JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønsoppgjeret

Bedrifta går så det susar, men det vises ikkje på løna til Kjell og Joachim

Industriarbeidarane på Luster Mekaniske er del av eit gasseventyr verdt milliardar. No vil dei ha reale tillegg i løna.
Industriarbeidarane Kjell Kvalen (til venstre) og Joachim Aspelund Linde vil ha betre løn. Det er viktig å få mest mogleg sentralt, for dei lokale forhandlingane gir ofte ikkje så mykje.

Industriarbeidarane Kjell Kvalen (til venstre) og Joachim Aspelund Linde vil ha betre løn. Det er viktig å få mest mogleg sentralt, for dei lokale forhandlingane gir ofte ikkje så mykje.

Erlend Tro Klette

eline@lomedia.no

etk@lomedia.no

Gaupne i Sogn: – Eg er gjerne med på ein god streik eg. Det er på tide med lønsauke no.

Sveiseveteran Kjell Kvalen gler seg til tariffoppgjeret. Han og dei andre på Luster Mekaniske Industri (LMI) er i kjernen av det som er kjend som frontfaget, den konkurranseutsette industrien som forhandlar løn og vilkår før alle andre – og legg lista.

Dei tilsette på LMI kan ting nesten ingen andre i verda kan. Dei lagar modular til gassfeltet Ormen Lange i Nordsjøen, modular som skal fungere 900 meter under havoverflata.

Målet er å kjøle ned gassen, og slik gjere det mogleg å få ut mykje meir gass enn med den gamle teknologien. Verdien av dette pionerarbeidet er svimlande.

Ramma, ikkje meir

Grunnlaget blir lagt ved sveising i hallane i Gaupne. Det er pinleg nøyaktig, her er det snakk om millimeterpresisjon på digre konstruksjonar. Fagfolka her veit kva dei gjer, og arbeidet deira er underlagt eit ekstremt kontroll- og testregime.

Desse produktive og kompetente arbeidarane er del av den statistikken som syner at norsk industri går godt. Oljealderen er ikkje over i Gaupne, ikkje på lenge. Når det så kjem til løn, er det ikkje like spennande.

– Vi får ramma. Ikkje meir, ikkje mindre.

Det fortel klubbleiar i Fellesforbundet Ola Asbjørn Otterhjell.

LMI er eigd av OneSubsea, leverandør av teknologi og produkt til utvinning av gass og olje på havbotnen. OneSubsea er igjen eigd av oljegiganten SLB, meir kjent under det tidlegare namnet Schlumberger.

– Firmaet har hatt mykje å gjere og gått bra dei siste åra. Likevel har det vore automatikk i at det vi får i tillegg på løna, er ramma.

Ola Asbjørn Otterhjell har vore klubbleiar i ei årrekkje. Han har excel-arket med uttak til streik klart.

Ola Asbjørn Otterhjell har vore klubbleiar i ei årrekkje. Han har excel-arket med uttak til streik klart.

Erlend Tro Klette

Dyrtid og rente

Ramma, det er det forhandlarane i Fellesforbundet og Norsk Industri reknar med blir snittet i lønsauke når alle sentrale tillegg og lokale oppgjer er lagt saman.

Tilsette som har fått ramma dei siste åra, har tapt mykje kjøpekraft. Altså, dei får mindre varer for løna ettersom prisane har stige meir enn løna.

– Ein kan ikkje gå ut døra på Spar med ei handlepose mat utan at det minst kjem på ein tusenlapp, sukkar Otterhjell.

Leverandørindustrien til olje og gass er van med svingingar. Då oljeprisen nådde botnen i 2015 var det full stopp. Men no, når det er gode tider, skulle dei tilsette gjerne sett at dei fekk meir av kaka.

– Klart mange er opptekne av at vi har hatt fleire magre år no. Samstundes er det interne lønsskilnader mellom oss og folk i OneSubsea. Me jobbar side om side, men dei tener betre. Dette har vore det viktigaste for oss i dei lokale forhandlingane dei siste åra, seier klubbleiaren.

Tala frå det Tekniske berekningsutvalet som er utgangspunktet for tariffoppgjeret viser to viktige tendensar.

Det eine er at eksportindustrien har svært gode tider, og at tilsette får ein vesentleg mindre del av verdiskapinga.

Eigarane tar no 28 prosent, mot tidlegare 19. Då blir det mykje mindre til løn. Arbeidarane har ikkje fått ein so liten del av verdiane sidan 1970-talet.

Det andre er at industriarbeidarar har hatt ei dårlegare utvikling enn andre grupper, og har tapt meir kjøpekraft. I fjor fekk dei 5 prosent i auka løn, medan snittet for alle var 5,3. Prisveksten var på 5,5 prosent.

Mye lest: Gro fikk valget mellom sluttpakke, fem timers pendling eller hjemmekontor for alltid

Fagarbeidarane på Luster Mekaniske er i verdsklasse på sveis til modular som skal nyttast i olje og gass. Her er det ikkje rom for å vere omtrentleg.

Fagarbeidarane på Luster Mekaniske er i verdsklasse på sveis til modular som skal nyttast i olje og gass. Her er det ikkje rom for å vere omtrentleg.

Erlend Tro Klette

Unisont krav

Ute på arbeidsstasjonane i hallane i Gaupne er det ingen tvil.

Det er pengar som er det viktigaste for medlemane når no forbundsleiar Jørn Eggum og resten av forhandlingsutvalet til Fellesforbundet skal prøve å skvise ut mest mogleg av motparten i Norsk Industri.

– Alle håper dei får ei reell lønsauke. Ein stad mellom 0,8 og 1 prosent, seier klubbleiar Otterhjell. Han har ikkje trua på at tariffoppgjeret kan ta igjen for alt som er gått tapt av kjøpekraft dei siste åra.

Kjell Arne Alme er klår i meldinga si til Eggum og kompani:

– No må vi få lønsauke. Alle merker det på lommeboka no, seier han.

Kollega Kjell Kvalen er samd.

– Me treng ei stigning, sjølv om det jo alltid er slik at me ønsker oss meir enn vi får.

Mye delt: Hamid ble lurt av sjefen. Nå skylder han staten 200.000 kroner

Desse produktive og kompetente arbeidarane er del av den statistikken som syner at norsk industri går godt.

Desse produktive og kompetente arbeidarane er del av den statistikken som syner at norsk industri går godt.

Erlend Tro Klette

Tar ein for laget

Kvalen har vore med lenge, men har ikkje streika sidan 1990-talet. Den store lockouten i 1986 gjekk han glipp av fordi han var i det militære.

– Renta tar oss no. Det er berre å sjå i auga at unge folk med fire millionar i gjeld for eit hus dei treng, dei har det ikkje nett feitt no.

Difor er Kvalen klar til å streike, sjølv om det er sjeldan at frontfaget endar i konflikt.

– Me som utgjer frontfaget er alltid midt mellom barken og veden. Vi er ein propp i utslagsvasken for dei som vil forbi og få meir enn ramma. Samtidig drar vi lasset for dei som ligg bak. Så me er aldri populære i nokon leir. Men det lever eg heilt fint med, ler Kleven.

Skulle det likevel bli streik helga etter påske, vert det ikkje sure miner i Gaupne, sjølv om det ikkje er nokon enorm entusiasme å spore for streik.

– Då tar vi ein for laget. Eg har excelarket med streikevaktene klart allereie, seier Otterhjell.

Fått med deg denne? Så lenge må du jobbe før du kan gå av med pensjon

Ute på arbeidsstasjonane i hallane i Gaupne er det ingen tvil. Det er pengar som er det viktigaste for medlemane.

Ute på arbeidsstasjonane i hallane i Gaupne er det ingen tvil. Det er pengar som er det viktigaste for medlemane.

Erlend Tro Klette

Tariffoppgjeret 2024

Oppgjeret i år skjer forbundsvist.

Dermed skal Fellesforbundet opne oppgjeret med forhandlingar med Norsk Industri om løn og vilkår i industrien.

Dette sokalla frontfagsoppgjeret legg lista for kva andre krev.

Innspurten i frontfaget blir helga etter påske. Kjem ikkje partane fram til semje, blir det streik.

Etter industrien kjem dei andre tariffavtalane i rask rekkjefølgd.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Tariffoppgjeret 2024

Oppgjeret i år skjer forbundsvist.

Dermed skal Fellesforbundet opne oppgjeret med forhandlingar med Norsk Industri om løn og vilkår i industrien.

Dette sokalla frontfagsoppgjeret legg lista for kva andre krev.

Innspurten i frontfaget blir helga etter påske. Kjem ikkje partane fram til semje, blir det streik.

Etter industrien kjem dei andre tariffavtalane i rask rekkjefølgd.