Sosialhjelp
No må folk med «vanlege jobbar» gå på Nav
Dei som har slite, slit meir – og folk med «vanlege jobbar» må gå på Nav. Slik merkar dei Nav-tilsette trykket i økonomien.
Erik Fjellberg hjelp folk inn i arbeid.
Anita Arntzen
oystein.windstad@fagbladet.no
Nav Gamle Oslo i bydelen Tøyen er det største Nav-kontoret i landet.
Mange av dei som går inn dei glidande dørene og forbi dei røslege vektarane her, møter Erik Fjellberg.
Han og to kollegaer tek i mot mellom 15–25 personar om dagen.
Tiltaket heiter «Jobbfinneren». Det samlar ei gruppe som i tre timar får hjelp av tre rettleiarar.
– Vi ser at no får vi i større grad litt tyngre brukarar som har ekstra behov. Og at det er litt færre stillingar der ute. Det igjen gjer det vanskelegare å kome ut i jobb, seier Fjellberg.
Han fortel at det er endå vanskelegare for dei som står utanfor arbeidslivet:
– Vi trur dette kan ha samanheng med økonomien i marknaden. Renteoppgangen har effekt, husleiga går opp og alt blir dyrare. Dei som har slite, slit meir no, seier han.
Fleire med «vanlege jobbar»
Dei som jobbar på Nav, merkar at det har skjedd noko det siste året.
– Det er noko meir av dei som har vanlege jobbar. Særleg enkelthushaldningane, som treng litt ekstra hjelp, seier Erik Borgersrud.
Han er hovudtillitsvald ved Nav Gamle Oslo.
I fjor fekk dei tilsette på landets største Nav-kontor eit nyoppussa bygg med alt frå opne kontorlandskap til stillerom.
Samtidig fekk dei etterdønningane etter ein pandemi, krig og dyrtid i fanget: Frå januar til september i år har sosialhjelpsutbetalingane auka med 344 millionar kroner i Oslo.
Det er ei auke på 35 prosent. Veksten er størst blant brukarar under 30.
– Dyrtid i samfunnet fører til auka utgifter til sosialhjelp. Samtidig kjem det mange flyktninger som treng vår assistanse, dette utfordrar oss, seier Erik Borgersrud. Han er hovudtillitsvald for Fagforbundet på Nav Gamle Oslo.
Anita Arntzen
Brukar meir tid
Fjellberg og rettleiarane på Jobbfinneren hjelper med alt frå CV, korleis skrive søknad og til blant anna jobbintervju-trening.
Fjellberg og kollegaene ser ein tendens:
– Vi merkar at dei som kjem til oss, brukar lenger tid. Frå dei kjem inn døra til dei går ut den andre døra i jobb. Dei brukar meir og meir innsats på dei same sakene, seier han. og legg til:
Det betyr meir jobb for Nav-rettleiarane og.
– Vi må vere endå meir på ballen og forvente at vi må legge ned ekstra innsatsar. Og vere førebudd på at det er komplekse saker som treng fleire tenester på ein og same gong. Vi må samarbeide i større grad også, seier Fjellberg.
Kvar dag får rundt 25 personar hjelp på Nav Gamle Oslo til jobb nummer ein, å finne arbeid. Kursdeltakarane får alt frå jobbintervjutrening til tips til korleis lage ein god CV.
Anita Arntzen
Ser lengre matkøar
Teikna på at det blir meir å gjere for dei Nav-tilsette såg ein allereie i tal frå 2021 til 2022.
Då auka andelen som fekk sosialhjelp med 10 prosent nasjonalt. Oversikta frå SSB viser også at det blei 1700 fleire i full jobb som fekk sosialhjelp i 2022.
Hovudtillitsvalde Borgersrud har jobba på Nav sidan 2012.
– Korleis er det å jobbe her når det meste blir dyrare?
– Det er sjølvsagt krevjande, men også gjevande. Vi ser at det økonomiske spelerommet til dei vi hjelper, har blitt redusert. Då blir det meir krevjande og meir stressande å leve.
Erik Fjellberg møter opp mot 25 jobbsøkarar om dagen. Han og kollegaene merkar at det er færre ledige jobbar der ute og at det kan ta lengre tid for ein del å lande ein jobb.
Anita Arntzen
Fakta om dyrtid
• Sosialhjelp-utbetalingane har auka med 35 prosent frå sepember 2022 til september 20223.
• I kroner er auka på 344 millionar.
• I snitt har de blitt 13 prosent fleire mottakarar det siste året.
• Den gruppa som vekst mest er unge under 30.
• Det var 32 prosent fleire under 30 som fekk sosialhjelp i Oslo det siste året.
• Dei nyaste nasjonale tala er frå 2022.
• I snitt blei det 10 prosent fleire som fekk sosialhjelp frå 2021 til 2022.
• Høgare rente, dyrare straum og generell privekst blir peika på som årsak til dyrtid.
Flere saker
Fakta om dyrtid
• Sosialhjelp-utbetalingane har auka med 35 prosent frå sepember 2022 til september 20223.
• I kroner er auka på 344 millionar.
• I snitt har de blitt 13 prosent fleire mottakarar det siste året.
• Den gruppa som vekst mest er unge under 30.
• Det var 32 prosent fleire under 30 som fekk sosialhjelp i Oslo det siste året.
• Dei nyaste nasjonale tala er frå 2022.
• I snitt blei det 10 prosent fleire som fekk sosialhjelp frå 2021 til 2022.
• Høgare rente, dyrare straum og generell privekst blir peika på som årsak til dyrtid.