JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Så mykje får du i streikestøtte om det blir storstreik

Om det blir streik får du ikkje løn. Du får derimot pengestøtte frå streikekassa i forbundet ditt. Sjå kva du får her.

Simen Aker Grimsrud (illustrasjonsbilde)

frifagbevegelse@lomedia.no

Frå søndag kan det bli storstreik i privat sektor – om ikkje LO, YS og NHO kjem fram til ei løysing i lønsoppgjeret. Medlemmer som er teke ut i streik får ei skattefri støtte frå streikekassa til forbundet.

LO og NHO er no i sluttspurten, der dei diskuterer tre vanskelege tema:

• At fleire skal få avtalefesta pensjon (AFP)

• Dekning av reise, kost og losji i industrien

• At fleire skal få obligatorisk tenestepensjon, og at denne pensjonen skal gi høgare utbetaling.

Fristen er midnatt natt til søndag. Men meklinga kan fortsette utover søndagen, om partane trur det er mogleg å bli einige.

– Førsteuttaket vårt legger kysten død

FriFagbevegelse.no har laga ein oversikt over beløpa du får frå dei ulike forbunda. Nokre av forbunda oppgir beløp for veker, nokre for dagar og ulike stillingsprosentar.

Dette er streikebidraget

Er du medlem i Norsk Arbeidsmandsforbund, får du 4647 kroner i veka, om du er i full stilling. Om du har barn får du eit forsørgartillegg på 665 kroner for kvar person du forsørgar. Om du jobbar deltid får du stønad i forhold til talet timar du ville arbeidd dersom det ikkje var streik.

– Vi må ha lønnsøkning og bedre pensjon for å unngå en haug med fattige

Er du medlem i Fellesforbundet, får du 3620 kroner per veke.

Er du medlem i EL og IT Forbundet, får du 1050 kroner per dag.

Er du medlem i Norsk Transportarbeiderforbund, får du 640 kroner per dag.

Er du medlem i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund, får du 1020 kroner per dag.

Er du medlem i Handel og Kontor i Norge, får du ulike beløp etter kva stillingsprosent du har.

• Om du har fast avtalt arbeidstid til og med 15 timar per veke, får du 1752 kroner per veke. For delar av ei veke, får du 251 kroner per dag.

• Om du har fast avtalt arbeidstid over 15 timar til og med 30 timar per veke, får du 2427 kroner per veke. For delar av ei veke får du 347 kroner per dag.

• Om du har fast avtalt arbeidstid over 30 timar per veke, får du 3331 kroner per veke. For delar av ei veke får du 475 kroner per dag.

Forberedelsene er i gang: Gjør seg klare for storstreik

Er du medlem i Forbundet for Ledelse og Teknikk, får du 3620 kroner per veke, i perioden til og med tredje veke av streiken. Forbundet vurderer storleiken på streikestøtta fortløpande.

Er du medlem i Industri Energi, får du støtte avhengig av kva slags skift du jobbar:

• Arbeidstakar på dagtid (37,5 timar per veke): 100 kroner per time.

• Arbeidstakar på 2-skift (36,5 timar per veke): 103 kroner per time.

• Arbeidstakar på 3-skift (35,5 timar per veke): 105 kroner per time.

• Arbeidstakar på helkontinuerlig skift og på sokkelen (33,6 timer per veke): 112 kroner per time.

Er du medlem i Fagforbundet, får du streikestøtte på 70 prosent av løna.

Er du medlem i NTL, får du streikestøtte på 70 prosent av bruttoløna.

Er du medlem i Norsk Sjømannsforbund, får du 150 kroner i timen for tapt arbeidstid.

Er du medlem i Norsk Sjøoffisersforbund, må du vente til forbundet bestemmer seg ved ein eventuell streik.

Vi fikk den femte ferieuka sist LO streiket i et samordnet oppgjør

Om du er medlem i YS

YS tar ut 6000 medlemmer i streik om partane ikkje finn ei løysing før fristen natt til søndag. Her ser du kor mykje medlemmer i dei ulike YS-forbunda får i streikestøtte.

Om du er medlem i Yrkestrafikkforbundet, får du 640 kroner per dag, seks dagar i veka.

Om du er medlem i Negotia får du 1050 kroner per person per dag for en 100 prosent stilling. Dette inkluderer forsørgerbidrag mm.

Medlemmer med stillingsbrøk under 50% får 50% støtte

Medlemmer med stillingsprosent mellom 50%-75% får 75% støtte

Medlemmer med stillingsbrøk mellom 75%-100% får 100% støtte (tilsvarende modell som medlemskontingenten).

Negotia vedtok 7. april å justere opp satsene fra 700 kroner dagen til 1050 kroner dagen.

Om du er medlem i Safe, får du 113 kroner timen. Men du får ingenting for den første arbeidsdagen – 7,5 timar om du jobbar på land og 12 timar om du jobbar offshore.

Om du er medlem i Parat, får du minimum 3620 kroner per veke, samt ulike tillegg, blant anna tillegg for forsørgaransvar for barn.

Delta vil ikkje svare på kva dei gir i streikebidrag til medlemmene og svarer følgande i ein e-post gjennom kommunikasjonsavdelinga i YS:

«Vi legger til grunn at Deltas streikebidrag ikke står tilbake for det som tilstås av de fleste andre forbund, men ønsker ikke å bidra til at streikebidraget brukes som et element i konkurranse mellom forbundene. Forbundene står sammen om kravene og formålet med en eventuell konflikt; det er hovedpoenget.»

Vi oppdaterer lista med fleire forbund.

Her er forslagene som kan løse AFP-floken – og gi deg ny pensjon

Nokre atterhald

Fleire av forbunda har atterhald for betaling av streikestøtte til medlemmer.

Er du medlem i Fellesforbundet, må du ha vore betalande medlem i minimum to veker før konflikten startar. Om du har vore medlem i forbundet tidlegare, må du ha vore betalande medlem i tolv veker før konflikten starta.

Andre forbund kan ha andre atterhald.

Mange viktige grupper i streik

LO og YS har varsla at mange viktige grupper blir tatt ut i streik, om dei ikkje får gjennomslag for krava sine:

Reinhaldarar, bergverksarbeidarar, elektrikarar, matvarindustriarbeidarar, frisørar, dyrepleiarar, verftsindustriarbeidarar, byggarbeidarar, sørvis- og salsarbeidarar, metallindustriarbeidarar, forskarar, fergearbeidarar, journalistar, bussjåførar og transportarbeidarar er blant desse.

• Lurer du på kva bedrifter som blir tatt ut i streik? Sjå lista her.

Odd og Karsten ble for dyre for verftet, som heller ville bruke innleid arbeidskraft

LO og NHO har brutt lønnsforhandlingene

Lønnsoppgjøret: Dette vil LO kjempe for

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om og for arbeidsfolk i blant annet anlegg, vakt, renhold, asfalt og bergverk.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse