JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Arbeidarklassen er borte frå TV-skjermane: – TV har blitt ein slags flukt, der ein berre skal sjå rike menneske

Middelklassen dominerer svenske TV-skjermar, medan arbeidarklassen er kraftig underrepresentert, viser nytt forskingsprosjekt.
Kajsa Ekman, svensk journalist og aktivist. Her på Raudts strategikonferanse i Oslo på laurdag.

Kajsa Ekman, svensk journalist og aktivist. Her på Raudts strategikonferanse i Oslo på laurdag.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Arbeidarklassen er fråverande på svenske TV-skjermar. Det er snakk om folk som blir intervjua og medverkar i TV-program.

Berre 11 prosent av personane folk kunne sjå på dei største, svenske TV-kanalane i 2015 hadde tilhøyre i arbeidarklassen.

Det viser eit nytt forskingsprosjekt, utført på oppdrag frå den svenske tenkesmia Katalys.

Arbeidarklasse har dei definert som medlemmer i svensk LO og tenestemenn i lågare stillingar.

Den same arbeidarklassen utgjer omtrent 50 prosent av den svenske befolkninga, etter forskarane sin definisjon.

– TV har blitt ein slags flukt, der ein berre skal sjå rike menneske, seier den svenske journalisten og aktivisten Kajsa Ekman til FriFagbevegelse.

Forskingsprosjektet viser også at arbeidarklassen generelt blir framstilt mindre nyansert og sjeldnare får komme til orde i programma dei er med i.

– Arbeidarklassen blir skildra fordomsfullt, ofte som «white trash», seier Ekman.

Middelklasseperspektiv

Delen arbeidarklasse var lågast på den svenske TV-kanalen SVT. Der hadde kun 5 prosent av personane tilhøyre i arbeidarklassen.

– SVT innskrenkar sitt bilde av Sverige til å berre omfatte eit snevt middelklasseperspektiv, skriv forskarane, Peter Jakobsson og Fredrik Stiernstedt ved Södertörns högskola, i eit debattinnlegg.

Undersøkinga deira viser at 70 prosent av personane på svensk tv hadde tilhøyre i middelklassen. 19 prosent hadde tilhøyre i klassen dei kallar «makteliten».

Dette kan forklarast av at medieprodusentane og deira samfunnsklasse har ei forestilling om at klassesamfunnet er eit forbigått stadium i samfunnsutviklinga, meiner dei. Forskarane viser til ei undersøking som slår fast at åtte av ti svenskar derimot meiner at Sverige framleis er eit klassesamfunn.

– Det verkar som at arbeidarklassen ikkje skal finnast. Ein snakkar ikkje om den. Den eksisterer liksom ikkje. Før i tida fanst det iallfall ein ambisjon om å skildre heile samfunnet. Då skulle kapitalisten og alle ledd ned til reinhaldaren vere med i TV-seriar. Elles kjente ikkje folk seg igjen, seier Ekman.

Norsk prosjekt

Elisabeth Eide, professor ved OsloMet, fortel at universitetet er i gang med eit prosjekt som skal kartlegge trykte medium si dekning av bygningsarbeidarar og personar med lågare stillingar i omsorgssektoren. Undersøkinga viser liknande funn som i det svenske prosjektet.

– Førebelse funn viser at det står lite om dei og at dei i liten grad kjem til orde sjølv. Det gjeld spesielt innvandrarar med arbeidarklassebakgrunn, seier Eide.

Eide peikar på at media i mindre grad skriv om arbeidsliv.

– Mitt inntrykk er at det har blitt mindre arbeidsplassreportasjer, der ein drar ut og besøker folk på jobb. Det er reportasjar frå LOs sommarpatrulje kvart år, men elles er det ikkje all verda, seier Eide.

– Eg trur også den gravande journalistikken i mindre grad handlar om å avdekke uverdige arbeidsforhold, legg ho til.

I tillegg viser ho til at få av stortingsrepresentantane har arbeidarklassebakgrunn. Det trur professoren kan verke inn på pressedekninga.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Elisabeth Eide, professor i journalistikk ved OsloMet.

Elisabeth Eide, professor i journalistikk ved OsloMet.

Erlend Dalhaug Daae (arkivfoto)

På veg tilbake

Det svenske forskingsprosjektet er ein del av ei utgreiing som skal kartlegge det svenske klassesamfunnet i det 21. århundret.

– Sidan midten av 80-talet har dei vore forsvunne. Men det 21. århundret har blitt innleia med klassane og klassesamfunnets tilbakekomst i den politiske diskusjonen, skriv Göran Therborn og Daniel Suhonen frå tankesmia Katalys i rapporten.

– I dei seinaste politiske vala i Storbritannia, Frankrike og USA, har arbeidarklassen og stemmene deira plutseleg stilt seg i sentrum av den politiske debatten. «Populisme» vart plutseleg det verste ordet liberale forståsegpåarar kunne tenke seg.

Også her heime trur professor Eide at klassane er på veg tilbake i mediebildet.

– Eg oppfattar at det har blitt meir vanleg å snakke om klasse og klassebakgrunn. Eg trur det kan kome eit oppsving.

Svenske Ekman trur også klassane er på veg tilbake i samfunnsdebatten.

– Det er viktig at media gir ein riktig representasjon av samfunnet, slik at folk slepp å skjemmast av arbeidet sitt, seier ho og legg til:

– I Sverige har det vore mykje snakk om klassereiser. Men om alle skal gjere klassereiser, kven skal gjere dei ekte jobbane då?

– Vi må aldri bli nostalgiske – aldri arbeiderromantiske, mener veteraner

Slik har dei gruppert folk

Det er stillinga i produksjonen som ligg til grunn for forskarane sin definisjon av klasse. Omtrent slik har dei gruppert folk:

Arbeidarklasse: Medlemmer i LO, samt tenestemenn i lågare stillingar.

Middelklasse: Tenestemenn i høgare stillingar, eigarar av mindre bedrifter og akademikarar.

Makteliten: Kapitaleigarar, topp-politikarar, samt sjefar og tenestemen i høgare stillingar.

Kjelde: Fredrik Stiernstedt, forskar i medium- og kommunikasjonsvitskap ved Södertörns högskola

Annonse
Annonse

Slik har dei gruppert folk

Det er stillinga i produksjonen som ligg til grunn for forskarane sin definisjon av klasse. Omtrent slik har dei gruppert folk:

Arbeidarklasse: Medlemmer i LO, samt tenestemenn i lågare stillingar.

Middelklasse: Tenestemenn i høgare stillingar, eigarar av mindre bedrifter og akademikarar.

Makteliten: Kapitaleigarar, topp-politikarar, samt sjefar og tenestemen i høgare stillingar.

Kjelde: Fredrik Stiernstedt, forskar i medium- og kommunikasjonsvitskap ved Södertörns högskola