JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Korona-krisa:

Fellesforbundet ber Stortinget sørge for dagpengar ut året. Sånn svarer politikarane

Regjeringa utvidar dagpenge-perioden ut juni for dei som har nådd maksperioden. Ikkje bra nok, meiner Fellesforbundet.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

Fredag uttalte regjeringa at dei utvidar maksimal dagpenge-periode til ut juni. Dette gjeld for dei som fekk dagpengar frå Nav før 1. mars, og dermed kan vere i ferd med å nå den maksimale perioden.

Dei nye reglane gjeld både permitterte og arbeidslause. For dei permitterte kan regelendringa bety at dei unngår å miste jobben fordi bedrifta ikkje har arbeid å gi når dagpenge-perioden går ut.

p

I denne situasjonen står verftsarbeidaren Carl Petter Launer som Magasinet for fagorganiserte skreiv om førre veke. Han når maksperioden på 26 veker i slutten av april, og var redd for å miste jobb og avtalefesta pensjon (AFP).

Dagpengar ut året

Fellesforbundet har kravd å forlenge perioden til 52 veker for permitterte. Forbundsleiar Jørn Eggum meiner regjeringa har lytta, men at dei ikkje går langt nok.

– Stortinget må sørge for dagpengar ut 2020 sånn at vi får oversikt over kor alvorleg situasjonen er, seier Eggum til Magasinet.

Med dei nye reglane, vil dei som vart permittert før midten av desember, miste retten til dagpengar i juli. Dei som vart permittert i midten av mars, mistar dagpengane i midten av oktober.

p

Vurderer saka

Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Senterpartiet kan saman danne stortingsfleirtal. Ingen av partia sine arbeidslivs-politikarar på Stortinget, avviser at dagpenge-perioden for permitterte skal utvidast ytterlegare.

Arbeidarpartiets Rigmor Aasrud seier partiet er glade for at regjeringa utvidar maksimal dagpenge-periode ut juni, men ikkje har landa i spørsmålet om den bør utvidast ytterlegare.

– Vi er ikkje ferdig med vurderinga. Partane i arbeidslivet må vere involvert i nøyaktig kva periode som skal gjelde, seier Aasrud til Magasinet og viser til at partiet gjennom helga skal ta stilling til ei rekke spørsmål.

Opnar døra

Framstegspartiets Gisle Saudland seier til Magasinet at partiet er open for å utvide perioden, dersom korona-krisa trekker ut i tid.

– Det er heilt naturleg, på same måte som då vi såg behovet og utvida dagpenge-perioden under oljeprisfallet for nokre år sidan, svarer han i ein SMS.

Senterpartiets Per Olaf Lundteigen gir eit tydeleg svar: Han seier Senterpartiet ønsker å utvide perioden til 52 veker.

p

Vil utvide

– Det viktigaste vi må gjere er å omstille næringar og arbeidsfolk til eit produktivt arbeidsliv. Det vil ta lang tid. Då må vi ha ei permitterings-ordning i mellomtida, seier Lundteigen til Magasinet.

Raudt og SV har tidlegare sagt at dei ønsker å utvide dagpenge-perioden til 52 veker for permitterte. Raudt foreslo dette på Stortinget 19. mars, men forslaget fekk berre partiets eine stemme.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse