JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Arbeidsmiljø

Folk i opne kontorlandskap har meir sjukefråvær

Forskarane fant også at å kunne jobbe heime ikkje løyser utfordringane.
Det er meir sannsynleg med eigenmeldt sjukefråvær på opne kontor. Det viser ei ny studie.

Det er meir sannsynleg med eigenmeldt sjukefråvær på opne kontor. Det viser ei ny studie.

Vidar Ruud / NTB

oystein.windstad@fagbladet.no

Kor er det best å jobbe? Ope kontorlandskap? Eit fast stille og roleg cellekontor for fokusert arbeid? Eller kontorpulten heime der du slepp reising?

No har Statens arbeidsmiljøinstitutt (Stami) gjort ei studie av sjukefråvær og kor folk jobbar. Eit av hovudfunna er at fleire som sit på fast plass i ope kontorlandskap melder seg sjuke. Samanlikna med dei som sit på einekontor.

Studie av 4000 arbeidstakarar

Forskar og stipendiat Randi Hovden Borge har saman med kollegaer studert kva kontormiljø folk jobbar i og eigenmeldt sjukefråvær. Studia er basert på landsrepresentative data frå SSB si levekårsundersøking om arbeidsmiljø og inkluderer over 4000 arbeidstakarar på kontor.

Aktuelt: De fleste vil gjerne fortsette å jobbe hjemmefra, viser ny undersøkelse

Rundt 45 prosent av dei i studia jobba på einekontor. Rundt 27 prosent jobba i ope landskap med faste plassar. Arbeidstakarane jobba i både i det offentlege og det private. 

Stami-forskarane fann at av dei i ope landskap, hadde 56 prosent hatt eigenmeldt fråvær i løpet av dei siste 12 månadene.

Tilsvarande tal for dei på einekontor var 42 prosent.

– Etter justering for bakgrunnsvariablar som kjønn, alder og utdanningsnivå, hadde tilsette i ope landskap framleis signifikant høgare sannsyn for sjukefråvær enn dei på einekontor, seier Hovden Borge, som er stipendiat innan arbeidspsykologi.

Forskarane fann at det var rundt 20 prosent meir sannsynleg at ansatte i ope kontorlandskap hadde eigenmeldt sjukefråvær, samanlikna med dei på einekontor.

I utvalet dei forska på, hadde både dei på einekontor og ope landskap tilgang på heimekontor.

Korfor er det slik?

Hovden Borge trur det er fleire grunnar til auka fråvær i ope landskap. Blant anna større smitterisiko:

– Det er også fleire moglege forklaringar knytt til arbeidsmiljø generelt. For eksempel rapporteres det om mykje støy og forstyrringar i opne kontorlandskap som kan gjere det vanskeleg å konsentrere seg. Dei aller fleste av oss ønsker å gjere ein god jobb. Det å bruke ekstra ressursar på å utføre arbeidsoppgåvene sine i eit arbeidsmiljø som ein opplever at ikkje er lagt til rette for det, kan vere belastande over tid, seier forskaren.

Mye lest: Bli med på lunsj i fire ulike bransjer. Forskjellene er enorme

Randi Hovden Borge

Randi Hovden Borge

STAMI

Ho peikar vidare på at opne kontor er mindre private. Og at det kan vere at folk har lågare terskel for å vere heime når dei er sjuke. Fordi det kan opplevast som ekstra tungt å vere på jobb når ein ikkje kan skjerme seg. Eller for å ikkje smitte andre.

Billeg kan bli dyrt

Stami-forskaren meiner det er lurt at arbeidsgjevarar er bevisst på at rimeleg kontorløysingar kan ha ein kostnad:

– For verksemder er det økonomiske aspektet veldig viktig. Arealet kan bli redusert for å spare pengar. Men om vi tek eit større perspektiv på det, er det også slik at ulike kontorløysingar legg opp til veldig ulike arbeidsbetingelser for dei tilsette. Mange rapporterer at dei syns det er meir utfordrande å jobbe i ope landskap. Det kan gje uheldig utslag, som eksempelvis sjukefråvær. 

Ingen quick fix

Hovden Borge tenkjer at noko av det viktigaste studia og anna nyare forsking viser, er at det er viktig at arbeidsgjevarane tenkjer nøye gjennom kva type kontorløysing dei tilsette vil trenge for gjere jobben på best mogleg måte.

I studia fant dei at tilgang på heimekontor ikkje gav mindre forskjellar i sjukefråvær mellom einekontor og ope landskap. I motsetnad til det dei venta.

Hjemmekontor: Nav strammet inn bruken av hjemmekontor etter pandemien. Da byttet Elise jobb

– Om det er slik at ein opplever utfordringar i ope kontorlandskap, er det viktig at arbeidsgjevar og arbeidstakar jobbar saman for å løyse utfordringane. Funna i studia indikerer at tilgang på heimekontor ikkje nødvendigvis løyser utfordringar med ope kontorlandskap, seier ho.

Ein må med andre ord løyse problema der dei er.

– Sit ein primært på heimekontor fordi ein ikkje føler ein får jobba godt i ope landskap, er ikkje det nødvendigvis positivt. Det riktige er å adressere utfordringane i det opne kontorlandskapet.

Fakta om forskinga  

• Studia brukar landsrepresentative data frå Levekårsundersøkelsen om arbeidsmiljø samla inn av SSB.

• Studia er gjort av Stami-forskarane Randi Hovden Borge, Håkon Andre Johannesen, Knut Inge Fostervold og Morten Birkeland Nielsen.

• Samanhengane er justert for kjønn, alder, utdanningsnivå, lederansvar, og andel arbeidstid ein bruker på kontorarbeid.

• Det fulle namnet på studia er: Office design, telework from home, and self-certified sickness absence: A cross-sectional study of main and moderating effects in a nationally representative sample. 

Warning
Annonse
Annonse

Fakta om forskinga  

• Studia brukar landsrepresentative data frå Levekårsundersøkelsen om arbeidsmiljø samla inn av SSB.

• Studia er gjort av Stami-forskarane Randi Hovden Borge, Håkon Andre Johannesen, Knut Inge Fostervold og Morten Birkeland Nielsen.

• Samanhengane er justert for kjønn, alder, utdanningsnivå, lederansvar, og andel arbeidstid ein bruker på kontorarbeid.

• Det fulle namnet på studia er: Office design, telework from home, and self-certified sickness absence: A cross-sectional study of main and moderating effects in a nationally representative sample.