sammen

Lina Winge

– Systemet er ikke bygget for å ivareta behovet til kvinner

Driftsoperatør Frida Nilsen i landets største fjernvarmeselskap er blant dem som holder kulda unna 200.000 Oslo-borgere.

Driftsoperatør Frida Nilsen i landets største fjernvarmeselskap er blant dem som holder kulda unna 200.000 Oslo-borgere.

Werner Juvik

Nå kommer kulda: Frida fikser fjernvarmen for 200.000 innbyggere