Kokk og Fellesforbundet-medlem Joakim Østlyng på Michelin-restauranten Credo i Trondheim.
Tormod Ytrehus
Berre 1 av 14 norske Michelin-restaurantar har tariffavtale
Dei lager og serverer mat til den store gullmedaljen. Men når det kjem til tariffavtaler, står det dårlegare til hos norske Michelin-restaurantar.
tormod@lomedia.no
Trondheim: På Credo er det full fres på kjøkkenet eit par timar før restauranten opnar. Vaktelegg skrellast med konsentrasjon og stødig hand. Lokale råvarer blir behandla med perfeksjon.
Ein av kokkane på kjøkkenet er Joakim Østlyng. Han har jobba her i fem og eit halvt år etter å ha gått læretida og tatt fagbrevet i same restaurant.
– Eg trivest veldig godt her, smiler han.
Østlyng er også ein av fire Fellesforbundet-medlemmar blant dei 35 tilsette.
Men tariffavtale med Fellesforbundet har restauranten ikkje.
Stjerne - ikkje avtale
Faktisk har berre éin av 14 norske restaurantar både tariffavtale og Michelin-stjerne. Det viser ei undersøking Magasinet har gjort. Ingen av dei andre har tariffavtale med Fellesforbundet, og ingen har svart at dei har tariffavtale på ei spørreundersøking vi har sendt ut.
Michelin-stjerner er det ypparste kvalitetsstempelet for restaurantar, mens ei tariffavtale er ei felles avtale mellom arbeidsgivarar og fagforeiningar om lønns- og arbeidsvilkår.
Den einaste restauranten med både tariffavtale og Michelin-stjerne er Speilsalen i Trondheim, ein del av Britannia Hotel.
Zoom inn på kartet for å sjå alle Michelin-restaurantane (❌ = ikkje tariffavtale, ✅ = tariffavtale, ★ = Michelin-stjerner) :
Kvifor ikkje tariff?
Magasinet har fått komme på besøk på Credo for å spørje om kvifor dei ikkje har tariffavtale.
– Vi har rett og slett ikkje hatt kapasitet, men det står på agendaen, svarer eigar og drivar Heidi Bjerkan.
I motsetnad til Reitan-eigde Britannia, har ikkje Credo ei personalavdeling og mykje kapital å tære på – «det er berre meg», forklarer ho.
Ho viser samtidig til at alle tilsette på Credo allereie får betalt over minstelønna i tariffavtala til Fellesforbundet, og at dei tilsette har gode vilkår uavhengig av tariffavtale.
– Men eg trur tariffavtale er positivt. Eg har ingen motførestellingar, seier Credo-sjefen.
– Det er positivt at tilsette fagorganiserer seg og at fleire er med på å påverke korleis bransjen blir organisert og utvikla, meiner ho.
«Under utdanning»
På spørsmål om kvifor ikkje fleire Credo-tilsette har fagorganisert seg og kravd tariffavtale, svarer Østlyng:
– Det handlar nok om tidsperspektivet.
Sjef Heidi Bjerkan og tilsett Joakim Østlyng viser stolte fram Michelin-stjernene som er beviset på at Credo i Trondheim er blant dei beste restaurantane i Norge.
Tormod Ytrehus
Mange av dei tilsette er unge (gjennomsnittsalderen er 22 år). Dei har flytta hit frå ulike delar av Norge og verda for å lære teknikkar og få Credo på CV-en («folk som jobbar her er interessert i faget», slår Østlyng fast). Så får dei seg andre jobbar etter ei stund.
Både han og Bjerkan trekker fram at ein jobb på Credo er ein del av utdanninga («meir ein utdanningsinstitusjon enn ein restaurant», meiner Bjerkan) og litt som å vere ein toppidrettsutøvar på eit landslag.
– Dette er ein jobb folk kanskje har ein periode i livet, seier Bjerkan.
– Vi gjer samfunnet ei stor teneste og utdannar jævla mange kokkar, seier ho og etterspør ei høgare utdanning for kokkar, sånn mange andre land har.
– Å ha Credo på CV-en opnar dører og er eit springbrett vidare, avsluttar Østlyng.
Kommentar: «Dette er en kamp fagbevegelsen ikke kan tillate seg å tape»
– Derfor er tariff viktig
Forbundssekretær Clas Delp i Fellesforbundet meiner det er desto viktigare med tariffavtale i mindre bedrifter med lite kapasitet.
– Tariffavtaler er ikkje berre eit verktøy som gir tilsette rettar, men også eit nyttig verktøy for arbeidsgivarar. Dei regulerer mykje meir enn lønn, blant anna spelereglar for samarbeid og påverknad på arbeidsplassen.
Delp påpeikar også at tariffavtale er meir enn minstelønna for tilsette sin del.
– Du har blant anna bestemmingar for ubekvem arbeidstid, ferie og velferdspermisjonar. Det er mange rettar som er ein fordel for både unge og eldre tilsette, uansett om du har tenkt å bli kortare eller lenger i arbeidsforholdet.
Tariffavtale er desto viktigare i små bedrifter med lite kapasitet, meiner Clas Delp i Fellesforbundet.
Jan-Erik Østlie
Vaksne fagfolk
Han kjenner seg samtidig igjen i at det er vanskelegare å organisere medlemmar om dei har eit kort tidsperspektiv på arbeidsforholdet sitt.
– På den andre sida kan ikkje bransjen belage bemanninga si på at unge arbeidstakarar skal springe innom ein kort periode. Bransjen har verkeleg slite med å få tak i folk etter pandemien. Da må ein investere i vaksne fagfolk for å behalde dei.
– Mange bedrifter treng også spreiing i alder for å skape eit godt arbeidsmiljø og læringsmiljø for unge som skal ha sin første jobb.
Delp er ueinig i at restaurantar skal fungere som reine utdanningsinstitusjonar. Men han er einig i at dagens etter- og vidareutdanningstilbod har for stort fokus på utdanning til leiarjobbar og ikkje fagleg utvikling innan faget.
Han har eit siste tips til dei 13 Michelin-restaurantane utan tariff:
– Det å kunne marknadsføre seg som ein Michelin-restaurant med tariffavtale, betyr ganske mykje for forbrukarar.
Aktuelt: Klarte ikke å bli enige om tariffavtale: Streiken i 360 Logistics fortsetter
Michelin-guiden
Ei bok gitt ut av det franske dekkselskapet Michelin. Den starta som ein guide for bilistar, og har utvikla seg til å bli det ypparste kvalitetsstempelet for restaurantar over heile verda.
Michelin-guiden
Ei bok gitt ut av det franske dekkselskapet Michelin. Den starta som ein guide for bilistar, og har utvikla seg til å bli det ypparste kvalitetsstempelet for restaurantar over heile verda.
Mest lest
Hugo Lorentsen, som har jobbet i Drytech i 17 år, anbefaler mest husets kylling i karri. Maten pakkes for hånd og alt er nøye sjekket.
Erlend Angelo
«Magisk» norsk mat har mettet soldater og turgåere i tre tiår
Gravemaskinfører Jørgen Reinskås vil sette lys på saken sin så andre slipper å oppleve det samme.
Tone Tveit
Jørgen (70) ble filleristet i gravemaskinen, men får småpenger i erstatning
Eivind Senneset
Veien fram til i dag har vært lang og full av skam for Martine. Nå føler hun at hun kan puste
IKKE SETT PÅ MAKEN: Distriktssekretær i EL og IT Nordland, Ulf Iversen, sier han ikke har sett maken på sine 40 år som tillitsvalgt og ansatt i distriktet. – Hadde ikke trodd det var mulig, sier han.
Knut Viggen
Hovedtillitsvalgt utestengt og oppsagt: – Hadde ikke trodd at dette var mulig
I fjor streika ansatte i mange private barnehager for å bli med i tidligpensjonsordninga Fellesordninga for avtalefestet pensjon.
Bjørn A. Grimstad
Flere skal få tidligpensjon – men ny AFP kommer heller ikke i år
– Årets lønnsforhandlinger blir vanskelige, tror LO-lederen.
Leif Martin Kirknes
LO forbereder storstreik: Dette kravet må innfris
Arbeidsmiljøloven sier at nattarbeid, som defineres som arbeid mellom klokka 21 og 06, ikke er tillatt med mindre «arbeidets art gjør det nødvendig». Men det gjelder ikke ansatte i varehandelen. (Illustrasjonsfoto)
André Kjernsli
Skal vurdere om butikkansatte kan jobbe etter klokka 21 om kvelden
Klubbleder Mohammed Malik ved Tine i Oslo mener det er oppsiktsvekkende at noen må streike for tariffravtale i 2023. Derfor er klubben klar for sympatistreik.
Erlend Angelo
Stanser varelevering til Oslo-restaurant: – Ønsker å vise vår støtte til de streikende
Håvard Sæbø
Her skrur de ansatte av lysene i lunsjpausen for å spare strøm
Selv om det er mørke tall for befolkningen i Nord-Norge, tror fylkesdirektør Kristin Røymo i Nav troms og Finnmark at det finnes løsninger for bedre framtidsutsikter.
Guro Gulstuen Nordhagen
Unge arbeidstakere forlater Nord-Norge: – Åpenbart at det krever endring
Brian Cliff Olguin
LO-lederen angriper Wolt: – Hører ikke hjemme i norsk arbeidsliv
Det kan bli streik ved et av fartøyene som er tilknyttet Ekofisk-feltet i Nordsjøen. Industri Energi mener det foregår sosial dumping og krever tariffavtale.
ConocoPhillips Company
Det kan bli streik i Nordsjøen: – Dette er sosial dumping
En kampklar Christopher Beckham er villig til å streike for at lønna skal øke mer enn prisene.
Leif Martin Kirknes
Beckham provosert etter lønnsfest-utspill. Nå varsles det streik
Raudt-politikarane Mímir Kristjánsson på Stortinget og Siavash Mobasheri i bystyret i Oslo.
Tormod Ytrehus
Raudt vil undersøke arbeidsforholda i Olivia – truar med å ta frå restaurantane skjenkebevillinga
Randi Knutli (t.h) anbefaler andre som står i omstillingsprosesser å undersøke jobbmulighetene utenfor Posten. Posten har støtteordninger for de som tar ny jobb andre steder eller vil omskolere seg. – Det er et knallgodt råd, og ordningene er gode, sier leder Judith Olafsen i Fagforbundet Post Nord-Norge.
Alf Ragnar Olsen
Da jobben sto i fare, startet Randi på et helt nytt eventyr
Å smelte glassfiber krever mye varme. Energiforbruket til 3B Fibreglass Norway på Birkeland tilsvarer det 8.000 husstander bruker i året. Strømprisene gjør det billigere å bruke propan enn ren elektrisk strøm.
Tormod Ytrehus
Femdobling av strømutgiften kan knekke sørlandsbedrift
De ansatte krever at klinikkleder Bjørn Bendz og avdelingsleder Arnt Fiane fratrer sine stillinger umiddelbart.
Lise Åserud / NTB
Ansatte ved Oslo-sykehus krever at ledelsen går av
Et passasjertog kolliderte med et møtende godstog i Hellas natt til 1. mars. 57 ble drept og flere titalls passasjerer ble skadet.
Vaggelis Kousioras / AP / NTB
Det greske raseriet: Jernbaneulykken var en ventet katastrofe
SKURRER: – Det høres ikke veldig miljøvennlig ut å sende reklamen til Oslo for klarlegging og deretter tilbake hit for omdeling, sier Irene Kvammen på postreklamesenteret i Stavanger.
Alf Ragnar Olsen
Irene sin jobb i Posten flyttes til Oslo: – Ikke særlig miljøvennlig
Berit Roald / NTB