JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

LO vil ha statleg utbygging av bustader. Sjå kva Ap svarar

Prisgaloppen gjer at folk med vanleg løn blir skvisa ut av byane. – Blodig urettvist, seier bustadpolitisk talsperson i Ap.
Prisane, spesielt i dei største byane, pressar folk med vanlege løner ut.

Prisane, spesielt i dei største byane, pressar folk med vanlege løner ut.

Sissel M. Rasmussen

Saken oppsummert

oystein.windstad@fagbladet.no

Nyleg skreiv Fagbladet om helsefagarbeidar Julie som ikkje har råd til eigen bustad. Ei gransking av LO viser at det har blitt så dyrt å kjøpe tak over hovudet at einslege fagarbeidarar kan gløyme eigen bustad i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.

No vil LO at staten bygger bustader. Ap seier dei deler LO sin frustrasjon over at bustadmarknaden pressar arbeidarar ut av byane:

– Det er blodig urettvist. Bustadmarknaden har blitt ein ulikheitmaskin. Der har vi som stat ei viktig rolle å sørgje for at kommunane klarer å legge til rette for auka bustadbygging. For vi meiner at det beste vi kan gjere, er å dempe prisveksten, slik at fleire får høve til å komme inn på bustadmarknaden, ved å bygge meir, seier bustadpolitisk talsperson i Ap, Siri Gåsemyr Staalesen.

Les også: Regjeringen gir en milliard ekstra til Husbanken

Vil sjå på alle forslag

Det er ikkje så ofte politikarar og parti går ut med konkrete mål for noko dei vil. Det har Ap og regjeringa gjort når det kjem til bustad. Dei vil at det skal byggast 130.000 nye bustadar innan 2030.

Arbeidsfolk presses ut av byene: – Har ikke råd til å bo der de jobber

Ap-politikar Siri Gåsemyr Staalesen.

Ap-politikar Siri Gåsemyr Staalesen.

Bernt Sønvisen / Arbeiderpartiet

Staalesen seier at Ap inviterer byggenæringa og andre som har forslag til å kome med idear til korleis dei skal greie å nå det hårete målet innan fem år.

I fjor var eit botn-år for bygging i Noreg. Ifølgje SSB er det 30 år sidan sist det har kome så få byggeløyve.

Staalesen seier at LO er velkomne til å sette seg ned saman med regjeringa:

– Her er det berre for LO å ta kontakt med kommunalministeren og få ein diskusjon om dette er noko som vi ønsker å vurdere. Vi ser på alt, men eit statleg bustadselskap er ikkje ein del av vårt partiprogram, seier Staalesen.

Fakta om bustadbygginga i Noreg

Det blir sett i gang færre bustadar enn det trengst

I 2024 blei det gjeve løyve til å starte bygging av 18.679 bustadar

Det er det lågaste talet på byggeløyver sidan 1993

Talet på byggeløyver seier noko om kor mange bustader som vil bli bygd vanleg vis eit år eller to etter

Talet på fullførte bustadar har sunket kvar år sidan 2018

(Kjelde: Statistisk sentralbyrå)

Øystein Windstad

– Vi rustar opp Husbanken

LO vedtok nyleg at dei vil ha ei stor satsing på Husbanken som skal gje lån til dei som ikkje har nok eigenkapital.

Staalesen seier det er i tråd med Ap sin politikk og det regjeringa har gjort:

– Vi har gjenreist Husbanken, og der vi har auka utlånsramma med 70 prosent – frå 19 til 32 milliardar kroner. Det har bidratt til at fleire har kome inn på bustadmarknaden. Vi ønskjer å fortsette oppbygginga av Husbanken. Og terskelen for å kjøpe eige bustad bør senkast, seier den bustadpolitiske talspersonen for Ap.

Dette vil LO og Fagforbundet

LO-kongressen vedtok ei bustadpolitisk fråsegn på kongressen nyleg. Der heiter det mellom anna at:

«LO meiner at opprettinga av eit statleg bustadselskap bør vurderast, som i samarbeid med kommunane kan sørgje for boligløsninger som i dag ikkje dekkes av det kommunale butilbodet eller kommersielle bustadutviklarar».

Målet er å dempe prisveksten både for dei som eig og leiger.

LO vil at det statlege bustadselskapet skal Bygge ein ikkje-kommersiell leigesektor:

«Ein sektor for allmennbustader som er rimelege, ikkje kommersielle utleigebustader som er tilgjengelege for vanlege folk», står det vidare i vedtaket.

LO vil at kommunane skal sette av område til ikkje-kommersiell leige. Og at det skal settast grenser for kor lenge utbyggarar kan sitte på eigedommar før dei bygger bustader.

LO vil vidare at mange fleire skal få Husbanklån og ei ny satsing på leige-til-eige.

LO har ein million medlemmer og Fagforbundet med sine 413.000 medlemmer har vore ein pådrivar for eit statleg bustadselskap.

 

Vil ha meir leige-til-eige

Staalesen seier at i tillegg til å satse på at fleire får råd til sin første bustad via Husbanken, skal byggeprosessane gå raskare. Med hjelp av KI, effektivisering og digitalisering skal sakshandsamingstidene for bygging gå ned. Eit anna viktig tiltak er at ho og Ap ønsker at fleire skal få råd til å kjøpe bustaden dei leiger:

– Vi ønskjer å gje kommunane moglegheit til å få større variasjon i byggemåten og buformene, til dømes fleire leige-til-eige-leilegheiter. Dette arbeidet er godt i gang, seier Staalesen.

Warning