JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Privatisering

Spareforslaget for Oslo kommune gjer reinhaldarene utrygge

Løna, pensjonen og forsikringane blir truleg dårlegare, dersom reinhaldarjobbane i Oslo kommune blir privatisert.
Karen Alegre har i dag fleksibel arbeidstid. Det gjer at ho kan gå på møte på skulen for sonen og kan lett vere der for han når han blir sjuk.

Karen Alegre har i dag fleksibel arbeidstid. Det gjer at ho kan gå på møte på skulen for sonen og kan lett vere der for han når han blir sjuk.

Øystein Windstad

Saken oppsummert

oystein.windstad@fagbladet.no

Fem kvitkledde sit inne på eit tomt reinvaska legevakt-rom. Ein av dei, Karen Alegre tek ordet:

– Om eg blir flytta over frå kommunen til eit privat selskap, vil det bety mykje for livet mitt, seier åleinemora og Fagforbundet sin plasstillitsvalde for reinhaldarar, Karen Alegre og fortset:

– Då må eg ha to, kanskje tre jobbar for å betale rekninga. I dag har eg fleksible ordningar på jobben som gjer at eg kan gå på møte på skulen om sonen min eller hente han når han blir sjuk. No har eg fleksibilitet og tryggleik i ein fysisk krevjande jobb, seier Fagforbundet-medlemmet.

Alegre jobbar i turnus. Kommunen sitt velferdsreglement gjev større rett til permisjonar enn i det private. Det legg til rette for at ho kan gå på møte om sonen på skulen blant anna. Og kombinere familieliv med jobb.

Ho fryktar at om ho må over i eit privat selskap må ho ta ulønna fri der ho i dag kan ta permisjon. Og at både løna, pensjonen og forsikringane blir dårlegare.

Dette er spareforslaget

Byrådet i Oslo har sett ned Effektiviseringsprogrammet.

Formålet er å sjå på korleis kommunen kan spare pengar og drive meir effektivt.

Effektiviseringsprogrammet kom med rapportar 14. januar. 

Rapportane tek for seg sparing og effektivisering i desse sektorane i Oslo kommune.

Byutvikling, kultur og næring, miljø og samferdsel, utdanning, sosiale tenester, helse, finans og byrådsleiaren sitt kontor.

Ein del av forslaga går ut på å blant anna sette ut på anbod reinhald, vakt og drift.

Byrådet skal bestemme om dei går for forslaga i løpet av våren.

Privatisering av tenester er estimert å spare rundt ti prosent av utgifter til drift i året. 

Kan miste over ein million i pensjon kvar

Åleinemora Alegre seier ho fryktar å miste alt dette om jobben på legevakta i Oslo blir sett ut på anbod.

Ho er ikkje åleine om å ha bekymringar. Ved sidan av ho sit kollega Samuel Berhane og Mary Gloria Basil:

– Eg har jobba som reinhaldar på legevakta i 34 år, seier Basil. Ho og Berhane har eit problem om dei må over i eit privat selskap: Dei risikerer å miste AFP-pensjonen sin fordi dei er over 55 år og ikkje rekk å spare seg opp ny.

Då vil dei tape rundt ein million i pensjon kvar, og begge må jobbe fem år lenger. I ein jobb der dei ofte gjer den same bevegelsen fleire hundre gonger om dagen. På golvet. På veggane. I taket:

– Eg har arbeidd mange år for Oslo kommune. Dette vil eg ikkje, seier Berhane.

Kan miste over ein million i pensjon kvar

Åleinemora Alegre seier ho fryktar å miste alt dette om jobben på legevakta i Oslo blir sett ut på anbod. Ho er ikkje åleine om å ha bekymringar. Ved sidan av ho sit kollega Samuel Berhane og Mary Gloria Basil:

– Eg har jobba som reinhaldar på legevakta i 34 år, seier Basil. Ho og Berhane har eit problem om dei må over i eit privat selskap: Dei risikerer å miste AFP-pensjonen sin fordi dei er over 55 år og ikkje rekk å spare seg opp ny.

Då vil dei tape rundt ein million i pensjon kvar, og begge må jobbe fem år lenger. I ein jobb der dei ofte gjer den same bevegelsen fleire hundre gonger om dagen. På golvet. På veggane. I taket:

– Eg har arbeidd mange år for Oslo kommune. Dette vil eg ikkje, seier Berhane.

Mary Gloria Basil har jobba som reinhaldar i 34 år ved legevakta i Oslo. 

Mary Gloria Basil har jobba som reinhaldar i 34 år ved legevakta i Oslo. 

Øystein Windstad

Vil spare pengar på reinhaldarane

Oslo kommune er styrt av Høgre og Venstre med støtte av Frp. Byregjeringa har starta Effektiviseringsprogrammet. I januar kom Effektiviseringsprogrammet med forslag om å sette ut rundt 30 stillingar innan vakt, drift og reinhald på anbod. Tanken er at dette skal spare rundt ti prosent av utgifter på drift i året:

– Dei tenker ikkje på situasjonen til vanlege folk. Dei må slutte å eksperimentere, tenke på framtida vår og behandle oss likt som andre tilsette i kommunen. Eg inviterer politikarar som vil privatisere til å møte oss og bli med oss ein dag på jobben. Der vil dei sjå at utan oss er det ikkje noko sjukehus, seier Rose Måke. 

Måtte kjempe seg til faste jobbar

Reinhaldarane ved legevakta har måtta kjempe lenge og hardt for å kome dit dei er i dag. Tre av dei fem som Fagbladet intervjuar, måtte jobbe midlertidig i fleire år.

Då dei ville ha faste jobbar, fekk reinhaldarane tilbod om det som blei omtala som dei minste faste stillingane i Noreg. Dei fekk kontraktar på 0,33, 0,51 og 0,53 prosent faste stillingar.

Oslo kommune kalla desse kontraktane eit arbeidsuhell.

Då Fagforbundet og tillitsvalde Stig Berntsen tok saka fekk dei etter kvart 50 prosent fast stilling. Seinare 65 prosent fast jobb. Og til slutt heile faste jobbar:

– Vi gjer jobben med heile hjartet og jobbar lojalt. Og vi er trygge slik vi har det i dag, seier Genalita Rosantina. Om forslaget til Effektiviseringsprogrammet får ja, blir jobbane til reinhaldarane ved legevakta sett ut på anbod og privatiserte i løpet av i år. 

Warning