Dei som hadde minst tapte mest på koronakrisa, ifølge EU-rapport
Lågtlønte på mellombelse kontraktar var gruppa der flest mista jobben under koronapandemien.
Den største delen var blant unge og lågtlønte, og spesielt blant lågtlønte kvinner i sørvisnæringa. Dette var også gruppene med størst del permitterte. (Illustrasjonsfoto)
colourbox.com
tormod@lomedia.no
Korleis har koronakrisa ramma arbeidslivet i EU? Det er spørsmålet i ein rapport frå forskingssenteret til EU-kommisjonen, og EU-byrået Eurofound. Dei har gått gjennom data frå den europeiske arbeidskraftundersøkinga.
Unge, lågtlønte, kvinner
Arbeidarar på mellombelse kontraktar utgjorde tre fjerdedelar av dei som mista jobben i 2020, er eit av funna.
Flest mista jobben blant unge og lågtlønte, og delen var spesielt høg blant lågtlønte kvinner i sørvisnæringa.
– Arbeidarar som var mest sårbare i arbeidsmarknaden før pandemien har opplevd ei forverring i dei sosioøkonomiske forholda sine, konkluderer EU-forskarane.
Betre på heimekontor
Bransjane der flest mista jobben er dei som måtte stenge ned som følge av tiltak frå myndigheitene, som hotell og restaurant.
Berre bransjane med heimekontor fekk fleire jobbar enn dei tapte i 2020. Desse yrkesgruppene har også oftare betre lønns- og arbeidsforhold, og tilsette med høgare utdanning.
Podkast: Rebekka (33) må ta ulønnet permisjon for å kunne amme datteren
Statleg støtte
Auken i arbeidsløysa har vore liten i EU som heilskap, og er spådd å bli 7,6 prosent i 2021. Det er mindre enn éin prosent høgare enn i 2019, før pandemien.
Det skuldast i stor grad at EU-landa har lagt til rette for ordningar som redusert arbeidstid og permitteringar. Ordningane utgjorde to tredelar av den tapte arbeidstida på toppunktet av krisa.
– Statlege inngrep og økonomisk støtte viste seg uunnverleg for å beskytte økonomien og arbeidsmarknaden, slår forskarane fast.
Mye lest: Folk flest får dårligere råd: Prisene øker mer enn lønna
Velferd er viktig
Mange EU-land har hatt mellombelse jobb- og inntektssikringsordningar for hardt ramma grupper som mellombels tilsette. Dei vanlege velferdsordningane avheng ofte av tidlegare tilsetting og inntekt.
– Prekære tilsettingar bør vere ei sterk bekymring også i gjenopprettingsfasen, meiner EU-forskarane.
– Breiare og inkluderande velferdsordningar kan fungere som ein buffer i tida der jobbane blir gjenoppretta, meiner dei.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.