JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Jobbing i jula:

Fri og lønn i jula: Dette har du krav på

Har eg krav på betalt fri i jula? Og kor mykje skal eg ha i lønn dersom eg må jobbe? Lova seier berre at du skal ha fri, men med tariffavtale får du likevel betalt, og ekstra høg lønn dersom du må jobbe.

Colourbox

tormod@lomedia.no

Lova slår fast at alle arbeidstakarar skal ha fri frå julaftan klokka 18 til 2. juledag klokka 22. Det same gjeld nyttårsaftan til 1. nyttårsdag. Du kan berre jobbe dersom den typen jobb du har gjer arbeid på heilagdagar nødvendig og saka er drøfta med tillitsvald.

Dersom du er omfatta av ei tariffavtale, har du samtidig ei lang rekke rettar utover det som er lovfesta. Magasinet for fagorganiserte har gått gjennom dei ti største tariffavtalene Fellesforbundet har med arbeidsgivarorganisasjonane.

p

Fri på rauddagar

Felles for dei fleste tariffavtalene, er at dei slår fast at du har krav på godtgjering for tapt arbeidstforteneste når du har fri heilagdagane i jula, dersom dagane elles hadde vore ein arbeidsdag i bedrifta di.

Dei fleste slår også fast at du skal ha godtgjering dersom du mistar skift før heilagdagar på grunn av den lovfesta arbeidstida.

Grunnlaget er som regel gjennomsnittslønna over ein viss periode, anten din eigen eller for ei gruppe tilsette. Utbetalinga skal du ha seinast andre lønningsdag etter heilagdagen.

Arbeid på rauddagar

Også dei som jobbar i jula er sikra fleire rettar med tariffavtale. Tariffavtalene har nemleg eigne tillegg for arbeid på heilagdagane, og dessutan julaftan og nyttårsaftan etter eit visst klokkeslett.

I dei ti tariffavtalene Magasinet for fagorganiserte har undersøkt, slår tillegga inn tidlegast klokka 12 og seinast klokka 15 julaftan og nyttårsaftan. Dei gjeld som regel til klokka 22 siste heilagdag. Tillegga kan vere i form av kronebeløp eller prosent av lønna, anten per skift eller time ein har arbeidd.

p

Tariffavtalene har også eigne overtidstillegg desse dagane. Dei er som regel 100 prosent. Fleire har også eigne tillegg for jobbreiser, og offshoretillegga er høgare desse dagane.

PS. Mange klubbar har forhandla fram eigne rettar lokalt på arbeidsplassen. Derfor kan det vere lurt å spørje tillitsvald på jobben din om kva du har krav på.

Lova seier

at du har krav på fri frå klokka 18 dagen før til klokka 22 siste heilagdag …

med mindre typen jobb gjer arbeid nødvendig desse dagane

Med tariffavtale

har dei fleste krav på godtgjering for tapt arbeidsforteneste

og ekstra høg lønn og overtidsbetaling dersom du må jobbe

Kjelder: Arbeidsmiljølova paragraf 10-10 og dei ti største tariffavtalene i Fellesforbundet

Annonse
Annonse

Lova seier

at du har krav på fri frå klokka 18 dagen før til klokka 22 siste heilagdag …

med mindre typen jobb gjer arbeid nødvendig desse dagane

Med tariffavtale

har dei fleste krav på godtgjering for tapt arbeidsforteneste

og ekstra høg lønn og overtidsbetaling dersom du må jobbe

Kjelder: Arbeidsmiljølova paragraf 10-10 og dei ti største tariffavtalene i Fellesforbundet