JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Flytoget / Bjørn Grimstad / Entra

Salet av statlege selskap

Staten har tent 3,3 milliardar på desse selskapa dei siste fem åra. Likevel vil regjeringa selje

I førre regjeringsperiode tente staten i snitt 670 millionar årleg på eigarskapet i dei seks selskapa regjeringa vil selje.

11.07.2018
08:14
21.08.2023 17:14

tormod@lomedia.no

Regjeringa vil gjennomføre «en gradvis reduksjon i statlige eierandeler i bedrifter med forretningsmessig avkastning som hovedmål», slo Høgre, Frp og Venstre fast i regjeringserklæringa si i januar

Salet har allereie begynt. I slutten av juni solgte staten seg ut av SAS, eit selskap den norske stat har hatt eigarskap i sidan 1946.

Staten har no direkte eigarskap i 75 selskap, som er delt inn i fire kategoriar. I regjeringserklæringa blir det vist til kategori 1, der det no er seks selskap som staten berre har «forretningsmessige mål» med.

Desse selskapa er:

• Entra ASA

• Mesta AS

• Flytoget AS

• Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS

• Ambita AS

• Baneservice AS

Regjeringa har fått fullmakt frå Stortinget til å selje heilt eller delvis alle desse selskapa, med unntak av Flytoget.

Lest denne? Lønna til toppsjefene i statseide selskaper steg over tre ganger så mye som for vanlige folk

3,3 milliardar i utbytte

Til forskjell frå SAS, der staten ikkje tok ut noko utbytte, har dei tatt ut store summar i utbytte frå dei fleste av desse selskapa dei siste fem åra.

Totalt 3.337 millionar kroner, har staten tatt ut i utbytte frå dei seks selskapa i førre regjeringsperiode.

Det viser statens eigarmeldingar frå 2013 til 2017, som FriFagbevegelse har gått gjennom.

I snitt er dette 667 millionar kroner i årleg utbytte frå dei seks selskapa.

13.193 millionar kroner var det samla årsresultatet for selskapa i perioden, som er pengane eigarar kan ta utbytte frå. I snitt blir dette 2.639 millionar kroner i årsresultat kvart år.

Berre i fjor omsette dei seks selskapa, som har over 2400 tilsette til saman, for totalt 8,4 milliardar kroner.

KrF og Venstre sikra fleirtal

Det var i 2014 regjeringa bad Stortinget om fullmakt til å selje alle dei seks selskapa. Forslaget om fullmakt til sal av Flytoget vart stoppa i næringskomiteen.

I 2015 sikra Høgre, Fremskrittspartiet, Kristeleg folkeparti og Venstre fleirtal for fullmakta til å selje resten av selskapa. Også Sp stemte for fullmakt til sal av Mesta, og alle partia stemte for sal av Veterinærmedisinsk oppdragssenter, med unntak av Sp og SV.

Sittande regjering har altså programfesta at dei vil redusere eigarskapet i selskapa. Eventuelle sal vil vere eit resultat av «forretningsmessige vurderinger blant annet knyttet til selskaps- og markedsspesifikke forhold», opplyser Nærings- og fiskeridepartementet, som har ansvar for eigarskapet.

Dette er selskapa regjeringa vil selje

Entra: Størstedelen av utbyttet kom frå Entra ASA, som staten no eig 33,4 prosent av etter å ha solgt seg ned frå ein aksjedel på 100 prosent i 2013.

Totalt 1.217 millionar kroner, har staten henta ut frå selskapet i løpet av femårsperioden.

I snitt, har staten tatt 243 millionar kroner i utbytte kvart år. Entra har hatt eit årsresultat på i snitt 2.241 millionar kroner.

Selskapet omsette for 2.075 millionar kroner i 2017 og hadde 155 tilsette i fjor.

(Artikkelen held fram under diagrammet.)

Måten driftsresultatet er rekneskapsført i statens eigarmelding er endra i løpet av perioden. Vi har derfor ikkje inkludert omsetning i diagrammet over.

Mesta: På ein solid andreplass kjem Mesta AS, som staten eig 100 prosent av aksjene i.

Staten har tatt ut totalt 1.050 millionar kroner i utbytte frå selskapet dei siste fem åra.

I snitt, blir dette 210 millionar kroner i utbytte årleg. Selskapet har hatt årsresultat på i snitt 155 millionar kroner.

Mesta omsette for 3,765 millionar kroner i fjor og hadde 1.420 tilsette.

Flytoget: Også frå heileigde Flytoget AS har staten tatt ut eit solid utbytte dei siste fem åra:

935 millionar kroner tente staten på eigarskapet i perioden.

I snitt, er dette 187 millionar kroner årleg. Flytoget har hatt årsresultat på i snitt 157 millionar kroner.

Selskapet omsette for 932 millionar kroner i 2017 og hadde 331 tilsette.

(Artikkelen held fram under diagrammet.)

Veterinærmedisinsk oppdragssenter: Staten har tatt ut 58 millionar i utbytte frå Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS i perioden.

Det er i snitt 11,5 millionar årleg frå selskapet staten eig 34 prosent av. Selskapet har hatt eit årsresultat på i snitt 34 millionar kroner.

Det omsette for 481 millionar kroner i fjor og hadde 50 tilsette.

(Artikkelen held fram under diagrammet.)

Ambita: Staten har tatt ut 52 millionar i utbytte frå heileigde Ambita AS dei siste fem åra.

I snitt, blir det 8,5 millionar kroner årleg. Ambita har hatt eit årsresultat på i snitt 22 millionar kroner i perioden.

Selskapet omsette for 368 millionar kroner i fjor og hadde 79 tilsette.

(Artikkelen held fram under diagrammet.)

Baneservice: Frå heileigde Baneservice AS, har staten tatt ut totalt 34,5 millionar kroner dei siste fem åra.

Det er i snitt nesten 7 millionar årleg. Baneservice har hatt eit årsresultat på i snitt 28 millionar kroner i same periode.

Selskapet omsette for 743 millionar kroner i fjor. Dei hadde 394 tilsette, der 93 prosent av dei var tilsett i Norge.

(Artikkelen held fram under diagrammet.)

– Sal betyr ikkje tap av inntekter

– Kvifor vil regjeringa redusere statleg eigarskap i desse selskapa når staten tener milliardar på dei?

– Regjeringa er open for å redusere statens eigarskap i desse selskapa dersom vi ser på dette som økonomisk gunstig, svarer statssekretær Daniel Bjarmann-Simonsen (H) i Nærings- og fiskeridepartementet i ein e-post til FriFagbevegelse.no.

Sidan statens mål med eigarskapet i selskapa i kategori 1 berre er forretningsmessig, og staten ønsker høgast mogleg avkastning på investert kapital over tid, kan dette innebere sal av aksjer, forklarer statssekretæren.

– Eventuelle reduksjonar av statens eigarskap ved sal av aksjer gir inntekter som reflekterer forventa framtidig utbytte. Sal betyr derfor ikkje tap av inntekter, men ein stor inntekt ved sal framfor eventuelle utbytteutbetalingar i framtida, opplyser statssekretæren.

Sverre August Chistensen, økonomisk historikar ved BI, viser også til dette argumentet på spørsmål frå FriFagbevegelse.no om det er lurt å selje selskap som går såpass godt.

– At selskapet går dårleg eller bra, er vanskeleg å bruke som argument mot å selje. At selskapet går bra, kan også vere eit argument for å selje akkurat no, sånn at staten får ein god pris for selskapet, seier Chistensen.

Staten på begge sidene av bordet

Christensen understrekar at det er spesielt krevjande for staten å vere eigar i selskap som konkurrerer med andre private selskap, slik dei fleste av dei seks selskapa gjer.

– Då må grunngivinga for statleg eigarskap vere enda betre, fordi det er krevjande å vere både regulator og eigar. I for eksempel Hydro eller Statoil (Equinor, red.mrk.) er det enklare – der er ein ikkje konkurrent i Norge. Det var ein gjennom SAS, i forhold til Norwegian. Om ein konkurrerer i ein norsk marknad, skal det vere eit særdeles godt argument for nettopp det.

Han trekk fram eigedomsselskapet Entra som eksempel.

– Når du bygger ut eigedom, er det uhyrleg krevjande at det offentlige eig eit selskap og samtidig står for reguleringane. Om ein tar ei avgjerd, kan det vere til gode for selskapet ein eig. På den andre sida kan ein foreta avgjerder som ikkje kjem selskapet til gode, fordi ein fryktar kritikk.

– Kva med eit selskap som Flytoget, som ikkje konkurrerer med eit privat selskap?

– Ein kan spørre seg kva poenget med å selje Flytoget er. Høgresida argumenterer gjerne med at ein må bevise kvifor staten skal eige eit selskap, medan venstresida gjerne spør kvifor staten ikkje skal eige selskapet.

Staten øker utbyttet fra Statoil, Telenor, Statkraft og DNB

Disse selskapene skal Torbjørn Røe Isaksen selge

KrF vil selge seks statlige selskaper, men vente med salg av Flytoget

Kategoriane i statens eigarskap

Kategori 2 består av selskap med «forretningsmessige mål og nasjonal forankring av hovudkontorfunksjonar». Her finn vi blant anna selskapa Aker Kværner, DNB, Kongsberg Gruppen, Nammo, Norsk Hydro, Statoil, Telenor og Yara.

Kategori 3 består av selskap med «forretningsmessige mål og andre spesifikt definerte mål». Her finn vi blant anna NSB, Posten, Statkraft og Kommunalbanken.

Kategori 4 består av selskap med sektorpolitiske mål. Her er blant anna mange kulturinstitusjoner, Vinmonopolet, Norsk Tipping, NRK, Bane Nor, Avinor og Store Norske Spitsbergen Kullkompani.

Mest lest

BITTERT: Per Olav Truberg har jobba mange år i matindustrien. Takken var oppsigelse da han havna i operasjonskø med et trøble kne.

BITTERT: Per Olav Truberg har jobba mange år i matindustrien. Takken var oppsigelse da han havna i operasjonskø med et trøble kne.

Erlend Angelo

Per Olav mistet jobben i operasjonskø: – Det er veldig sårt

BELASTENDE YRKE: Frisør og tillitsvalgt Kaja Aga Gaarder tar smertestillende for å klare arbeidsdagen. Etter en bilulykke har hun daglige smerter. Men hun tok smertestillende på jobb også før ulykken. Her fikser hun håret til Victoria Gjone.

Jan-Erik Østlie

Bruken av smertestillende øker: Kaja starter alltid arbeidsdagen med en Paracet

Unni tar gjerne på seg ekstra vakter. Hun elsker å gjøre en forskjell.

Unni tar gjerne på seg ekstra vakter. Hun elsker å gjøre en forskjell.

Eirik Dahl Viggen

Unni (65) var lei av livet som pensjonist. Da gjorde hun et uvanlig valg

Roy Ervin Solstad

Han er blant dem som har kommet med fete lønnskrav

OPPGJØR: Årets lønnsoppgjør står for døren og elektrikerne starter sine forhandlinger 22. april. Her er en Bravida-montør i sving med akkordarbeid på Drammen sykehus tidligere i år.

OPPGJØR: Årets lønnsoppgjør står for døren og elektrikerne starter sine forhandlinger 22. april. Her er en Bravida-montør i sving med akkordarbeid på Drammen sykehus tidligere i år.

Leif Martin Kirknes

Når får du ny lønn? Disse datoene må du merke deg

Håndverkere oppgir en høyere bruk av narkotika enn gjennomsnittet. Elektrobransjen frykter det kan føre til flere farlige situasjoner og ulykker på arbeidsplassene.

Håndverkere oppgir en høyere bruk av narkotika enn gjennomsnittet. Elektrobransjen frykter det kan føre til flere farlige situasjoner og ulykker på arbeidsplassene.

Leif Martin Kirknes

Økt kokainbruk blant unge elektrikere

Martine Lie satser på at et par måneder med permittering går greit.

Martine Lie satser på at et par måneder med permittering går greit.

Erlend Angelo

Potetmangel gir permitteringer i Bama

FLEST KVINNER: I rapporten kommer det fram at det ofte er unge kvinnelige ansatte, både med norsk og utenlandsk opprinnelse, som er skadelidende.

FLEST KVINNER: I rapporten kommer det fram at det ofte er unge kvinnelige ansatte, både med norsk og utenlandsk opprinnelse, som er skadelidende.

Colourbox.com

Renholdere trues med at de mister jobben om de er syke

HENTER I BARNEHAGEN: Fengselsbetjent Jørgen Myrvold samler overtid for å ha et hjem til barna. Han er helt avhengig av et godt lønnsoppgjør for å fortsette i fengsel.

HENTER I BARNEHAGEN: Fengselsbetjent Jørgen Myrvold samler overtid for å ha et hjem til barna. Han er helt avhengig av et godt lønnsoppgjør for å fortsette i fengsel.

Eirik Dahl Viggen

Jørgen (29) overlever på overtidstimer

Høyres Henrik Asheim er glad for å ha fått pensjonsforliket gjennom - og håper endringen er på plass allerede neste år.

Høyres Henrik Asheim er glad for å ha fått pensjonsforliket gjennom - og håper endringen er på plass allerede neste år.

Jonas Fagereng Jacobsen

Høyre vil ha superrask behandling av nye pensjonsregler

BLITT BEDRE: Etter at de fikk tariffavtale, syns tillitsvalgt Benjamin Jacobsen at samarbeidet med ledelsen har blitt bedre.

BLITT BEDRE: Etter at de fikk tariffavtale, syns tillitsvalgt Benjamin Jacobsen at samarbeidet med ledelsen har blitt bedre.

Herman Bjørnson Hagen

Sjefen mente de ansatte sluntra unna. Da begynte ballen å rulle

MÅLRETTA: Butikkansatt Ali Rahimi forteller arbeidsminister Tonje Brenna hvor hardt han har jobba for å lære seg norsk og få et normalt liv etter flukten fra Afghanistan.

MÅLRETTA: Butikkansatt Ali Rahimi forteller arbeidsminister Tonje Brenna hvor hardt han har jobba for å lære seg norsk og få et normalt liv etter flukten fra Afghanistan.

Brian Cliff Olguin

Ali kom fra Afghanistan som 17-åring. Han lærte seg norsk gjennom butikkjobben

Knut Viggen

Tidligere LO-leder blir korrupsjonsjeger

Etter en tøff runde med sensorer som skjelte henne ut under fagprøven, har Anny-Elise både skaffet seg fagbrev og fast jobb i forpleininga på sokkelen. Her fra hennes nyligste tur ut på Heidrun-plattformen.

Privat

Anny-Elise ble skjelt ut av sensor. Nå har hun fått drømmejobben

Brian Cliff Olguin

Et orakel og en slags urmoder. Slik beskrives Berit (67) av kollegene

LANGE STREKK: Etter to års dragkamp, er Bergen fengsel omsider i mål med en avtale om 12-timersvakter i helgene.

LANGE STREKK: Etter to års dragkamp, er Bergen fengsel omsider i mål med en avtale om 12-timersvakter i helgene.

Eirik Dahl Viggen

Ansatte i Bergen fengsel får 12-timersvakter i helgene

Håvard Sæbø

Høyesteretts ankeutvalg: Sak om innleie må behandles på nytt

Per Backer

Fikk stoppet søndagsåpen butikk i Vinje

Kathrine Geard

Yngve sier sjelden hva han jobber med: – Da må jeg forklare resten av kvelden

Næringsminister Jan Christian Vestre er svært fornøyd med den nye handelsavtalen som EFTA-landene har forhandlet fram med India.

Næringsminister Jan Christian Vestre er svært fornøyd med den nye handelsavtalen som EFTA-landene har forhandlet fram med India.

Erlend Angelo

Nå skal norsk laks erobre India: – En «game changer»

Flere saker