JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Rasisme

Bussjåførane Emilia og Tor Bjarne overhøyrer rasisme frå både passasjerar og kollegaer

På Utøya skal Fellesforbundet-medlemmar lære seg å kjenne igjen rasisme og høgreekstremisme, og korleis ein tar til motmæle i kvardagen.
Bussjåfør-ekteparet Emilia og Tor Bjarne Markussen vil ta eit oppgjer med ekstemistiske haldningar både på bussen og i kantina.

Bussjåfør-ekteparet Emilia og Tor Bjarne Markussen vil ta eit oppgjer med ekstemistiske haldningar både på bussen og i kantina.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

UTØYA: To av deltakarane på det første kurset er bussjåførane og ekteparet Emilia og Tor Bjarne Markussen frå Bergen. For begge er det ei sterk oppleving å vere på Utøya.

Polske Emilia har bursdag 22. juli og flytta til Norge berre nokre dagar etter det høgreekstreme terrorangrepet i 2011.

– Utøya er ei sterk kjensle inni meg, fortel ho.

Både ho og Tor Bjarne meiner dei har sett meir høgreekstremisme i kommentarfelta på nett dei siste åra. Dei meiner «koko-høgre» blomstrar.

– Vi skulle framover, men eg føler vi går bakover, forklarer Emilia.

Ekteparet jobbar i ei avdeling der bussjåførane har over tjue ulike nasjonalitetar. Ofte overhøyrer dei rasisme både på bussen og i kantina, frå passasjerar og kollegaer.

– Eg håpar å få auka kunnskap sånn at eg kan ta diskusjonen, seier Tor Bjarne.

Kunnskap og engasjement

Kurset han deltar på, er ein del av handlingsplanen mot høgreekstremisme som Fellesforbundet lanserte i fjor.

Den er eit resultat av eit vedtak på landsmøtet i 2019. Der heiter det at fagrørsla må kjempe mot ekstremismen gjennom auka kunnskap og engasjement i befolkninga.

Gjennom praktiske oppgåver lærer Fellesforbundet-medlemmane korleis dei kan jobbe mot rasisme og høgreekstremisme i kvardagen.

Gjennom praktiske oppgåver lærer Fellesforbundet-medlemmane korleis dei kan jobbe mot rasisme og høgreekstremisme i kvardagen.

Tormod Ytrehus

Kampen mot høgreekstremisme er ein del av historia til fagrørsla, gjennom motstanden mot fascisme, nazisme og rasisme i Norge og verda.

Fagrørsla har framleis ei veldig viktig rolle å spele. Det meiner ansvarleg i forbundet, Vegard Grøslie Wennesland, som sjølv overlevde terrorangrepet på Utøya.

Les også: Fellesforbundet ruster seg til kamp mot høyreekstreme: – Kan ikke sitte stille og se på, sier Jørn Eggum

Høgreekstrem vald

– Fagrørsla er så stor og kraftfull at vi kan kjempe mot høgreekstremisme og rasisme. Da må vi vite kva rasisme og høgreekstremisme er, og korleis vi kjempar mot.

Konsekvensane av tankegodset har i nyare tid vore terrorangrepa mot Utøya og Regjeringskvartalet i 2011, drapet på Johanne Zhangjia Ihle-Hansen og angrepet mot Al-Noor moskeen i Bærum i 2019, og drapet på Benjamin Hermansen i Oslo i 2001.

– Det er ikkje berre blaff. Kva kan vi gjere i kvardagen for å kjempe mot dette? Det begynner hos oss sjølve.

Norsk Folkehjelp, Fellesforbundet og Utøya står bak kurset. Her ved organisasjonsarbeidar Anne Åsheim, fagleg-politisk rådgivar Vegard Grøslie Wennesland og prosjektleiar Julie Hole.

Norsk Folkehjelp, Fellesforbundet og Utøya står bak kurset. Her ved organisasjonsarbeidar Anne Åsheim, fagleg-politisk rådgivar Vegard Grøslie Wennesland og prosjektleiar Julie Hole.

Tormod Ytrehus

Utøya og Norsk Folkehjelp

Med seg på laget har Fellesforbundet fått Utøya og Norsk Folkehjelp, som allereie har mykje kunnskap om saka. Prosjektet har fått namnet «Demokrativerkstad for fagrørsla».

Målet er å førebygge og handtere antidemokratiske haldningar og handlingar på arbeidsplassen. Det fortel prosjektleiar Julie Hole på Utøya, og avslører at fleire LO-forbund planlegg å gjennomføre kurset.

Deltakarane skal få ei fagleg oppdatering på kva rasisme og høgreekstremisme er – og reiskap for å handle i kvardagen, vere ein motstemme og tørre å seie ifrå. Det fortel organisasjonsarbeidar Anne Åsheim i Folkehjelpa.

Les også: Richard ber LO legge mer kraft i kampen mot høyreekstremismen: – Det blir for tafatt

På høg tid

Neste kurs blir til våren i 2023. Wennesland oppfordrar Fellesforbundet-medlemmar til å melde seg på.

Alle Magasinet snakkar med meiner det er på høg tid at fagrørsla skolerer medlemmar om rasisme og høgreekstremisme.

– Eg er glad for at kurset finst, men det er mange år for seint. Det er trist at Utøya måtte til for at folk vakna, meiner deltakar Tor Bjarne Markussen.

Kurs om høgreekstremisme og rasisme

Skal auke kunnskapen om høgreekstremisme og rasisme

Og gi medlemmar verktøy og kunnskap til å identifisere og kjempe mot

Er opent for alle medlemmar i Fellesforbundet

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Kurs om høgreekstremisme og rasisme

Skal auke kunnskapen om høgreekstremisme og rasisme

Og gi medlemmar verktøy og kunnskap til å identifisere og kjempe mot

Er opent for alle medlemmar i Fellesforbundet