JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Feil på alle skattekort med tabelltrekk

Har du oppdaga denne feilen på skattekortet ditt? Skatteetaten har ei roande melding

Skatteetaten innrømmer at informasjonen på skattekorta kan misforståast.
Du kan ende opp med baksmell på skatten om arbeidsgivar følger informasjonen i skattetrekksmeldinga i staden for skattebetalingsforskrifta.

Du kan ende opp med baksmell på skatten om arbeidsgivar følger informasjonen i skattetrekksmeldinga i staden for skattebetalingsforskrifta.

Ole Palmstrøm

tormod.ytrehus@lomedia.no

Skatteetaten får no kritikk for informasjonen den har sendt ut til landets skattytarar. Etaten har nyleg sendt ut skatteetrekksmelding til landets skattytarar som skal levere tabellkort. Der står det at ein skal ta prosenttrekk av blant anna bonusar og overtid. Om arbeidsgivarar følger dette, kan det gi mange ein baksmell. No har Skatteetaten ei roande melding.

Skatteetaten avviser kritikken

Skatteetaten forsikrar at informasjonen som er sendt ut til skattytarane ikkje skal få nokon negativ betydning for kor mykje skatt som blir trekt.

Skatteetaten innrømmer at informasjonen på skattetrekksmeldinga til dei tilsette ikkje er heilt korrekt, fordi den ikkje er i tråd med skattebetalingsforskriften.

Men etaten hevdar landets arbeidsgivarar mottar heilt korrekt informasjon, slik at dei tilsette ikkje treng bekymre seg for at det skal bli trekt feil skatt.

– Det er ingen endring i praksis for arbeidsgiver og derfor ingen risiko for at dette vil føre til feil trekk, understrekar pressesjef Merete Bergeland Jebsen i Skatteetaten i ein e-post til frifagbevegelse.no.

Ho innrømmer likevel at informasjonen ut til skattytarane bør forbetrast:

– Vi ser at ordlyden i teksten i selve skattetrekksmeldingen til lønnsmottakere og pensjonister kan misforstås. Vi vurderer derfor å endre teksten i framtidige skattetrekksmeldinger, uttaler Jebsen i ein e-post.

Dette er snittlønna i over 300 yrker

Feil informasjon frå etaten

Rådgivningsselskapet Infotjenester hevdar mange vil få baksmell neste år fordi det er eit avvik mellom informasjonen frå etaten i skattetrekksmeldinga (tidlegare «skattekortet») og skattebetalingsforskrifta.

I skattetrekksmeldinga står det at arbeidsgivar skal trekke prosenttrekk av tilleggsytingar – som bonus, etterbetaling, overtidsbetaling osv.

I skattebetalingsforskrifta står det derimot at ein skal bruke tabelltrekk på tilleggsytingar, om den blir «utbetalt samtidig med annan løn eller godtgjering som skal trekkast i etter tabell», så lenge den «ikkje er opptent over eit vesentleg lengre tidsrom enn lønsbeløpet».

Det betyr at for eksempel overtid som er tent opp over ein månad og blir betalt ut saman med anna løn som blir trekt i etter tabell, også skal trekkast etter tabellen.

– Ansatte som jobber mye overtid risikerer dermed baksmell på skatten neste år dersom arbeidsgiver følger det som står på skattetrekkmeldingen og ikke følger skattebetalingsforskriften, seier økonomirådgivar Øivind Elvestad i selskapet Infotjenester.

Prosentsatsen tek ikkje omsyn til at feriepengane er trekkfrie, i tillegg til at det er halvt skattetrekk før jul. Har du tabelltrekk blir det trekt litt meir dei resterande 1,5 månadene.

Skatteetaten stadfestar at arbeidsgivarar skal følge forskrifta, ikkje skattetrekksmeldinga.

Få nyhetsbrevet vårt

Dette må du huske om du blir syk i ferien

Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside

Warning
Annonse
Annonse